– Eg har aldri gråte på TV før.
Nicolay Ramm må tenkje seg litt om når han ser tilbake på dei mange episodane han har vore gjennom av «Helt Ramme sporter».
Programmet, der Ramm tar med seg ein gjest og testar ukjende sportar, har rulla på skjermen i fleire sesongar. Men aldri før har programleiaren vist så mykje kjensler som i år.
– Det er jo ikkje berre eit TV-program lenger, seier han.
FJERDE SESONG: Ramm har spelt inn fire sesongar av suksessprogrammet.
Foto: Lars BryneHar blitt meir redd
Fredag 30. oktober har programmet premiere.
I den nye sesongen får ein sjå Ramm med ein gjest teste ut Skijoring, VM i fridykking, utforsykling, Slap kabaddi og verdas hardaste maraton.
I fleire av episodane græt han – noko han ikkje har gjort før.
Ramm meiner årsaka kan vere at han har blitt meir redd for konsekvensane.
– Eg har jo blitt litt reddare. Det står meir på spel på privaten, innrømmer han.
Vidar Kristiansen er psykolog, på sosiale medium kallar han seg @psykolog.pappa og har 49.000 følgjarar.
Han fortel at ein i gjennomsnitt blir meir redd når ein blir eldre.
– Viljen til å ta risiko er høgast i ungdom og tidleg vaksen alder og søkk jamt etter det. Tenåringshjernen reagerer sterkt på spenning og påskjønning, mens evna til å bremse og vurdere utviklar seg til midten av 20-åra, seier han og held fram:
– Seinare i livet har me også fleire erfaringar med at ting kan gå gale, og meir å miste.
FRYKTAR KONSEKVENSANE: Det blei kjensleladd då Ramm skulle teste ut utforsykling i Chile.
Foto: NRKOg akkurat det kjenner Ramm på:
– Og det er jo krevjande når du har små barn. Eg er jo ikkje aleine i verda, seier han.
Psykologen fortel at prioriteringane blir endra når ein får barn.
– Ein har nokon som er avhengig av ein, og foreldre blir ofte ein del meir forsiktige rundt perioden ein får barn, seier Kristiansen.
PSYKOLOG: Vidar Kristiansen har tidlegare blitt kåra til årets influensar i kategorien årets førebilete på Vixen Awards.
Foto: Javad Parsa / NTBTrong spesifikk trening
Nokre av sportane i årets sesong er så krevjande at det har kravt spesifikk trening lenge i forkant.
– Tidlegare sesongar så har det vore sånn «me reiser ut, og så ser me kor gode me blir», men desse sportane her er så vanskelege at ein må gjere spesifikk trening for å få det til, seier han.
Og skulle ein gjere feil eller vere uheldig, kan det få enorme konsekvensar, forklarar programleiaren.
– Same korleis det går med meg, det vil jo påverke livet mitt dersom det går gale. Og eg trengst. Eg er viktig i livet til familien min. I verste fall, så blir eg ufør resten av livet av å gjere denne sporten. Og den risikoen der heng over meg heile tida, fortel han.
SPESIFIKK TRENING: Ramm og Marcus Kabelo Møll Mosele, best kjend som Kamelen, måtte gjennomføre spesifikk trening før dei fekk sette utfor i dei tronge gatene i Chile.
Foto: NRKDet får han iallfall kjenne på i episode tre, der han og Kamelen prøver verdas farlegaste sykkelløp.
Ramm fortel at det var mange tankar som gjekk gjennom hovudet då han testa sporten.
– Det var ei blanding av at «om eg trynar no, så øydelegg eg neste innspeling». Og i tillegg «kanskje kan eg ikkje få vere med gutane mine på fotballtrening neste helg», seier han.
– Ikkje ein kald kynikar lenger
Psykologen fortel at han erfarer at mange foreldre opplever seg meir følelsesmessig opne av å få barn.
– Omsorgsrolla krev at me legg merke til, toler og set ord på barnas følelsar, det kan gjere oss meir var for våre eigne også, legg han til.
«HAR SAKNA DET»: Ramm har ikkje gråte på TV før.
Foto: NRKRamm fortel at han har sakna litt det å vise kjensler på TV.
– Eg har jo fått høyre at eg manglar slike empatiske sider, at eg kanskje ikkje er så varm som person. Så no får eg kanskje vist det da, at det bur eit hjarte i meg også. Eg er ikkje ein kald kynikar lenger, seier Ramm.
Psykologen opplever også at folk synest det er mindre flaut å gråte når dei blir eldre.
– Med alderen blir me ofte tryggare i oss sjølve og mindre opptatt av kva andre tenkjer. For menn speler også normene inn: idealet om at «gutar ikkje gret» har svekka seg, og fleire menn tillèt seg i dag å vise kjensler. Uansett alder, tenkjer eg at gråt trass alt er ein normal reaksjon på å bli råka, seier Kristiansen.
Publisert 28.10.2026, kl. 11.34 Oppdatert 28.10.2026, kl. 13.21
Source: NRK · Åsne Margrete Kleiv
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira