Det var ved 19.30-tida at naudetatane rykte ut til trafikkulukka like aust for Førde sentrum.

Ein lastebil og tre bilar er involverte.

Lastebilen var lasta med fisk og fiskeslo, og lasta har blitt spreidd utover.

KØ: Det er lange køar på E39 aust for Førde etter ulukka torsdag kveld.

Foto: oddleif løset / NRK

Det var i alt seks personar i køyretøya. To av dei er frakta til legevakt for nærare undersøkingar, opplyser brannvesenet. Ein av dei har fortalt om smerter i ryggen.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent.

Alle naudetatar er på staden, og det er tinga bergingsbil.

Mange ambulansar er på staden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Publisert 29.10.2026, kl. 19.53 Oppdatert 29.10.2026, kl. 19.57

Source: NRK · Vidar Eidhammer

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira