I mars i år blei ein mann funnen alvorleg skadd på ein brakkerigg i Ulstein kommune på Sunnmøre.
I løpet av natta hadde han blitt utsett for grov vald og blitt valdtatt med ein gjenstand.
No er ein mann i 30-åra dømd til fengsel i ni år.
Ein annan mann i 40-åra er dømd til seks år.
Bistandsadvokat Kaja Sawczuk seier mannen som blei alvorleg skadd er fornøgd med dommen.
– Dette har vore ei stor påkjenning og han har hatt ein stor redsel for at desse to skal setjast fri, så det er veldig godt for han å få ei avklaring, seier ho.
Kaja Sawczuk er bistandsadvokaten til den fornærma.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKBegge mennene som var tiltalte er dømde for grov kroppsskade, grov valdtekt og for å ha forlate nokon i hjelpelaus tilstand.
Mannen i 30-åra vedgjekk straffskuld under rettssaka, medan mannen i 40-åra heile tida har nekta.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Valdshendinga
Like etter klokka 10 søndag 15. mars fekk politiet melding om ei valdshending på ein brakkerigg i Ulstein.
Inne på eitt av romma fann dei ein hardt skadd mann.
Han skal ha blitt utsett for vald som skal ha skjedd mellom klokka 02 og 03.
Politiet gjorde fleire avhøyr, og dei blei peikt til ein mann i 30-åra og ein mann i 40-åra som gjerningspersonane.
Dei involverte har utanlandsk bakgrunn.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Hardt skadd
Dei to mennene blei sett i varetekt, og den første tida hadde dei brev- og besøksforbod.
Påtalemakta meinte det var fare for at dei kunne forlate landet viss dei ikkje var fengsla.
Den fornærma mannen blei innlagt på sjukehus, og det tok fleire veker før politiet kunne avhøyre han.
Statsadvokat Inger Myklebust har tidlegare fortalt at skadane kunne vore livstruande viss han ikkje fekk behandling.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Tiltalt
I september tok Statsadvokatane i Vest ut tiltale mot begge dei to mennene.
Dei vart tiltalte for grov kroppsskade, grov valdtekt og for å ha sett ein person i hjelpelaus tilstand.
Påtalemakta meinte at dei hadde brukt ein gjenstand til å valdta fornærma.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Rettssaka
I oktober starta rettssaka mot dei to mennene.
Mannen i 30-åra erkjenner straffskuld, og tar på seg alt ansvaret for det som har skjedd.
Påtalemakta meiner at han har vore mest aktiv i valdsutøvinga og valdtekta.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Rettssaka
Mannen i 40-åra nektar straffskuld.
Det finst video- og bildebevis som knyter han til staden under valdsutøvinga, i tillegg til vitneforklaringar.
Samtidig meiner påtalemakta at han har deltatt mindre i valdsutøvinga.
Likevel er han tiltalt på lik linje som mannen i 30-åra, fordi påtalemakta meiner han burde gjort meir for å hindre valden.
Konfrontasjon
Ein kveld i mars hadde kollegaer vore samla på brakkeriggen ved Ulstein verft og drukke alkohol.
I retten hevda mannen i 30-åra at det oppstod ein konfrontasjon mellom han og fornærma, etter at vedkomande skal ha kalla han eit seksuelt nedsettande ord.
Mannen tolka det som at kollegaen visste at han hadde sona i heimlandet, då det skal ha vore eit uttrykk som blir brukt i fengselet.
Mannen sa han reagerte kraftig på grunn av grov vald og seksuallovbrot han skal ha blitt prega av å ha sett i fengselet.
Ifølge han yppa fornærma både verbalt og fysisk. Dette skal ha resultert i at mannen i 30-åra gav kollegaen eit slag.
Men ifølge han skal dei seinare ha ordna opp og reist på byen i lag.
Fleire av dei som budde på brakkeriggen var på byen i lag i Ulsteinvik sentrum.
Foto: Politiet i Møre og RomsdalSlåstkamp
Då dei to kom tilbake til brakkeriggen på natta oppstod det ein slåstkamp.
Mannen i 30-åra hevdar fornærma gjekk til angrep idet han skulle låse seg inn på rommet sitt, og at han i første omgang forsvarte seg.
I retten sa han at han trudde han blei angripen på grunn av konfrontasjonen tidlegare på kvelden.
I gangen på brakkeriggen skal fornærma ha blitt utsett for slag, spark og trakk. Han skal også ha blitt valdtatt med ein gjenstand.
Han var bevisstlaus under delar av hendinga.
I retten forklarte fornærma at han ikkje hugsar valdshendinga eller kva som skjedde i forkant. Han har også slite med hukommelsen i etterkant.
Samtidig kjende han ikkje til at det hadde vore konfliktar eller andre problem mellom han og dei to kollegaene. Dei tre har beskrive kvarandre som kjenningar.
Mennene i 30- og 40-åra og den fornærma hadde rom i nærleiken av kvarandre på brakkeriggen.
Foto: Politiet i Møre og Romsdal– Skammar meg
Mannen i 30-åra har tatt på seg ansvaret.
Han forklarte at han hadde vore svært full og at det er mykje han ikkje hugsar.
Samtidig nektar han for at valdtekta var gjort med hensikt.
Mannen har sagt at han putta ein gjenstand mellom beina på fornærma for å håne han, og at det var på grunn av det nedsettande ordet kollegaen skal ha brukt tidlegare på kvelden.
– Eg må leve med det eg har gjort resten av livet. Eg skammar meg og angrar bittert, sa han under rettssaka.
Nekta straffskuld
Mannen i 40-åra hevdar han ikkje var involvert, men at han kan ha vore vitne til deler av hendinga. Han har sagt han var full og ikkje hugsar.
Politiet meiner han burde gjort meir for å gripe inn.
Digitale bevis, på telefonen til mannen i 30-åra, og vitne knyter han til åstaden.
Sjur Engelsen Lange er advokaten til mannen i 40-åra.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKLåg skadd i timevis
Fleire personar var vitne til deler av valdshendinga som skjedde i 02-03-tida.
Likevel blei ikkje naudetatane kontakta før neste dag.
Skadane kunne ha vore livstrugande, om fornærma ikkje hadde fått medisinsk behandling.
Han vil også trenge vidare medisinsk oppfølging.
På eit tidspunkt skal dei to mennene ha flytta fornærma inn på rommet hans.
Mannen i 30-åra hevda at han ville ha kontakta naudetatane om han visste kor skadd kollegaen var.
Politiet meiner også at dei to mennene vaska vekk blod frå gangen.
Mannen i 30-åra forklarte at dette blei gjort fordi han var redd dei tre kom til å miste jobben dersom valdshendinga blei oppdaga.
Må betale erstatning
Mannen i 30-åra må også betale 400.000 kroner i oppreisingserstatning til fornærma, medan mannen i 40-åra må betale 200.000 kroner.
Dei to må også betale rundt 208.000 kroner i erstatning til fornærma for påførte og framtidige meirutgifter.
Publisert 05.11.2026, kl. 15.17
Source: NRK · Silje Steinnes Bjerknes, Fride Kvamsøe Rekdal, Synnøve Hole
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira