– Havbruk til havs kan bli ei næring med betydelege bidrag til verdiskaping langs kysten vår framover, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Nærings- og fiskeridepartementet sender i dag forslag til områdetildelingsforskrift på høyring, melder regjeringa i ei pressemelding.
Jonas Gahr Støre
Statsminister
Foto: Trond Lydersen / NRK
– Vi legg no fram eit forslag til kva havområde det kan konkurrerast om, og kva krav aktørane må oppfylle for å utvikle dei, seier statsministeren.
Forskrifta skal danne grunnlaget for konkurransen om å få utvikle havbruk til havs.
– Dette er ein viktig og heilt sentral milepæl for realisering av havbruk til havs, påpeiker Støre.
Foreslår tre område
Næring- og fiskeridepartementet foreslår å lyse ut tre område for havbruk til havs:
- Norskerenna sør, eit område utanfor Stavanger på 364 km²
- Den vestlege delen av Frøyabanken nord, eit område utanfor Trøndelag på 1134 km²
- Den vestlege delen av Trænabanken, eit område utanfor Helgeland på 2437 km²
Det er lagt opp til å tildele tre områdetilsegn fordelt på tre ulike aktørar i den første tildelingsrunden for havbruk til havs.
Dei tre områda regjeringa vil lyse ut for havbruk til havs viser i blått.
Foto: Fiskeridirektoratet– Havbruk til havs kombinerer to område Noreg er i front på: Havbruk og offshoreteknologi. Dermed er dette også ei stor moglegheit for norsk teknologi- og leverandørindustri.
Det seier fiskeri- og havminister, Marianne Sivertsen Næss.
Konkurranse
Regjeringa legg no opp til at selskapa skal konkurrere om å få ta i bruk områda for oppdrettsnæring langt til havs.
Søknader som oppfyller kvalifikasjonskrava, vil bli vurdert ut ifrå kvalitative kriterium, blant
anna gjennomføringsevne og miljømessig berekraft, opplyser departementet.
– Vi ønsker at konkurransen skal basere seg på kvalitet, og ikkje berre dei som er villig til å betale mest, seier fiskeriministeren.
Marianne Sivertsen Næss
Fiskeri- og havminister
Foto: Gunnar Sætra / NRK
Departementet ber no om høyringsutspel på forslag til områdetildelingsforskrift, endringar i laksetildelingsforskrifta og utkast til rettleiar for områdeplan.
Høyringsfristen er 17. februar, og først etter at innspela frå høyringsfristen er vurdert kan arbeidet med første konkurranse om områdetilsegn settast i gang.
Hos SINTEF Ocean blir ein modell av oppdrettsanlegget testa for at dei toler vêr og vind.
SINTEF Ocean ASÅtvarar mot havbruk til havs
Tidlegare har fleire miljøorganisasjonar åtvara mot havbruk til havs. Dei meiner risikoen er for stor for miljø og villaksen.
Fagsjef i Sjømat Noreg, Ole Fretheim har kalla det å kjøpe eit hus ein ikkje har sett.
– Ein bør forstå meir av konsekvensane før ein sett i gang med dette, seier Vidar Wennevik, forskar ved Havforskingsinstituttet.
Havforskingsinstituttet er ein av fleire institusjonar som meiner ein enno ikkje veit nok om kva konsekvensar den nye typen havbruk kan få for miljøet i havet og andre artar.
Spesielt peiker Wennevik på at ein ikkje veit korleis oppdrettet kan prege villaksen når den forlèt fjordane og svømmer ut i havet.
– Vi har ein situasjon der villaksen slit, seier Wennevik.
Publisert 17.11.2026, kl. 09.38
Source: NRK · Sunniva Skurtveit
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira