– Å ja, det fungerer ikkje?
Djupt inne i berget, sentralt i Bodø, står ordførar Ida Gudding Johnsen (V) over eit dieselaggregat.
Det skal etter planen sørge for lys og ventilasjon til eit av byens offentlege tilfluktsrom, men fungerer altså ikkje.
Og akkurat det er beskrivande for situasjonen i Bodø.
Byen har eigen flyplass med kapasitet til å ta i mot militære fly, jernbane og hamn.
I tillegg husar Bodø Nato sitt luftoperasjonssenter (CAOC).
Både Røde Kors og Helsingforskomiteen meiner at det gjer Bodø til et mogleg bombemål ved ein eventuell krig.
Noko forsvarsminister Tore O. Sandvik ikkje nekta for då han opna luftoperasjonssenteret i fjor.
– Alle militære installasjonar i Noreg er potensielle bombemål. Men dette er nødvendig for å avskrekke ein fiende, sa Sandvik då.
Dette tilfluktsrommet kan romme opp mot 600 menneske.
Foto: Per-Magne Steen / NRKSamstundes har Bodø 129 tilfluktsrom med plass til totalt 21.707 personar. Innbyggartalet er 53.500.
Difor er Bodø ein av 69 kommunar i Noreg som Sivilforsvaret meiner er ekstra utsett om det skulle bli krig.
Og no vil regjeringa gi kommunane meir ansvar for å verne sivile i ein krigssituasjon.
Men Bodø-ordførar Ida Gudding Johnsen meiner dei ikkje har kompetansen eller pengane som trengst for å kunne bidra.
– Vi har eit ansvar, og det vil vi ta. Men vi er nøydde til å vite kor mange tilfluktsrom vi treng og kor mange dei skal dimensjonerast for. Det er mange spørsmål som enno er uavklarte, seier ho.
Ida Gudding Johnsen
Fungerende ordfører i Bodø
Foto: Per-Magne Steen / NRK
Etterslep på 20 mill.
Blant anna ber regjeringa kommunane om å sjølv finne bygg og anlegg som kan brukast som tilfluktsstad.
Kompetanse Ida Gudding Johnsen meiner Bodø kommune manglar.
– Vi tilset som regel ikkje folk med militærfagleg bakgrunn. Difor er vi nøydde til å få hjelp til å gjere desse vurderingane. Vi har massevis av kompetanse på byggdrift og planlegging, men vi må vite kva vi skal planlegge for.
Inne i tilfluktsrommet i Bodø er det tydeleg at standarden ikkje akkurat svarer til eit femstjerners hotell.
– No står vi i eit tilfluktsrom med plass til cirka 600 menneske. Det er mange år sidan dette var nytt, og vi har eit etterslep på vedlikehald av tilfluktsromma i Bodø på rundt 20 millionar kroner, seier Johnsen.
– Samstundes har vi nye behov som også skal dekkast. Vi meiner derfor at staten må komme på banen økonomisk, slik at vi klarer å ta det ansvaret vi har.
Ordføraren i Bodø får støtte frå kollegaer lenger sør i landet.
Krev meir ressursar og samarbeid
I Oslo krev byrådsleiar Eirik Lae Solberg (H) eit større bidrag frå regjeringa.
– Vi treng tydelege føringar frå staten. Det må følge ressursar med når vi skal bygge tilfluktsrom, styrke brann- og redningstenesta og når vi skal sørge for å førebu befolkninga viss vatn, straum eller telefonnettet blir borte.
Eirik Lae Solberg er byrådsleiar i Oslo. Her avbilda på brannkonstabeldagen tidlegare i år.
Foto: Terje Pedersen / NTBOgså i hovudstaden er standarden på tilfluktsrom eit problem.
– Vi må satse meir på tilfluktsrom og bygge opp kapasiteten. Vi må styrke brannvesenet og redningstenestene, og vi må sørge for at dei vanlege tenestene i kommunen fungerer i krig og krise.
– Vi må også samarbeide med statlege myndigheiter sånn at vi veit at vi gjer det som støttar opp under dei statlege prioriteringane. Akkurat no så veit vi ikkje kva dei er. Vi treng at staten koordinerer innsatsen og gir oss ressursane til å gjere jobben, legg han til.
– Må rigge redningstenestene for krise
Byrådsleiaren møter NRK på Oslo sentrum brannstasjon. Han trekker fram kor viktig det er med brann- og redningsetaten i ein krisesituasjon.
– At vi faktisk bygger opp ei brann- og redningsteneste som er tilpassa ein krisesituasjon, og i verste fall krig. Vi har eit godt brannvesen i Oslo som fungerer i fredstid. Vi er nøydde til å bygge opp auka kapasitet for ein situasjon vi dessverre kan komme til å oppleve.
Redningsmannskapa er i fronten i konfliktområda i Ukraina, viser brannmeister Tor Erik Sagvolden til. Det same kan skje i Noreg.
Tor Erik Sagvolden
Brannmester, Sentrum brannstasjon i Oslo
Foto: Kjartan Rørslett / NRK
– Det er ei stor belastning for oss som jobbar med dette. Vi som jobbar med redning er ikkje vande med ei sånn rolle i kvardagen, men vi ser at moglegheita for å løyse andre type oppdrag er der dersom det skulle skje endringar i Europa.
Ein krise eller krig vil krevje at redningstenestene riggar seg på ein annan måte, ifølge Sagvolden.
– Det krev mykje erfaring med tanke på trening og øving, ein beredskap vi må få plass og ein litt annan måte å trene og tenke på enn vi er vande med.
Dette tilfluktsrommet er bygga i 1970.
Foto: Per-Magne Steen / NRKUte på høyring
Justis- og beredskapsdepartementet seier at eigarane sjølv må halde tilfluktsromma ved like, men lovar å ta kommunane sine bekymringar på alvor.
– Vi må samarbeide godt mellom kommunane og staten for å sørge for at vi klarer å løyse dei beredskapsoppgåvene vi står overfor, seier statssekretær Kristine Kallset.
Ho viser til at saka har vore ute på høyring og at departementet vil lytte til svara som kjem der. Høyringsfristen var 30. oktober.
Kristine Kallset
Statssekretær, justis- og beredskapsdepartementet
Foto: Kjartan Rørslett / NRK
– Men høyringssvara tyder på at beskjedane staten har gitt ikkje er tydelege nok?
– Vi har fått mange gode og konkrete høyringssvar frå kommunane på kva dei meiner dei treng rettleiing om. Dette skal vi jobbe med no når vi ferdigstiller forskrifta, slik at vi får på plass gode rammer som gjer at kommunane kan løyse oppdraget på ein god måte.
På spørsmål om kva kompetanse kommunane har til å vurdere om parkeringskjellarar og andre bygg kan verne mot missil og eksplosjonar, svarer Kallset:
– I utgangspunktet har ikkje dei fleste kommunar den typen kompetanse sjølv. Difor har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Sivilforsvaret ei viktig rettleiingsrolle i det opplegget vi no riggar.
Framtidas tilfluktsrom kan til dømes vere ein parkeringsgarasje.
Foto: Per-Magne Steen / NRKPublisert 10.11.2026, kl. 12.58
Source: NRK · Thomas Fredrik Kristensen, Kjartan Rørslett, Per-Magne Steen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira