– Det er litt forskjell på 30 timar versus 3 minutt, seier Ragnar Holme.

I fjor deltok han i VM «rett utanfor si eiga inngangsdør» blant sambygdingar.

– Det var berre tre minutt i bil frå inngangsdøra mi og ned i konkurransehallen, fortel Holme om meisterskapen i fjor der han tok sjetteplass under VM på heimebane i Førde.

Kontrastane kunne knapt vore større før årets meisterskap.

Det er langt frå Førde til Ningbo. Enda lenger når ein må innom Oslo og Dubai.

I år har han reist nærare ein tredel av jorda for å måle krefter mot dei sterkaste mennene på kloden.

Forskjellane mellom Førde og millionbyen Ningbo i Kina er likevel fleire enn berre reisevegen.

Ragnar Holme med stonga over hovudet. Nå ønsker han å løfte tyngre enn nokon gong.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Stor og tjukk sunnfjording

Vektløftar Ragnar Holme har tatt vegen frå Førde til Ningbo i Kina, der han denne helga deltar i VM. Han har allereie rokke å kjenne på at kvardagen i Kina ikkje er den same som livet heime.

– Det er alvorleg mange forskjellar, konstaterer han.

Holme, som på éin dag kan ete fleire kaloriar enn ein heil familie, er ikkje altfor imponert av den kinesiske maten.

– Her nede liker dei å ete ris og nudlar, det er ikkje heilt i tråd med ein stor sunnfjording, for å seie det sånn. Vi liker å ha litt kjøtt å gnafse på, ler Holme.

Det har ført til turar til McDonald's for ekstra påfyll. Det trengst når ein allereie stor kropp har blitt enda større.

Når Ragnar Holme har gått lei ris og nudlar, er det godt dei har McDonald's, også i Kina. På bildet og med til Kina er tidlegare vektløftar Stian Grimseth.

Foto: Privat / Ragnar Holme

For det er kanskje ikkje så rart at kinesarane løftar blikket når Holme går forbi. Vestlandsbamsen har nemleg blitt enda større.

– Vi må halde det litt hemmeleg, men eg har blitt tyngre. Eg ligg på 150 kilo i kroppsvekt og har løfta nokre nye persar nå nyleg, avslører vektløftaren.

Holme er dobbelt så stor som fleire av dei lokale.

Foto: Privat / Ragnar Holme

Dei ekstra kiloa gir altså tyngre løft – og kanskje nokre fleire blikk frå nysgjerrige forbipasserande.

– Vi har merka vesentlege forskjellar. Eg er 150 kilo, ein normal kinesar er sikkert rundt 60 kilo, så du kan jo tenke deg forskjellen, seier Holme.

Det har ført til merksemd når vestlendingen går gatelangs i Kina.

– Vi blir sett rart på her nede. Eg blir tatt bilde av når eg går i offentlegheita.

Men Holme håpar vektauken skal gi fleire resultat enn selfie-førespurnader på gata.

Holme har mål om rekord.

Foto: Privat / Ragnar Holme

Under VM i vektløfting siktar han mot både personlege, norske og nordiske rekordar.

– Målet blir å sprenge grensa samanlagt, fortel han.

Den gylne grensa han prøver å passere er på 400 kilo, ei grense berre Stian Grimseth har klart av nordmenn tidlegare.

  • Holme konkurrerer klokka 07.00 norsk tid søndag.

Publisert 07.11.2026, kl. 12.48

Source: NRK · Magnus Hopland Ødegård

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira