– Elbilpolitikken har vore et løfte til folk som politikarane har stått støtt bak i mange år.

– Vi har sagt at viss folk kjøper ein meir miljøvennleg bil, så skal det til gjengjeld vere billigare å køyre han.

Det seier stortingsrepresentant Margit Bye for MDG.

– Når ein snur på dette nærmast over natta, så øydelegg ein tilliten folk har til klimapolitikken, held ho fram.

– Ved å gjere dette, er eg veldig redd for at regjeringa også vil opne for at det kjem til å skje andre stader i landet, seier Bye.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

I sitt forslag til statsbudsjett foreslår regjeringa å gi lokalpolitikarane på Nord-Jæren fullmakt til å fjerne heile miljørabatten for elbilar i bomringen.

I dag betaler elbilar maksimalt 70 prosent av vanleg pris, men politikarane i Rogaland ønsker å sjå på moglegheita for å innføre ein takst for elbilar som er lik den for fossile bilar.

Det er opp til fylkestinget og kommunane om dei vil nytte fullmakta, men fleire fryktar at døra som blir opna i Rogaland vil skape presedens for resten av landet.

Delte meiningar på lade- og bensinstasjonen

På Forus i Stavanger møter NRK Per Bergquist medan han fyller diesel på bilen sin.

Han meiner elbilane må ta sin rettmessige del av rekninga for å finansiere vegnettet.

– Eg synest det er veldig urettferdig.

Per Bergquist fyller diesel på bilen sin.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

– Det blir veldig dyrt for oss som ikkje køyrer elbil. No er det jo nesten berre elbilar, og ein må få inn pengane på ein måte.

Ved ladestasjonen som ligg få meter unna, er tonen annleis.

Elbileigar Erik Andersen ristar på hovudet over ei mogleg auke i bompengar.

– Det er jo så mange avgifter i dag. Skal ein ha endå meir for elbil, så blir det jo hol i hovet å kjøpe elbil, seier Andersen.

– Å ta vekk elbilfordelen er jo spinngale. Eg håpar verkeleg det ikkje blir gjort, seier Andersen.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

– Var elbilfordelane ei av grunnane til at du kjøpte elbil?

– Ja, det var det. Det trur eg gjeld for dei fleste, seier Andersen.

Fryktar det skapar presedens

– Eg meiner det er feil av både lokalpolitikarane på Nord-Jæren, men også regjeringa, å tillate det, seier Bye i MDG.

Ho seier partiet vil ta opp saka i dei kommande budsjettforhandlingane.

– Formålet er jo å få ned biltrafikken. Er ikkje dette noko de òg ønsker?

– Jo, vi har lyst til å få ned biltrafikken i dei store byene, også på Nord-Jæren.

– Samtidig meiner vi også at det skal lønne seg å velje dei løysingane som er meir miljøvennlege. Det er framleis sånn at mange i Noreg er avhengig av bil for å få kvardagen til å gå opp, seier Bye.

Rundt 96 prosent av nye bilar som blei selde i Noreg i fjor var elbilar, viser tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk.

Foto: Borghild Aasen Kvæven / NRK

Ho fryktar at dette kan skape presedens i resten av landet.

– Ved å gjere dette, er eg veldig redd for at regjeringa også vil opne for at det kjem til å skje andre stader i landet, og det vil vere veldig dumt.

Ikkje avgjort endå

– Saka er ikkje avgjort ennå, og vi er svært takknemlege for at dette blir løfta inn i budsjettforhandlingane, seier generalsekretær Christina Bu i Elbilforeningen.

I likskap med Bye fryktar ho at opninga som er gitt på Nord-Jæren vil sette standarden for resten av landet.

– Opnar ein først opp éin stad, er det fort andre som vil følgje etter.

Christina Bu er generalsekretær i Elbilforeningen.

Foto: AFP

– Elbilistar skal vere med på spleiselaget, men det er eit veldig godt prinsipp at bompengane differensierast etter utsleppet på bilane, seier ho.

Rundt 96 prosent av nye bilar som blei selde i Noreg i fjor var elbilar, viser tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk. Elbilar utgjer likevel berre ein tredjedel av bilane på norske vegar.

– Det var dei 35 prosentane av befolkninga som var lettast å overtyde. No skal vi ha med oss resten, seier Bu.

Publisert 03.11.2026, kl. 09.55

Source: NRK · Berit Helle Jonsbråten

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira