Den internasjonale geologiske unionen (IUGS) har tildelt tre norske geologiske stader utmerking for stor betydning for jordhistoria.

  • Sognefjorden, Nærøyfjorden og Geirangerfjorden
  • Eklogitt og gneis
  • Sølvgruvene på Kongsberg
  • Fauskemarmoren

Utmerkingane vart delte ut under ein internasjonal geologikonferanse i Portugal.

Bidraga blir no del av ein eksklusiv bokpublikasjon over dei 100 viktigaste geologiske stadane i verda.

– Slike utmerkingar gir oss fleire historier å fortelje om kvifor landskapa ser ut som dei gjer, og kan gjere naturopplevingane endå rikare for dei som vitjar landet, seier Aase Marthe J. Horrigmo, direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg.

KONGSBERG: Eit enkelt sølvstykke funne i sølvgruvene i 1867, vog heile 375kg. Prøvar frå gruvene finn ein i muse og samlingar på universitet over heile verda.

Foto: Azad Razaei / NRK

Vestlandsfjordane

På lista hamnar berre lokalitetar vurderte som avgjerande for at forskarar i dag skal forstå globale prosessar som kontinentalkollisjonar og isbre-erosjon.

Av dei nye bidraga i år markerer spesielt Vestlandet seg sterkt på verdslista.

Sognefjorden er med sine 205 kilometer Noregs lengste, og verdas nest lengste, fjord. Den er også Noregs djupaste med sine 1.303 meter. Det er også tredje djupast i verda.

Saman med Nærøyfjorden og Geirangerfjorden blir Sognefjorden trekt fram som klassiske døme på korleis isbrear har forma fjellandskapet.

Professor Arne Nesje ved Universitetet i Bergen skreiv det meste av forslaget som sikra fjordane utmerkinga.

– Elvar grov ut dalar der fjell og berg var svakare. Seinare kom isbrear ned i dei gamle dalane og grov dei djupare. Fjordane er difor viktige for å forstå korleis isen slit ned og formar fjellandskap, seier forskar Tom Heldal frå Noregs geologiske undersøking (NGU).

Både Geirangerfjorden og Nærøyfjorden kom begge på verdsarvlista i 2005.

Eklogitt og gneis

I tillegg får bergartane mellom Nordfjord og Molde stor merksemd.

Eklogitt og gneis fortel historia om ein dramatisk kontinentkollisjon under danninga av «Den kaledonske fjellkjeda», der jordskorpa vart pressa ned i den varme mantelen og seinare ført opp att.

– I dag kan forskarar undersøkje bergartane mellom Nordfjord og Molde for å forstå korleis kontinent kolliderer, og korleis jordskorpe kan førast ned i djupet og opp att, seier Heldal.

I tillegg fekk sølvgruvene på Kongsberg utmerking for sitt sjeldne trådsølv, medan Fauskemarmoren vart kåra til internasjonal geologisk kulturarvstein («Heritage Stone»).

FAUSKEMARMOR: Utmerkinga «Heritage Stone» er ei eiga ordning for naturstein med særskilt betydning for kulturarv og arkitektur. I Nidarosdomen i Trondheim er det brukt fauskemarmor i golvet.

Foto: NGU- Terje Solbakk

Publisert 06.11.2026, kl. 07.00 Oppdatert 06.11.2026, kl. 07.25

Source: NRK · Oddleif Løset

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira