På Aspmyra stadion er det gullkamp mellom Bodø/Glimt og Viking fredag kveld.

Men dei to beste klubblaga i Noreg kjempar ikkje berre ein intens kamp om gullet i Eliteserien.

Høyr kampen direkte på NRK Sport frå klokka 19 fredag 30. oktober.

Begge lag er også på den store internasjonale scena i seriespelet i Meisterligaen denne sesongen.

Men kva lag held nøytrale nordmenn mest med i verdas gjævaste klubbturnering av dei to norske?

NRK har fått Norstat til å gjera ei undersøking der over eitt tusen nordmenn er spurt.

Resultatet er i klar favør laget frå byen med 50.000 innbyggarar nord for polarsirkelen:

  • 35 prosent svarer at dei held mest med Bodø/Glimt i Meisterligaen.
  • 10 prosent svarer at dei held mest med Viking.

Sjå dei andre svara og korleis dei fordeler seg geografisk i faktaboksen under.

Kva lag held du mest med i Meisterligaen for menn?

Heile Norge

Nord-Norge

Midt-Norge

Vestlandet

Austlandet

Sørlandet, inkludert Telemark og Vestfold

Oslo

Bodø/Glimt

35 %

64%

34%

25%

33%

34%

37%

Viking

10 %

5%

3%

26%

6%

8%

9%

Held like mykje med begge

13%

2%

17%

11%

15%

12%

14%

Ingen av dei

35%

24%

39%

32%

39%

35%

35%

Veit ikkje

7%

5%

8%

6%

7%

10%

5%

Total

100%

100%

100%

100%

100%

100 %

100%

Det er Norstat som har gjort undersøkinga for NRK. 1025 personar er spurt.

Glimt: – Kjenner på støtta

Når NRK fortel om resultata til Glimt-trenar Kjetil Knutsen, er hans direkte respons at han må passa seg for å ikkje bli arrogant i svaret sitt.

Han påpeikar at me først og fremst skal vera utruleg glade for å ha to norske lag med i Meisterligaen, før han kjem med sin teori på kvifor fleire nordmenn held med Glimt enn Viking:

– Me har eitt års erfaring i Meisterligaen og litt lenger erfaring enn Viking i Europa. Eg trur også me har ei tilnærming til korleis me skal oppføra oss og kva type identitet me skal ha på og utanfor bana som eg trur folk kan lika.

Glimt-trenar Kjetil Knutsen.

Foto: Fredrik Varfjell / NRK

– Me føler jo at Bodø/Glimt er populære når me reiser rundt i Noreg. I tillegg har me nokre landslagsspelarar som var med på eit fantastisk meisterskap i sommar. På toppen av det har me Patrick Berg, så støtta kjenner me på, seier Knutsen.

  • Magnus Stokka / NRK

    Ruben Laamanen Horsfjord (22), frå Lillestrøm og student i Stavanger

    – Kva lag heiar du mest på av Glimt og Viking i Meisterligane?

    – Av dei to likar eg best Glimt.

    – Kvifor?

    – Eg har sett Glimt i fleire sesongar i Europa og eg har heia på dei i kampane der dei har vore underdog. Det har vore gøy å heia på dei.

  • Magnus Stokka / NRK

    Torstein Rønning Strømskag (21), frå Molde og student i Stavanger

    – Kva lag heiar du mest på av Glimt og Viking i Meisterligane?

    – Eg heiar mest på Viking. Det er fordi eg for tida bur i Stavanger og fordi det har vore mindre rivalisering mellom Molde og Viking samanlikna med Glimt.

    – Gjeld dette generelt i Møre og Romsdal, trur du?

    – Mi meining er at folk flest frå min region held meir med Viking enn Glimt på grunn av at det har vore mindre rivalisering.

  • Magnus Stokka / NRK

    Matilde Johanne Chilvers (21), frå Bergen og student i Stavanger

    – Kva lag heiar du mest på av Glimt og Viking i Meisterligane?

    – Familien min er store Brann-supporterar og hatar Viking. Då dei fekk vita at eg var på Viking-kamp og attpåtil sat blant Rosenborg-fansen, blei det ganske dårleg stemning.

    – Men for din del: Glimt eller Viking i Meisterligaen?

    – Bodø/Glimt, men dersom eg var på kamp i Stavanger ville eg ikkje våga noko anna enn å heia på Viking.

  • Magnus Stokka / NRK

    Teodor Hansteen Valen (21), frå Bergen og student i Stavanger

    – Ein bergensar kan vel ikkje støtta Viking i Meisterligaen?

    – Nei, men det er litt vanskeleg når eg bur i Stavanger, fordi det blir jo knallstemning når dei vinn.

    – Så du heiar meir på Viking enn Glimt, sjølv om du er bergensar?

    – Eg heiar på Viking når eg er i Stavanger, men fotball er ikkje alvorleg for meg.

Viking: – Me har den beste fansen

Viking-trenar Morten Jensen er ikkje overraska over at flest nordmenn held med laget frå Bodø i Europa.

– Me er først og fremst fornøgde med at folk frå Stavanger og Rogaland heiar på Viking. Me har fantastisk støtte og den beste fansen. Det kjem Glimt aldri til å slå oss på, seier Jensen.

Viking-trenar Morten Jensen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Viking-trenaren meiner det er fortent at gultrøyene frå nord har fleire fans nasjonalt, sidan dei har spelt i Europa lenge og gjort det bra.

– Pluss at dei var lure då dei sette opp ein pop-up-shop på Gardermoen der dei selde Glimt-drakter.

– Viking har fått masse skryt i både inn- og utland i det siste, men også kritikk for spelestil og kynisme. Kan det spela inn på kva lag nordmenn held mest med?

– Det veit eg ikkje. Det må nesten folk sjølv svara på. Men me spelar ikkje kynisk. Me spelar angrepsfotball med masse kjærleik og kraft, og alltid innføre regelverket, slår Jensen fast.

Kva lag held du mest med i Meisterligaen for menn?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

VIF-trenar fascinert over Viking

Vålerenga-trenar Johannes Moesgaard hadde trudd Viking var meir populære enn Glimt, og er derfor litt overraska over resultatet.

– Det har nok med at Glimt har halde på lenge i Europa. Men eg trur det er mange som blir fascinert av den krafta Viking også har om dagen. Gi dei nokre år til, så får me sjå korleis det står til.

Vålerenga-trenar Johannes Moesgaard.

Foto: Jan Kåre Ness

Glimt-trenar Knutsen seier Noregs to beste lag er litt ulike, men at han er imponert over utviklinga til stavangerlaget dei siste åra.

– Dei kjem til å spela i Europa neste år, og når dei får same erfaring kan resultata sjå annleis ut. Det er i alle fall ein stor fordel at me har vore i Europa sidan 2020.

Publisert 30.10.2026, kl. 09.52

Source: NRK · Magnus Stokka, Bjarne Brandal, Anders Boine Verstad

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira