– Først og fremst er dette ei trist sak som vi hadde håpa å kunne løyse på ein annan måte. Når det ikkje var mogleg, så er vi sjølvsagt letta og nøgd over at det er teke ut tiltale, seier advokat Jan Magne Isaksen.
Han representerer dagleg leiar Øystein Danielsen i bergensselskapet NF Engros.
– Kjensla av rettferd er styrkt
Omsider ser det ut til å gå mot ein slutt for Danielsens årelange kamp.
For fire år sidan gjekk han til politiet med det han meinte var omfattande bevis på at to av hans tilsette hadde underslått over 2 millionar kroner frå verksemda hans.
Politiet la vekk saka, og forklara dette med manglande kapasitet.
Så kom Skatteetaten og bustyrarar med nye skuldingar om både skattesvik og brot på bokføringslova i samband med tidlegare oppløyste firma.
I mai 2023 bad Statsadvokaten politidistriktet opne etterforskinga att, og no må altså den eine av mennene møte i retten. Saka mot den andre mannen er lagt vekk.
– Vi er nøgde med at politiet no har gjeve saka ei grundig etterforsking. Kjensla av rettferd er styrkt, seier Isaksen.
– Selskapet har vore på hælen økonomisk som følgje av alt som har skjedd, og det har vore frustrerande at ting har drege ut i tid, seier Isaksen.
Foto: Agnieszka Iwanska / NRK– Ingen kommentar
Denne veka tok Vest politidistrikt ut tiltale for grov økonomisk kriminalitet mot mannen i 30-åra. Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå politiadvokaten på saka.
Ifølgje tiltalen skal mannen ha brukt nær 280.000 kroner av verksemda sine midlar til å betale for kunst, vin og møblement, samt restskatt, billån til familiemedlem og kostnader knytt til ei tvangsoppløysing.
– Det har vore ei stor belastning for selskapet og Øystein Danielsen, seier Isaksen.
Etter NRK-saka i 2024 skal den tiltalte mannen også ha logga seg inn på e-postkontoen til sin tidlegare sjef for å lese kommunikasjonen hans med andre.
– Eg kan stadfeste at han vart kjent med tiltalen torsdag, men har ingen kommentar utover det, seier mannen sin forsvarar Emilia Niemi.
I 2024 fortalde dagleg leiar NF Engros om frustrasjonen over at politiet la vekk etterforskinga av underslag av millionar frå verksemda.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKViktig med straff
Advokaten seier at dei fire siste åra har vore krevjande for den daglege leiaren i engrosverksemda. Firmaet skal ha vore på hælane økonomisk.
Då NRK omtala saka for to år sidan hadde Danielsen gått inn forlik med dei to medarbeidarane, der dei forplikta seg til å betale tilbake 2,1 millionar kroner.
– Selskapet har hatt ei sivil erstatningssak som er løyst gjennom eit rettsforlik der selskapet krev heile beløpet erstatta, seier Isaksen og understrekar at det viktigaste for NF Engros er å få eit strafferettsleg oppgjer.
– Det sentrale for selskapet er at dette får ein reaksjon og ein prosess i domstolane. Danielsen har gjort sitt beste for å få selskapet på beina att. No har kjensla av rettferd fått seg ein styrke.
Underslaget er på om lag 280.000 kroner, ifølgje tiltalen.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKFørte ikkje rekneskap
Vidare er mannen også tiltalt for å ikkje opplyse om over ein halv million kroner i inntekt frå eit firma han var dagleg leiar i.
Over ein periode på to år, der den same verksemda omsette for samla over 100 millionar kroner, skal han heller ikkje ha ført løpande og fullstendig rekneskap.
Det same skal gjelde eit anna firma han var dagleg leiar i. Firmaet omsette samla for over 40 millionar kroner i perioden.
Det er uvisst når saka kjem opp for retten.
Publisert 30.10.2026, kl. 15.47 Oppdatert 30.10.2026, kl. 15.58
Source: NRK · Oddleif Løset
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira