Meteorsvermen som dei næraste nettene vil dukke opp på ein skyfri nattehimmel, er fleire tusen år gamalt støv frå den berømte Halleys komet som brenn opp i møte med jordatmosfæren.

Dei som ikkje fekk med seg svermen natt til onsdag, får ein ny sjanse natt til torsdag. Det er desse nettene som blir rekna som «årets maksimum».

– Dei som er ute på ein mørk stad, og har lite skyer, kan dei neste nettene oppleve ein flott meteorsverm, fortel astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

238.000 kilometer i timen

Svermen blir kalla Orionidene, fordi stjerneskota ser ut til å strøyme ut frå stjernebiletet Orion.

Sjølve kometen er derimot i dei ytre delane av solsystemet, men denne veka går jorda gjennom støvbandet som kometen har etterlate seg.

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard rår folk til å sjå til skyfri nattehimmel dei neste dagane.

Foto: NRK

Når støvkorna treff atmosfæren i svimlande 238.000 kilometer i timen – noko som tilsvarar flydistansen frå Kirkenes til Stavanger på 25 sekund – brenn dei raskt opp og skapar lysande strekar.

Månen går ned utpå natta, noko som gjer tilhøva ideelle akkurat når svermen er på sitt beste.

– Etter midnatt, og særleg noko seinare på natta, kan vi frå heilt mørke stadar sjå 10–20 stjerneskot i timen frå denne svermen. Enkelte år aukar aktiviteten endå meir, så dette er absolutt ein sverm det er verdt å følgje med på, oppmodar Ødegaard.

Sjansen er størst i nord

Det er likevel eit spenningsmoment: skydekket.

Vakthavande meteorolog Ingrid Bentsen fortel at vêret vil variere kraftig i ulike delar av landet. Men ein landsdel peikar seg ut med størst sjanse til å sjå svermen.

– Første nettene kan ein kanskje få sett det i Trøndelag, men det blir finast og mest klarvêr i Nord-Noreg så dei har nok best sjanse, seier Bentsen.

For Sør-Noreg sin del blir det skya over det meste av landsdelen natt til torsdag. Derimot blir det lettare natt til fredag og i helga.

Publisert 21.10.2026, kl. 06.59 Oppdatert 21.10.2026, kl. 07.18

Source: NRK · Oddleif Løset

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira