Likelønnsdagen markerer når kvinner statistisk sett har tent det menn gjer i løpet av eit år.
I år kjem likelønnsdagen éin dag tidlegare enn i fjor. Det tyder på at lønnsgapet mellom kvinner og menn har auka.
– Eg synest det er veldig dumt. Det bør ikkje vere slik. Damer gjer jo ein like god jobb som mannfolk, seier Maja Lockert Berntsen.
Ho jobbar deltid hos Careless i Bodø og meiner det er på høg tid at lønnsforskjellane mellom kvinner og menn forsvinn.
Kvinner tener i gjennomsnitt 87,9 prosent av det menn gjer. Basert på dette har Unio rekna ut at kvinner jobbar gratis resten av året frå og med 18. november.
– Jeg synes jo ikke det er bra. Jeg trodde ikke det var sånn fortsatt i Norge.
Ole Tobias Mosti
assisterende butikksjef Eplehuset i Bodø
Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) meiner utviklinga viser at likestillingskampen ikkje er over.
– Det viser tydeleg at vi ikkje har klart å kome i hamn med likestillinga ennå. Det er mykje som står att, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Ifølgje Jaffery kan delar av lønnsgapet forklarast med utdanning, yrkesval og lønnsnivå.
Men ikkje alt.
– Vi ser framleis at kvinner tener mindre enn menn i same type stillingar. Vi ser også at det å få barn er med på at lønnsgapet aukar, seier ho.
Likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) meiner tilbakeslaget på éin dag viser at arbeidet for likelønn langt frå er ferdig.
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRKArbeidslivet endrar seg drastisk
Ifølgje forskingssjef i Fafo, Kjersti Misje Østbakken, viser analysar at omtrent halvparten av lønnsgapet kan knytast til ein kjønnsdelt arbeidsmarknad.
– Kvinner og menn jobbar i ulike yrke, næringar og sektorar, og dei delane av arbeidsmarknaden der menn er overrepresenterte har gjennomgåande høgare lønnsnivå.
Likestillingsminister Lubna Jaffery peikar på at lønnsgapet aukar når ein får barn. Østbakken stadfestar at likestillinga i arbeidslivet endrar seg drastisk når ein stiftar familie.
– Då byrjar karriere- og lønnsutviklinga å trekke i ulike retningar.
Medan menns tilknyting til arbeidslivet held fram med å vere stabil, tek kvinner gjerne ein større del av permisjonen og tilpassar arbeidstida. Dette påverkar også kven som klatrar til topps.
– I forskinga vår har vi sett at forskjellen mellom mødrer og fedrar i sjansane for å vere leiar aukar etter første barn.
Forskingssjef i Fafo, Kjersti Misje Østbakken.
Foto: Alf Tore Bergsli / FafoMå rette politikken rett veg
Forskjellen i gjennomsnittslønn mellom alle kvinner og menn er 12,1 prosent i år, mot 11,8 prosent i fjor.
At likelønnsdagen kom éin dag tidlegare i år enn i fjor, forklarer forskaren med at samfunnsstrukturane endrar seg svært sakte.
– Kvinner har teke igjen og gått forbi menn når det gjeld utdanning og har høg yrkesdeltaking, men arbeidsmarknaden er framleis tydeleg kjønnsdelt.
For å tette gapet dei neste ti åra, meiner forskaren at politikken må rettast mot dei spesifikke mekanismane som held oppe forskjellane. Det handlar spesielt om omsorgsansvar og kven av foreldra som tek dei lange dagane som blir påskjønte på jobb.
– Små forskjellar i desse tilpassingane kan over tid bli til ganske store forskjellar i lønn og karrieremoglegheiter.
Slår tilbake mot KrF-kritikk
Samstundes som likelønna blir diskutert, rasar debatten om det høge sjukefråværet blant kvinner.
Frå KrF-hald har det vorte hevda at likestillingspolitikken til venstresida bommar og gjer mødrer utbrente og sjukmelde, medan arbeidstakarorganisasjonar har etterlyst ein ny livsfasepolitikk.
Det er kultur- og likestillingsminister usamd i.
– Det å seie at vi har mislykkast i likestillingspolitikken, og at vi kan sjå det gjennom sjukefråværsstatistikken, det meiner eg er feil slutning, seier Jaffery.
Ho viser til at også kvinner utan små barn er overrepresentert i sjukefråværsstatistikken.
– Det er ikkje eit éin-til-éin-forhold.
Lubna Jaffery fastslår at Noreg har bygd opp ei rekke ordningar som skal gjere det lettare å kombinere jobb og familieliv, som blant anna foreldrepermisjon, fedrekvote, billig barnehage og gratis SFO.
Foto: NRK– Krevje meir
Ministeren meiner det høge sjukefråværet heller må sjåast i samanheng med forventningspresset mange foreldre opplever.
– Vi som foreldre legg av og til lista veldig høgt. Vi kan ikkje vere perfekte menneske verken på jobb eller heime. Vi som kvinner treng ikkje ta det tredje skiftet åleine. Vi må la mennene ta større ansvar.
Eit stykke frå Stortinget i hovudstaden, på jobb bak disken i butikken Careless i Bodø, har Maja Lockert Berntsen gjort seg nokre tankar om kva for yrke lønnsgapet er størst i.
– Kanskje maskinførar, jobbar innan for bygg- og anlegg, kanskje litt yrkesfagretta utdanningar.
Til politikarar og andre lønnstakarar har ho ei klar oppmoding.
– Ein burde jo snakke høgt om det og seie klart imot. At damer tør å seie ifrå og krevje meir. Å ikkje berre godta det slik som det er.
Publisert 18.11.2026, kl. 14.41 Oppdatert 18.11.2026, kl. 15.11
Source: NRK · Sofie Retterstøl Olaisen, Dina Gjertine Svendal Kleiven, Katrine Olsen Sørgård
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira