– Om du har trena på ein ting i ti år så er det vanskeleg å berre snu på det i ein stressa situasjon, fastslår Ingrid Landmark Tandrevold.
Fram til no har det vore vanleg å sjå skiskyttarane flikke armen under bereselen til våpenet når dei nærmar seg skytematta på standplass.
Dette blir det no ein slutt på, for i regelverket til IBU for sesongen står det: «Utøvarar må ha riflestroppen plassert over begge skuldrene og begge armane heilt gjennom skytestroppen når dei kjem og forlèt skytebanen».
– Den kom jo plutseleg. Det føyer seg inn rekka av sikkerheitsreglane som IBU innfører. Det er jo vanskeleg å seie noko på sikkerheitsreglar, men eg synest jo på ein måte at det begynner å balle på seg, seier Johannes Dale-Skjevdal til NRK.
Tidlegare har kravet vore at ein ikkje kan ha meir enn underarmen under stroppen og ikkje fjerne våpenet frå skuldrene før ein er inne på skytematta.
Dermed har alle utøvarane måtta gjere om på ein såkalla drill som nærast sit i ryggmergen. Det tek også noko lenger tid før dei får skote det første skotet.
– Eg er redd for at nokon med litt adrenalin i vinter, kan gå i gamle vanar og gløyme seg litt bort og dumme seg ut. Det er litt skummelt, seier Martin Uldal – som er kjent for ekstremt raske skytetider.
MÅ HALDE IGJEN: Martin Uldal med ein rett drill under Loop One i München.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKFleire blei diska
Konsekvensen for regelbrotet er diskvalifikasjon. Under rulleskirenna i München i midten av oktober blei fleire utøvarar diska. Ein av dei var Leonora Rønhede, som går for Danmark.
– Eg tenkte ikkje på at regelen fanst ein gong, det var heilt ute av hovudet mitt. Det er betre å gjere det nå enn i verdscupen til vinteren. Det var litt hell i uhell, seier Rønhede til NRK.
Tandrevold fortel at ho støttar at IBU diskar når dei først har innført regelen, og at ho før start fekk beskjed om å passe på hendene sine før skyting.
– Eg har trena eit halvt år på det nå, kjenner eg. Eg held stavane i den handa som eg vanlegvis smett under bereselen, så da er det umogleg å gjere. Eg har laga ei felle for meg sjølv, seier ho.
RETT: Ingrid Landmark Tandrevold med heile våpenet trygt plassert på ryggen.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK– Vi var heldige
– Eg var litt skeptisk i starten, men det gjekk overraskande greitt. Det blir ei vanesak når vi tvingar oss gjennom det i eit par månader. Nå har det blitt ein del av drillen, seier Isak Frey.
For sjølv om gammal vane er vond å vende, har det norske laget nærast hatt ein fordel av regelendringa.
– Vi var jo heldige. Per Arne (Botnan) var i teknisk komité og han var med på å ta den avgjerda. Vi var eigentlege nokon av dei første som visste om det, kanskje til og med før ting blei offisielt. Med ein gong det dukka opp, tok vi grep, seier skytetrenaren til herrane Patrick Oberegger.
SJÅ FORSKJELLEN: Martin Uldal forklarer korleis dei nye reglane er.
Vil ha krystallklar regel
Det har også komme innstrammingar på våpenreglane når ein skal forlate standplass. Også der må våpenet vere heilt plassert på ryggen til utøvarane.
IBU forklarer at dei ønskte ein tydelegare regel enn det dei allereie hadde, som også er tryggare.
– Vi har sett at når du tar han til olbogen så kan det skje at bereselen fell av skuldra. Da kan våpenet hamne i ei retning du ikkje kan kontrollere. Om ein startar prosessen på matta har ein full kontroll, seier sportsdirektør Daniel Böhm, og legg til at det har vore fleire døme.
Daniel Böhm er sportsdirektør i Det internasjonale skiskyttarforbundet.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK– Vi veit at å endre ein vane kan ta litt tid og det er derfor vi sa frå så tidleg vi kunne på våren. Dette er ein regel for sikkerheita og da ønsker vi at ho er krystallklar, fastslår Böhm.
Publisert 30.10.2026, kl. 06.07
Source: NRK · Hanne Skjellum, Anders Boine Verstad, Henrik Myhr Nielsen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira