– Når du har fem dronar utanfor stovevindauget eller over verandaen kvar einaste dag, er det blitt eit så stort problem at det går ut over innbyggarane vår. Det er ekkelt å ikkje vite kva filmane blir brukte til, seier ordførar i Moskenes, Hanna Sverdrup.
Droneflyging i Lofoten har lenge vore ei utfordring. Seinast i sommar prøvde Moskenes kommune å få på plass nye verktøy for å redusere den sjenerande aktiviteten.
Torsdag møtte Sverdrup leiaren for politiets anti-droneavdeling og Pilotforbundet til panelsamtale. Målet var å finne løysingar på problemet.
Ordføraren har sjølv opplevd dei plagsame dronane.
Ifølgje Sverdrup er hovudutfordringa at mange tilreisande ikkje kjenner det norske regelverket, og at verken forbodssoner eller andre restriksjonar blir handheva.
Men med berre éin politipatrulje til å dekkje heile Lofoten på ettermiddagar, kveldar og i helger, har politiet sjeldan høve til å rykkje ut på droneobservasjonar.
Hanna Sverdrup
Ordfører i Moskenes
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
Ønskjer forbudssonar
No fryktar Sverdrup også for tryggleiken til både turistar og redningsmannskap.
Ho ønskjer difor forbodssoner ved populære turmål som Reinebringen.
– Trappa opp dit er så bratt, og det går så mykje folk der. Kjem det ein drone, ser folk automatisk opp etter han. Då blir ein uoppmerksam, kan snuble og skape farlege situasjonar. I tillegg må vi vere heilt sikre på at dronar ikkje forstyrrar redningshelikopteret når det er ute på oppdrag, seier ho.
Sverdrup understrekar at ho i utgangspunktet er positiv til dronar. Ho peikar blant anna på kor viktige dei er for profesjonelle aktørar som redningstenesta og geologar som overvakar rasområde.
For å få bukt med den uansvarlege flyinga føreslår ho teknologiske løysingar etter modell frå elsparkesyklane i Oslo. Der må brukarane stadfeste at dei forstår reglane og berre får operere i godkjende soner.
I tillegg håpar ho å få inn eigne «vegar i lufta» i kommunen sin nye arealplan.
– Eit tredelt ansvar blir fort ingen sitt ansvar
Hos Pilotforbundet er tolmodet i ferd med å ta slutt.
I august oppstod det ein svært farleg situasjon ved Svolvær lufthamn då ein utanlandsk turist sende opp ein drone like ved flyplassgjerdet, berre minutt før eit passasjerfly frå Widerøe skulle ta av.
Eit vitne filma hendinga og spora seinare opp turisten. Men politiet hadde ikkje kapasitet til å følgje opp saka, og mannen slapp unna utan bot eller inndraging av dronen.
Jens Salt
Leder for flysikkerhet i Pilotforbundet
Foto: NRK
– Kva er eigentleg verdien av eit regelverk er, dersom brot på reglane ikkje får nokon konsekvensar? Slik det er i dag, er sjansen minimal for å bli teken, seier leiar i flysikkerheitsavdelinga i Pilotforbundet, Jens Salt.
Han åtvarar om at ein kollisjon mellom ein drone og eit bemanna luftfartøy kan få fatale følgjer for menneska om bord.
Passasjerar som nettopp har landa på Svolvær lufthavn.
Foto: Petter Strøm / NRKSjølv om det er forbode å flyge drone nærare enn fem kilometer frå ein flyplass, blir regelen broten i stor stil.
Særleg på fotogene «Instagram-plassar» som Lofoten, Vesterålen og Trolltunga.
Fleire andre stader i Noreg har det vore uheldige episodar med dronar. Kristiansand, Tromsø, på Trolltunga i Ullensvåg og ved mange av landets stavkyrkjer.
Salt peikar på at ansvaret i dag er delt mellom Avinor, Luftfartstilsynet og politiet.
– Litt flåsete sagt har eit tredelt ansvar ein tendens til å bli at ingen har ansvar. Alle partar sit og ser på sine to naboar og tenkjer at dei skal gjere jobben. Altfor ofte ser vi at ingenting blir gjort, seier han.
Politiet: – Kan ikkje forby alt vi ikkje liker
Leiar for politiets anti-droneavdeling, Jahn Otto Johansen, har full forståing for at lokalbefolkninga opplever droneflyinga som nærgåande og ubehageleg. Sjølv om han minner om at mykje av flyinga også er lovleg.
Samtidig åtvarar han mot å tru at nye forbod åleine vil løyse utfordringane. Han viser til at det allereie er flyforbod ved flyplassane utan at det hindrar folk i å flyge der.
Jan Otto Johansen
Leiar for politiets anti-droneavdeling
Foto: Heiko Junge / NTB
– Vi kan ikkje nødvendigvis forby alt vi ikkje liker, eller alt vi opplever at vi ikkje har god nok kontroll på.
I første omgang meiner han ein bør skaffe eit betre faktagrunnlag og kartleggje omfanget: Tid, stad og kva type droneflying det dreier seg om
– Slik at vi kan setje inn treffsikre tiltak som tar vare på både lokalbefolkninga og dronepilotane, seier Johansen.
Når det gjeld manglande utrykkingar, forklarer han at politiet heile tida må prioritere ressursane sine. Dei må skilje mellom alvorlege tryggleikstruslar mot liv og helse på den eine sida, og ordinære brot på droneregelverket på den andre.
Politiet og andre instansar brukar drone i arbeidet sitt.
Foto: Eirik Haukenes / NRKHan peiker på at politiet ikkje har plikt til å gripe inn kvar gong nokon bryt reglane.
– Er ikkje dette ein form for ansvarsfråskriving?
– Vi har ei klar ansvarsfordeling mellom objektseigarar som Avinor, Luftfartstilsynet og politiet. I staden for å sitje og peike finger, ligg nøkkelen i at vi finn dei gode løysingane saman. Problemet treffer så vidt og så mange at dette ikkje er noko éin enkelt aktør kan løyse åleine – heller ikkje politiet, seier Johansen.
Publisert 12.11.2026, kl. 16.51 Oppdatert 12.11.2026, kl. 16.55
Source: NRK · Sofie Retterstøl Olaisen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira