– Eg har jo lyst på ein klubbjobb til, det har eg.

Det seier Noregs landslagssjef Ståle Solbakken i NRK-podkasten «Bakrommet», som har tatt turen til Hamar for å møte 58-åringen.

Solbakken har kontrakt med Norges Fotballforbund til og med EM i 2028, men legg ikkje skjul på at han framleis har ambisjonar som klubbtrenar.

Og han veit godt kor han ønsker å fortsette karrieren.

– Der er eg kresen no. Altså, eg blir ikkje trenar i Skandinavia, det er eg liksom ferdig med.

Solbakken har lang erfaring frå skandinavisk klubbfotball. Han leidde danske FC København i fleire periodar, til saman rundt tolv og eit halvt år, og vann ei rekke serie- og cuptitlar med hovudstadsklubben.

Før suksessen i Danmark starta han trenarkarrieren i HamKam, som han leidde til opprykk til Eliteserien i 2003.

No meiner 58-åringen at han har gjort sitt i skandinavisk klubbfotball.

– Eg har prøvd den største klubben i tolv og eit halvt år, og eg har prøvd ein liten klubb her i Noreg, så det er eg ferdig med.

KRAVSTOR: Ståle Solbakken legg ikkje skjul på at han er kresen når det gjeld ein eventuell retur til klubbfotballen. Skandinavia er uaktuelt.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Kvifor gjer VM-tapet mot England framleis vondt? Kva meiner Solbakken om kunstgrasdebatten, målvaktsituasjonen på landslaget og mykje meir? Høyr heile samtalen med landslagssjefen i «Bakrommet» i NRK Radio-appen.

Avslører interesse frå topp fem-ligaene

Solbakken fortel at han har fått førespurnader frå klubbar i fleire land etter sommar-VM.

Blant dei er klubbar frå Europas fem største ligaer – England, Spania, Italia, Tyskland og Frankrike.

– Ja, det har vore topp fem-liga og, seier Solbakken.

Men han understrekar at ingen av førespurnadene har vore interessante nok til å gå vidare med.

– Eg skal vere heilt ærleg og seie at det var ikkje noko pang.

Solbakken bekreftar også at han har fått tilbod frå Saudi-Arabia, men at han har takka nei.

– Der kunne eg vore om eg hadde villa.

Når han blir spurd om kor tilbodet han fekk i sommar kom frå, ønsker han ikkje å røpe kva klubb det dreier seg om.

– Nei, det skal eg ikkje seie, fordi det kom vel ein inn ganske kjapt etterpå.

Landslagssjefen fortel at han har vore prinsippfast i møte med interessa, og at han ikkje har ønskt å innleie samtalar med aktuelle klubbar.

– Eg har ikkje gått i møte eingong. I det du begynner med det som landslagssjef, så må du enten nesten gjere det, eller så må du vere tru.

INTERESSE: Ståle Solbakken fortel om førespurnader frå utanlandske klubbar etter VM.

Foto: Geir Jone Karlsen / NRK

Samtidig understrekar Solbakken at det er stor forskjell på å få ein førespurnad og å få eit konkret jobbtilbod. Han forklarer at klubbar ofte sonderer trenarmarknaden, også når dei allereie har ein trenar på plass.

– Det er ganske langt frå det å få ein telefon og avvise det, til å sitte der. Det kan du og få av klubbar som har trenar. Det er sånn denne bransjen fungerer.

Spøkte om jobb for seriemeisteren

Solbakken har lenge vore ein ivrig forkjempar for naturgras framfor kunstgras på norske fotballbanar.

Det fekk NRK-ekspert Andrine Stolsmo Hegerberg til å komme med eit humoristisk forslag til den neste jobben til landslagssjefen.

– Så ein kunstgrasklubb da, for å overtyde om gras?

Solbakken er rask med svaret:

– Det kan godt hende at eg tar Viking og legg om, og så stikk eg igjen, seier landslagstrenaren med eit smil om munnen.

LATTERMILD: Solbakken spøkte med at han kunne tatt over Viking, bytt ut kunstgraset med naturgras og deretter forlate klubben.

Foto: Geir Jone Karlsen / NRK

NRK-ekspert Kristoffer Løkberg utfordrar også Solbakken på kva slags klubb han kunne tenke seg å overta, og kor stor innflytelse han ønsker å ha på den sportslege drifta.

Løkberg trekker fram tida i FC København, der Solbakken hadde ei sentral rolle i dei sportslege avgjerdene til klubben, og påpeikar at det har blitt mindre vanleg at trenarar får tilsvarande makt.

– Den tida er jo nesten forbi, det du hadde i FCK. Trur du det er positivt eller negativt dei fleste plassar?

– Eg trur det er negativt. Altså, eg trur jo at det er Viking si styrke no, at dei har halde fast i det. Kjetil (Knutsen) i Bodø/Glimt, dei har halde fast i det, svarer Solbakken.

58-åringen er likevel overtydd om at han framleis har noko å bidra med.

– Så ein OK stor jobb, klubbjobb til, trur eg har i meg.

Landslagssjef sidan desember 2020

Solbakken har vore norsk landslagssjef sidan desember 2020, då han tok over etter Lars Lagerbäck.

I desember i fjor blei det klart at 58-åringen forlengde avtalen med Norges Fotballforbund til og med EM i 2028.

Allereie då gjorde Solbakken det klart at det var svært lite sannsynleg at han ville fortsette som landslagssjef etter 2028.

No er han tydelegare på kva som kan vente etter landslagskarrieren. Men skal han vende tilbake til klubbfotballen, må det vere ein jobb som verkeleg freistar.

Publisert 29.10.2026, kl. 14.14

Source: NRK · Christian Aras Shuany, Jonathan Simchai Hansen, Mats Øyvind Jacobsen Arntzen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira