– Viss eg skal vere ærleg, så er eg usikker på om Frida Karlsson mistar nattesøvnen når ho ser resultatlista herifrå, seier kommentator Jann Post.
Den norske sesongopninga er godt i gang på Beitostølen, og Heidi Weng vann 10 km klassisk fredag.
– Det var overraskande for å vere ærleg, men eg har vel sikkert litt rutine. Det er vel noko med å få startnummeret på brystet, seier Weng etter målgang.
På ein overraskande tiandeplass kom skiskyttar Maren Hjelmeset Kirkeeide, som til vanleg berre konkurrerer i fristil.
– Det er jo klart at det er vanskeleg da å skulle samanlikne skirenn mot skirenn her, men det må jo seie at det er jo imponerande av Kirkeeide. Det er rått, seier langrennsekspert Therese Johaug.
Kommentatoren følger opp:
– Det er vel kanskje det beste spesialrennet ho har gått, seier Post.
SKISKYTTAR: Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein tiandeplass.
Foto: Terje Pedersen / NTB
– Ho blir ikkje skremt
Kristin Austgulen Fosnæs tok andreplassen, medan Julie Bjervig Drivenes tok tredjeplassen.
– Eg trur det er eit bra nivå på dei tre beste. Ein ser at dei går bra på ski, seier NRKs ekspert Pål Golberg.
Herrane startar 12.55, følg rennet her eller på NRK 1 og NRK TV.
Rennet på Beitostølen er eit viktig renn for å vise seg fram og kanskje bli tatt ut til verdscupen i Ruka neste helg.
Der vil nok svenske Frida Karlsson gå. Denne helga går ho den svenske sesongopninga i Bruksvallarna. Fredag var det sprint i Sverige.
Golberg trur ikkje Karlsson blir skremt av resultatlista.
– Ho blir ikkje skremt av det her, men det er klart at ho veit kva Heidi Weng får til når ho er i toppform. Og at Heidi Weng er ein Frida Karlsson fryktar i skirenn, det trur eg, seier Golberg.
OL: Frida Karlsson vann to gull og eit sølv under OL i Italia i vinter.
Foto: JAVIER SORIANO / AFP,NTB– Eg trur han har rett
Karoline Simpson-Larsen tok ein åttandeplass på fredagens renn. Ho trur det ligg noko i det Post seier.
– Eg skal vere ærleg og seie at eg trur han har rett. Men eg håpar at dei tre jentene i dag har gått eit bra skirenn.
Karlsson som er kjend for å vere best i dei litt lengre renna, kom i dag på ein femteplass på sprinten i Sverige. Det er først i Ruka ein får målt krefter mot Svensken.
Simpson-Larsen fortel at ho følger med på den svenske skiopninga.
– Eg må sjå på resultatlista. Så for min del blir det å sjå på dei skirenna i morgon, seier ho og held fram:
– Skremt av Frida Karlsson er eg vel alltid trur eg.
Milla Grosberghaugen Andreassen trur på si side at dei norske har tatt eit jafs inn på dei svenske kvinnene.
– Eg tippar me har tatt eit steg nærare dei svenskane, eg trur dei skal passe seg litt eg.
Publisert 20.11.2026, kl. 12.28 Oppdatert 20.11.2026, kl. 13.00
Source: NRK · Åsne Margrete Kleiv, Eirik Fure, Ida Nysæter Rasch, Sara Sivertsen Fahrendorff
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira