Det har aldri blitt sprunge fortare på maraton enn i 2026.

Under London maraton i april blei kenyanske Sebastian Sawe første person i historia til å springe under to timar i eit offisielt løp.

Da han sprang inn til 1.59.30, blei det gjort med ein sko som har blitt ein gjengangar på topplistene: Adidas Adizero Adios Pro Evo 3.

Yomif Kejelcha, som blei nummer to i London med tida 1.59.41 i sin aller første maraton, sprang også med den nye modellen.

Skoen kan også kjøpast av vanlege folk for 6000 kroner. Men løpeekspert Kristian Ulriksen vil åtvare mosjonistar.

– Skoen er fantastisk bra. Det er kult å sjå kor langt Adidas har komme. Men det er alt anna enn ein sko for vanlege folk, seier Ulriksen til NRK.

SKEPTISK: Løpeekspert Kristian Ulriksen har sjølv testa Adidas sin sko. Den kvite skoen som han held på bildet.

Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

Fekk sjølv testa skoen

Ulriksen er truleg han med den mest eksotiske løpesko-samlinga i Noreg.

Han er ikkje sponsa av noko merke, men får og testar tallause toppmodellar i løpet av eitt år.

Han prøvde sjølv skoen då han sprang inn til 32.35 under Hytteplanmila for eit par veker sidan.

– Dette er jo ein sko som er utruleg bra når du er full av krefter, og du ligg frampå og spring bra. Men så fort du fell litt saman teknisk, så har du veldig lite hjelp bak, seier han og fortset:

– Så det du kan seie, er at når du kappar vekta på skoen, så kappar du mange av dei eigenskapane som gjer at hobbyløparar som meg, klarer å halde meg oppe.

FLYT OVER: Det er ikkje mangel på gode løpesko i garasjen til Kristian Ulriksen. Førre veke måtte han kvitte seg med 70 par.

Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

Når du då skal springe heile 42,195 kilometer utan hjelp, så blir det enda verre, ifølge Ulriksen.

– Då blir det stilt heilt andre krav til skoen og til stabiliteten i skoen enn denne skoen vil gi. Nokon vil nok synast det er ein fantastisk sko, men hadde vi hatt 100 mann i kø og tatt dei inn på mølla her, så er det nok fleire enn 90 som ville sagt at den skoen ikkje var bra for dei.

Han trur også skoen toler mindre enn andre løpesko.

– Eg tippar at det første som ryk på skoen er overdel. Og om du spring ute, med berre litt småstein, så ryk nok solen under med ein gong, seier han.

Ønsker du fleire løpetips? Les her:

Henrik Hallberg er direktør for merkevarekommunikasjon og PR for Adidas i Norden. I ein e-post skriv han at skoen er spesielt utvikla for å hjelpe idrettsutøvarar med å bli så raske som mogleg.

– Adizero Adios Pro Evo 3 er vår mest avanserte og kompromisslause prestasjonssko for konkurransedagar, designa med tanke på løping på elitenivå. Vi vedgår at løparar har individuelle behov, mål og preferansar. Derfor tilbyr Adizero-familien eit utval produkt som gir ulike fordelar og kjem i ulike prisklassar, skriv han.

Mange sterke utøvarar i stallen

Sindre Buraas er tidlegare toppløpar, og er ekspert på langløp. Seinast i fjor sprang han maraton på 2.18.40 i Valencia.

Han lèt seg også begeistre av maraton-resultata det siste året.

Samtidig påpeikar han at skoleverandøren har veldig mange gode utøvarar i stallen.

– Forskjellane mellom skomerka har blitt mykje mindre dei siste ti åra, men at det er nyansar og forskjellar med akkurat desse er heilt klart, seier Buraas.

KAN SKO: Sindre Buraas har deltatt i fleire VM for Noreg. Nå er han blant anna løpetrenar for Therese Johaug.

Foto: NTB

Han har sjølv ikkje testa skoen, men har halde han. Han er likevel einig med Ulriksen om at dette ikkje er sko for dei fleste.

– Dei er rett og slett for ustabile. Du må ha anklar og muskulatur som klarer å støtte opp ein såpass ustabil sko. Dei fleste verkeleg gode maratonløparar veg også veldig lite. Så dei fleste vil nok tene på å ha ein meir stabil sko, forklarer han.

For ordens skuld: Sindre Buraas er sponsa av skomerket Hoka.

Derfor fungerer han for dei beste

For dei aller beste fungerer det. Heile 23 gonger har utøvarar sprunge under 2.04 på maraton i år. 15 av løparane brukte same skomerke som Sawe.

Den tidlegare rekorden på talet på løparar under 2.04 på eitt år, kom i 2024. Da var det elleve løparar. I 2024 var det ti stykke som kom under 2.04.

Ulriksen meiner at vekta på skoen truleg er det som hentar marginane for dei aller beste.

– Fleire av dei andre toppmodellane ligg på rundt 150 gram eller meir, mens denne modellen berre veg 95 gram. Om du sparer 50 gram per steg, og spring 180 steg i minuttet i to timar, så kan det fort utgjere eitt sekund på kilometeren, forklarer han.

LETT SOM EIN PLETT: Kristian Ulriksen bruker ei kjøkkenvekt for å vege sko. Spesialskoen veg 95 gram, ifølge vekta.

Foto: NRK

Han påpeikar også at dei beste løparane har eit så godt løpesteg at dei sjeldan hamnar bakpå, men klarer å presse vekta framover.

Derfor klarer dei å utnytte at skoen er mjuk og posisjonen på plata i skoen.

– Eg trur dei har klart å treffe veldig bra basert på data når dei har testa løparane i laben på maratonfart. Treffpunktet er veldig bra. Men så har dei jo mange nok gode utøvarar òg. Det er lett å lene seg på gode sko om du har dei beste løparane òg.

Vinnarane av dei seks store maratonløpa (som brukte same modell)

Maratonløp

Vinner (Klasse)

Vinnertid

London Maraton

Sebastian Sawe (Menn)

1.59.30

London Maraton

Tigst Assefa (Kvinner)

2.15.41

Berlin Maraton

Guye Adola (Menn)

2.02.50

Berlin Maraton

Tigst Assefa (Kvinner)

2.11.04

Sydney Maraton

Peres Jepchirchir (Kvinner) -Ble i oktober dopingutestengt

2.18.31

Chicago Maraton

Amos Kipruto (Menn)

2.01.09

Chicago Maraton

Hawi Feysa (Kvinner)

2.13.33

Kjem med klart råd

Ulriksen trur at «vanlege mosjonistar» kan få det gøy med skoen i nokre hundre meter.

Men etter det ...

– Du må ha ein sko som fraktar deg i posisjon framover for å gi deg den spretten. Det gjer ikkje denne skoen. Han vil treffe, og så vil du berre falle saman. Du treng ein nøytral sko, som gjer at du får framdrift same korleis du landar i steget.

Rådet er klart:

– Påstanden min er at det ikkje speler noka rolle kva merke du spring med. Alle merka har konkurransedyktige sko, og det er meir at du må finne ein sko som passar til den løparen du er sjølv.

– Trur du vanlege folk, som ikkje er i verdstoppen, blir raskare om dei kjøper dei skoa?

– Ikkje om dei skal springe maraton, det er eg heilt overtydd om. Du får ikkje utnytta eigenskapane som skoen har. Vanlege folk som kjøper denne skoen kjem til å springe saktare. Det er eg nesten 100 prosent sikker på.

Publisert 03.11.2026, kl. 17.09 Oppdatert 03.11.2026, kl. 17.34

Source: NRK · Brede Bleiklie Thomassen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira