For første gong skal kremen av norske kjendisar møtast i ein julespesial av «Bakemesterskapet».

Men kan dei bake? Eller får dei seg ein juleknekk?

Tunga rett i munnen no, Jenny Jenssen og Einar Nilsson...

Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRK

– Altså, herre min hatt. Eg trudde dette var fjase-TV, men så måtte vi prøvebake heime først, og eg tenkte: «Hæ? Så seriøst?».

Det seier Tiril Sjåstad Christiansen, som legg til at ho elskar å konkurrere.

– Så drit i julekosen, eg skal vinne!

Vinnarskallar kan feile

Som tidlegare toppidrettsutøvar har ho lært at det berre er ein ting som gjeld: Å vinne.

Tiril Sjåstad Christiansen i djup konsentrasjon over bakedisken.

Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRK

Den rå innstillinga kan hjelpe henne til siger, men det er ikkje nok i seg sjølv, seier idrettspsykolog:

– Motivasjon for å vinne kan ikkje kompensere for gode ferdigheiter! Sterkt ønske om å vinne kan komme i vegen for godt nok fokus på prosessen. Dei aller beste idrettsutøvarane klarar å sjonglere dette på ein klok måte.

Professor Anne Marte Pensgaard.

Foto: NIH

Det forklarar Anne Marte Pensgaard, professor i idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskule.

Ho var også med på å skrive boka «Norske vinnerskaller».

Tøffe konkurrentar

Vegen til kaketoppen kan altså bli både sirupsseig og svidd for den tidlegare freestyle-vinnaren.

For konkurrentane er klare til kamp:

  • Andreas Wahl – fysikar og programleiar

    Foto: Lars Kristian Steen / NRK
  • Jenny Jenssen – artist og juleentusiast

    Foto: Lars Kristian Steen / NRK
  • Håvard Lilleheie – komikar og skodespelar

    Foto: Lars Kristian Steen / NRK
  • Einar Nilsson – målar og oppussingsekspert

    Foto: Lars Kristian Steen / NRK
  • Magnus Devold – komikar og programleiar

    Foto: Lars Kristian Steen / NRK
  • Hanna-Martine Slåttland Baller – influensar

    Foto: Lars Kristian Steen / NRK

– Dei eg frykta, var samtlege damer. Pluss Andreas Wahl, eg tenkte han sikkert kunne eksperimentere og gjere fancy ting.

Samtidig innrømmer ho kven ho ikkje frykta: Håvard Lilleheie og Magnus Devold.

Dommarane, derimot...

Dommarane Marthe Kilen og André Løvaas tar oppgåva seriøst...

Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRK

– Det var heilt forferdeleg å bli bedømt av Marthe og André! Eg trudde dette skulle bli lågterskel og god stemning. Men det var veldig stas å få skryt, blei litt kry då, seier Sjåstad Christiansen.

Perfekt kombinasjon

Artisten Jenny Jenssen hadde ein annan motivasjon til å gjere det godt:

– Eg elskar å bake, og eg elskar jula – betre kombinasjon finst ikkje! Derfor vil eg berre vere med lengst mogleg, seier juleentusiasten.

Hennar beste minne er bygginga av peparkakehus, og samhaldet blant deltakarane.

Jenny Jenssen smaksfôrar Einar Nilsson.

Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRK

– Sjølv om vi konkurrerte, så hjelpte vi kvarandre.

Dei intense dagane i baketeltet har gitt fire episodar fullstappa med hysteri, lykke, frustrasjon og julefryd.

Premieredatoen blir 28. november.

Då ligg alle episodane ute på NRK TV – kos deg!

Kjendisbakarane saman med programleiar Julie Strømsvåg og dommarane André Løvaas og Marthe Kilen.

Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRK

Publisert 03.11.2026, kl. 11.00

Source: NRK · Monika Blikås

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira