Ein kan ofte lese om at den mektige Jostedalsbreen krympar, at attraksjonen Engabreen snart er utilgjengeleg for brevandrande turistar og no sist at den 3000–4000 år gamle Supphellebreen i haust forsvann for godt.

Men i tillegg til desse pittoreske og velkjende landemerka skjer ei anna bresmelting i det stille. I dalar og fjellsider over heile landet forsvinn mindre landemerke år etter år. Snøfonner og småbrear som alltid har vore der, smeltar vekk utan medieoppslag eller oppstuss.

Ifølgje Kartverket skal dette vere ein samanhengande bre som strekk seg ned i dalen. Ifølgje NVE sitt Breatlas (målt 2019) er det tre ulike brear, der den lengste i midten (BreID 1909) skal vere 414 meter lang. Biletet frå september 2026 viser noko anna.

Foto: Else Ragni Yttredal

Det vil Else Ragni Yttredal, kunnskaps- og forskingskoordinator ved stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, gjere noko med.

I haust byrja dei å følgje med på og dokumentere smeltinga som skjer i dei 48 isbreane i Vestnorsk fjordlandskap, Unesco-områda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

46 av desse kjem til å vere vekk innan nokre få år, ifølgje Yttredal.

– Vi lagar eit system for å sjå kva som skjer frå år til år og visualiserer det, slik at dei ikkje berre forsvinn stille og roleg ut av historia vår.

Ved å markere steinar og måle frå denne og inn til brekanten, kan ein neste år sjå kor mykje denne har trekt seg attende. Ioannis Hoel Zervas, Else Ragni Yttredal og Merete Løvoll Rønneberg gjer målingane.

Foto: Dace Znotina

Har det ikkje alltid skjedd?

Aftenposten si framside på ei laurdagsavis i oktober 1937 kan sjå ut til å sparke beina under heile denne artikkelen:

Aftenposten si framside 9. oktober 1937 syner at ein lenge har sett at breane vert mindre. Grunnen til at det skjer, var heller lite kjend på 30-talet.

Faksimile: Aftenposten

Forfattaren funderer over kva som kan stå bak at breane i høgfjellet krympar. Han er innom naturlege svingingar i klimaet, til Golfstraumen og til og med solaktivitet. Likevel kjem han liksom aldri heilt til fasiten i si grubling:

Hvad kan grunden være til denne forbedring av klimaet? (...) Hvis vi sier at solvirksomheten er blitt sterkere, så er det vanskelig å bevise, men det må vel være noget slikt. Ialfall kan vi ikke gjøre noget fra eller til, det nytter ikke å skru på bryteren.

Men no veit vi betre.

– Brear har jo for so vidt kome og gått gjennom alle tider. So det er jo del av ein prosess, men det som er spesielt no er klimaendringane, seier Yttredal.

Endringane skjer unaturleg raskt.

– Det vil skape eit heilt anna fjordlandskap for oss som bur her og for dei som besøkjer oss. Desse kontrastane frå fjord til fjell som vi kjenner so godt, med snø på toppane og grønt og frodig nedover liene, det kjem til å vere vekk i løpet av veldig kort tid, seier Yttredal.

– Det er ganske alarmerande, eigentleg, seier ho.

Dei mange isbreane er ein velkjend del av biletet i fjellområde som Sunnmørsalpane kring Geirangerfjorden. Her ser ein breen mellom Fremste Skorene og Mellomskorene i Dyrdalen i Norddal som har delt seg opp i bitar.

Foto: Else Ragni Yttredal

Trur forsvinningstakta går opp

– Dei små breane er gjerne dei som forsvinn først. Dei største smeltar også, men det er særleg på dei små breane at du ser utviklinga raskt. Dei kan bli heilt borte, seier Liss Marie Andreassen.

Ho forskar på mellom anna brear for Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Det er i overkant av 2000 brear i Noreg, ifølgje ei NVE-kartlegging i 2022, alt etter kor stort eit felt med årelang is må vere før du tykkjer det er ein isbre. Hundrevis av desse er so små at dei truleg vil vere borte innan få år.

Mellom 2006 og 2022 forsvann 20 isbrear i Noreg. Totalt forsvann nær 50.000 fotballbaner med is.

Dette talet vil auke til neste gong ei slik stor måling vert gjort, trur breforskaren.

– Vi veit allereie om fleire som har forsvunne, seier Andreassen.

Breforskar Liss Marie Andreassen hadde med seg då kronprins Håkon på Opptaksbreen, ein brearm til Jostedalsbreen, hausten 2025 for nettopp å sjå korleis breane endrar seg.

Foto: NTB

Treng hjelp

Andreassen har jobba med isbrear heile sitt yrkesaktive liv. For henne er den viktigaste oppgåva å dokumentere so godt ho kan, slik at vi veit kva vi har før breane forsvinn.

Forskarane har satellittbilete, flyfoto og overvakar kring 40 brefrontar allereie. Det er ikkje mange, om det totalt er over 2000 brear i landet.

– Vi kan jo ikkje vere alle stadar sjølv, vi er berre nokre få personar, seier forskaren.

Difor set ho pris på prosjekt som det verdsarvstiftinga har sett i gang kring Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. I tillegg er ho glad for å få tilsendt bilete av brear frå vanlege folk på tur.

– Det gjev viktig informasjon.som er veldig verdifull for oss, seier Andreassen.

Publisert 31.10.2026, kl. 16.27

Source: NRK · Josef Benoni Ness Tveit

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira