I Storbritannia har nær 2000 offshore-arbeidarar gått ned i vekt for å behalda jobben.

Årsaka er vektgrensa på 124 kilo som kom 1. november i år.

No kan dei same reglane komma her heime.

Helsedirektoratet er nemleg i gang med forslag til nye helsekrav for offshore-arbeidarar.

Vektkravet skal gjera det enklare å jobba på tvers av landegrenser, samt sørga for tryggleiken til dei som jobbar offshore.

Nær 2000 har slanka seg

Fleire hundre arbeidarar byrja på slankemedisinar etter at dei nye vektkrava vart kunngjorde i Storbritannia i fjor, skriv BBC.

Det var rundt 2200 offshore-arbeidarar på britisk sokkel som vog meir enn 124 kg i starten av 2025.

No har talet falle til under 240, ifølge bransjeforeininga Offshore Energies UK (OEUK).

Vektkravet blei innført etter at den britiske kystvakta åtvara om at heisen til offshore-redningshelikoptera ikkje klarer å løfta tunge personar på ein trygg måte.

I Storbritannia er det vektavgrensingar med redningshelikoptera som ligg til grunn for vektkravet. Biletet visar arbeidarar på veg om bord i et helikopter på Edvard Grieg-plattforma.

Foto: NTB scanpix

I dag er det BMI som er førande for vurderingar om arbeidarane oppfyller krav til offshore-jobbing i Noreg. Men det kan altså bli endra snart.

– Me vurderer om det er formålstenleg å setja same vektkrav som i UK, skriv avdelingsdirektør Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet i ein e-post.

Men først må vektkravet vegast godt for og imot, meiner fagforbunda Styrke og Safe, som organiserer oljearbeidarar på norsk sokkel.

– Risikerer å mista jobben

– For oss er det avgjerande at ein gjennomfører ein grundig risiko- og konsekvensanalyse av kva dette vil bety for kvar enkelt tilsett før ei eventuell avgjerd blir fatta, seier forbundssekretær Henrik Fjeldsbø i Styrke.

Eit vektkrav kan få alvorlege konsekvensar, åtvarar forbundssekretæren.

– I verste fall risikerer enkelte å mista jobben, seier Fjeldsbø og legg til:

– Det er veldig lett å generalisera i denne diskusjonen, at dette fort handlar om ynsket om å rømme ut av helikopter og overvekt, men ein gløymer at dette like greitt kan råka ein person på 1,95 meter som er veltrent.

– Det er avgjerande at industrien – både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida – blir involvert i denne saka, seier forbundssekretær Henrik Fjeldsbø i Styrke.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Mats Thune, forbundssekretær i Safe, meiner det er både fordelar og ulemper med ei maksgrense for vekt.

– Det er vanskeleg å gjera noko med høgda, seier Thune og viser til at høge og kraftig bygde personar fort kan hamna over vektkravet utan at det handlar om dårleg livsstil.

Dersom vektkravet blir innført, meiner Thune at arbeidsgivar må ta ansvar for dei som blir ramma.

– Dei som eventuelt hamnar over grensa, må få god oppfølging og hjelp til varige endringar.

Thune peiker på at grunngivinga for vektkravet til britane heng saman med vektavgrensinga på heisane i redningshelikoptera (SAR).

– Det er synd om ein person blir ekskludert frå arbeidslivet på grunn av at han er for høg og muskuløs, seier forbundssekretær Mats Thune i Safe.

Foto: Safe

Blir denne grensa gjort absolutt for offshoretilsette, reiser det seg eit dilemma, meiner han.

– Skal redningstenesta då nekte å heisa opp personar over vektgrensa under sivile redningsoppdrag? Me kan ikkje akseptera at ein person blir nekta å jobbe offshore på grunn av vekta, samtidig som den same personen kan bli redda med det same utstyret i ein sivil redningsaksjon.

– Må ikkje vere strangare enn naudsynt

Det er Statsforvaltaren i Rogaland som forvaltar helse offshore for heile landet, og dei er med i arbeidet med dei nye helsekrava.

– Me har stor forståing for at slike krav kan få store konsekvensar for kvar enkelt. Derfor er det viktig at krava ikkje er strengare enn det som er naudsynt for å ivareta tryggleiken, skriv assisterande fylkeslege Katla Gudmundsdottir i Rogaland i ein e-post.

Fylkeslegen viser til at dagens reglar allereie inneheld tilbod om hjelp til å gå ned i vekt, og at det er mogleg å få kortare helseattestar slik at dei kan følgjas opp.

Ei utfordring med høg vekt er tryggleiken til dei tilsette i samband med redningsaksjonar, seier fylkeslegen i Rogaland.

– Dette handlar først og fremst om å sikra at alle som arbeider offshore, skal kunna reddast dersom noko alvorleg skjer.

Ho skriv at ei utfordring i dag er redning med helikopter.

– Dersom ein person må heisast opp frå ei plattform, må helikopteret kunna løfte både personen, redningsmannskap og nødvendig utstyr samtidig. Det er grenser for kor stor samla vekt redningsutstyret toler, skriv Gudmundsdottir vidare.

Uklart kor mange som rammes

Det er ikkje kjent kor mange arbeidarar som vil bli råka dersom det kjem eit vektkrav på norsk sokkel.

Verken Offshore Noreg, Statsforvaltaren, Styrke eller Safe har tal på kor mange offshore-arbeidarar i Noreg som veg over 124 kilo.

Arbeidet med dei nye helsekrava starta i fjor, og planen er å senda dei nye forslaga til høyring før jul.

Deretter blir det opna for innspel. Det er derfor uklart når dei nye helsekrava kjem.

Publisert 13.11.2026, kl. 14.59

Source: NRK · Amalie Vadla Paulsen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira