NRK møter Iuel på Olympiatoppen i Oslo tysdag formiddag. Og akkurat staden kan gi eit hint om kva fortsettinga bringar.

I mai avslørte Iuel overfor NRK at 2026-sesongen blei hennar siste. I slutten av september var karrieren slutt.

Men ho klarte ikkje å halde seg unna friidrettsmiljøet i meir enn ein månad. For no er ho tilsett i Norges Friidrettsforbund, som assisterande landslagstrenar i sprint og stafett.

– Eg får steppe inn i ein litt anna rolle. Eg får framleis vere ein del av stafettlaget, men meir på leiarsida og trenarsida, seier ho til NRK.

Iuel har ved fleire høve vore open om at det vil bli trist å forlate miljøet ho har vore ein del av så lenge. Ho er derfor glad for at det ikkje er slutt, sjølv om piggskoa no er av.

– Eg hadde håpa at det skulle by seg ei sånn moglegheit, med tanke på at stafettprosjektet har vore den vesle babyen min dei siste åra. Så det var veldig kult at eg fekk høve til det, forklarer Iuel.

GODE VENNER: Amalie Iuel har vore ein sentral del av suksessen til «stafettjentene» til Noreg. Det vil ho halde fram med.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Glad på mine vegner

Iuel har aldri vore betre enn denne sesongen. Ho har sett personleg rekord på 400 meter hekk ved fleire høve, sist i Roma i juni då ho sprang inn til 54,05.

I tillegg tok ho gull på 4x400 meter under stafett-VM i Botswana saman med Josefine Eriksen Aks, Lakeri Ertzgaard og Henriette Jæger.

– Dei verka ganske gira og glad på mine vegner og for at eg skulle vere med vidare. Det gjekk ikkje lenge frå vi var leie oss alle saman for at eg skulle forsvinne, til at eg plutseleg blei ein del av miljøet igjen. Så det var veldig gøy og hyggeleg, seier ho om reaksjonen til lagvenninnene.

Ho trur at dei sterke banda hennar til utøvarane kan vere med å hjelpe henne som trenar.

– Eg begynner å få ganske mykje erfaring på stafett no. Eg har vore utøvar i mange år no, og føler at eg derfor kanskje vil komme enda tettare på utøvarane og kan bli ein god sparringspartnar for utøvarane. Eg veit jo akkurat korleis det er å stå der.

Vil lokke Karsten Warholm

Heilt sidan 2017 har Iuel vore i treningsgruppe saman med Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes.

Dei har heile tida vore klare på at Iuel vil bli eit stort sakn i gruppa.

Ho fortel til NRK at ho ikkje er heilt ferdig med å plage Karsten og Leif.

– Eg kjem i alle fall til å vere mykje innom trening der og sånn. Eg var innom og fekk ein realitetssjekk i går på korleis det har gått med sprintforma mi, for ho var ganske dårleg, seier ho og ler.

Eit anna høgdepunkt frå karrieren til Iuel var då ho sprang inn til EM-gull i blanda stafett i Birmingham i august.

GLEDE: Henriette Jæger, Amalie Iuel, Karsten Warholm og Andreas Ofstad Kulseng tok EM-gull på 4x400 meter blanda stafett i Birmingham.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Det gjorde ho saman med blant anna Karsten Warholm. I den nye rolla si håpar ho at ho kan få kompisen til å stille opp på fleire stafettar.

– Eg håpar vi får lokka Karsten med på nokre fleire blanda stafettar etter kvart òg. Men det er uansett fint å kunne vere ein del av det miljøet òg, seier ho.

Publisert 03.11.2026, kl. 18.13 Oppdatert 03.11.2026, kl. 18.15

Source: NRK · Brede Bleiklie Thomassen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira