Ståle Solbakken har lenge vore ein ivrig forkjempar for naturgras framfor kunstgras på norske fotballbanar.
I NRK-podkasten «Bakrommet» går han igjen ut mot den massive bruken av kunstgras i norsk fotball – også i toppfotballen.
– Dei beste fotballkampane eg ser på norsk jord går på gras, seier Solbakken.
Landslagssjefen ramsar opp kjente stadionar med naturgras: Åråsen, Brann Stadion og Lerkendal.
– Kampane mot dei andre topplaga der har den høgaste kvaliteten. Det er det som liknar internasjonal fotball mest, og som gir meg klårast bilde når eg skal vurdera spelarane. Det er det ingen tvil om, seier Solbakken, og legg til:
– Og at gras og kunstgras er litt to forskjellige idrettar, er det heller ingen tvil om.
Les kva ulike toppklubbar meiner om kunstgras-debatten lenger nede i artikkelen.
Ståle Solbakken meiner det beste fotballen i Noreg blir spelt på Brann Stadion og dei andre arenaene med naturgras.
Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK– Står framleis på barrikadane for gras
Solbakken meiner det finst kunstgrasbanar på toppnivå i Noreg som ikkje skulle vore lovlege. Han meiner også at «ballen går veldig merkeleg» på enkelte banar i norsk toppfotball.
– Er det det me vil ha? Er det nivået, altså at banen blir liksom, «nei pytt, me spelar på kva som helst liksom», spør landslagssjefen retorisk.
Solbakken seier han forstår dei økonomiske innvendingane klubbleiarane har. Kunstgras gir nemleg langt fleire brukstimar enn naturgras.
– Då kan eg seia at eg hadde ansvar for all økonomi i FC København og eit budsjett som stort sett var fem gonger større enn alle norske klubbar. Det norske klubbar treng er treningsanlegg med eit par grasbanar og grasbane på stadion.
Landslagssjefen går også hardt ut mot den massive bruken av stadionane der det blir spelt kampar. Der gjerne alt frå lilleputt til A, B, C og D-lag har treningar.
– Det er jo det som gjer at kunstgrasbanane ikkje berre er kunstgras, men at dei blir dårlege også. Så eg står framleis på barrikadane for gras, seier Solbakken med eit smil.
NRK-ekspert støttar Solbakken
Fotballekspert i NRK, Carl-Erik Torp, er einig med landslagssjefen.
– Han har veldig gode argument som eg støttar. Samstundes er det ein nyansert debatt det er vanskeleg å finna ein fasit på. Men dei klubbane i Noreg som har eit klima som gjer det mogleg å spela på naturgras, bør jobba hardt for å få det til.
– Kvifor?
– Fotball på grasbane er nærare det resten av verda spelar. Eg har sett eit utal kampar, og spelt på begge underlaga sjølv, og merkar og ser at det er stor forskjell. Det er ein annan type fotball som blir spelt på kunstgras.
NRK-ekspert Carl-Erik Torp er på «Team Solbakken» i kunstgras-debatten.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRKTorp meiner også at lag som Viking framleis vil ha ein stor heimefordel i Meisterligaen, trass i overgang til naturgras.
– Argumentet eg meiner er lettast å kjøpa frå klubbane, er det økonomiske aspektet. Altså brukstimane på eit anlegg som går ned med naturgras.
Torp utelukkar heller ikkje at det i framtida blir krav frå UEFA om naturgras for spel på det øvste nivået i Europa.
Tripic lei kunstgras-debatten
Tidlegare har Ståle Solbakken sagt at kunstgras hindrar utviklinga av viktige spelartypar i norsk fotball.
Overfor VG har han kome med ønske om forbod mot kunstgras i Eliteserien, likt som i Skottland og Nederland.
I 2026 spelar 13 av 16 eliteserielag på kunstgras. Berre Lillestrøm, Brann og Rosenborg har naturgras.
Landslagssjef Ståle Solbakken og Julian Ryerson.
Foto: BILDBYRÅNSerieleiar Viking la om heimearenaen i Jåttåvågen frå naturgras til kunstgras etter nedrykket i 2017.
Viking-leiinga har tidlegare omtalt grepet som avgjerande for at dei klarte å få klubben på beina igjen økonomisk.
Den siste oppgraderinga av kunstgraset blei gjort så seint som i mai 2026.
Viking-trenar Morten Jensen er trygg på at klubben hadde klart å få til ein flott grasbane i Stavanger, men at det til slutt handlar om kost-nytte.
– Eg hadde ikkje hatt noko imot å ha gras på stadion, men då måtte me hatt to gode treningsbanar på utsida. Det hadde gått ut over ein del breiddeklubbar som ikkje ville fått eit godt nok treningstilbod fordi det er mindre brukstimar på gras enn kunstgras.
Viking-kaptein Zlatko Tripic trur ikkje det blir eit tema å skifta til naturgras på stadion i Stavanger så lenge han er i klubben.
Foto: Carina Johansen / NTBViking-kaptein Zlatko Tripic er lei heile kunstgrasdebatten.
– Me må berre akseptera at det er kunstgras mange plassar. Det kunne sikkert vore naturgras i Stavanger, men eg har lyst til å ha god bane frå første til siste serierunde. Det får du ikkje på gras i Noreg.
Les kva ulike toppklubbar svarer i kunstgras-debatten (sveip) under.
Magnus Stokka / NRK
Viking om naturgras:
– Eg ei einig med Solbakken i at fotball i det store og heile skal spelast på gras. For vår del handlar dette utelukkande om brukstimane me har på anlegget vårt, seier dagleg leiar i Viking, Eirik Bjørnø.
– Me har rundt 3.500 brukstimar på dei to banane me har. Klarer me å erstatta dei to banane ein annan plass, og gjerne auka med 1000 timar, då kan me begynna å ta den ekte debatten om gras.
Andreas Nilsen Trygstad
Bodø/Glimt om naturgras:
– Det ville vore umogleg. Me ligg nord for polarsirkelen, med periodar der sola er heilt fråverande. Kostnadene ved å drifta ein ordinær grasbane ville vore altfor høge, og me har heller ikkje tilstrekkelege areal, seier dagleg leiar Frode Thomassen.
– Norsk fotball er derfor avhengig av kunstgras – både klubbar som Bodø/Glimt og ikkje minst breiddeklubbane, seier han.
Terje Pedersen / NTB scanpix
Vålerenga om naturgras
– Intility Arena er bygd for langt meir enn kampane til Vålerenga sitt herrelag, seier dagleg leiar i Vålerenga kultur- og idrettspark AS, Stig-Ove Sandnes. Dei eig og forvaltar arenaen i Oslo.
– Med det omfattande aktivitetsnivået på Intility Arena, og dei klimatiske forholda i Oslo, vurderer vi at kunstgras er det einaste realistiske alternativet for oss, seier han.
– Du må aldri gi opp
Men Ståle Solbakken trur ikkje toget er gått for å la graset gro på norske fotballbanar.
– Du må aldri gi opp. Glimt har kanskje nokre klimatiske problem. Men dersom du får seks-sju av dei beste laga, dei med ambisjonar om Europa, til å spela på gras, så har du kome eit godt stykke.
Høyr heile episoden i «Bakrommet» under:
Publisert 19.11.2026, kl. 10.52
Source: NRK · Magnus Stokka, Mats Øyvind Jacobsen Arntzen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira