Store grøne jorde på Sjøholt på Sunnmøre er ein av mange stadar der det no blir planlagt å bygge datasenter. Området er like stort som 35 fotballbaner.

Dette er eit av godt over 100 datalagringssenter som er under planlegging rundt om kring i Noreg. Senter som krev mykje straum, som det er ein aukande motstand mot.

– Mange har sagt at dei ikkje vil bu her viss det kjem datasenter. Det skapar veldig uro i bygda, seier Runa Klock.

Runa Klock engasjerer seg mot planar om datasenter på Sjøholt Ho fryktar ei slik satsing vil gå utover helsa til folk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ho leiar kommunedelsutvalet i Ørskog, som har engasjert seg kraftig i saka.

Politikarane diskuterer no korleis dei skal forhalde seg til den nye industrien framover. Noreg kan gå mot eit kraftunderskot, og her på Sunnmøre er det alt eit faktum.

– Det er merkeleg at ein blir minna på å skru av lysbrytar for å spare på straum, så ser ein at all straumen kan gå til desse store datalagringssentera. Det heng ikkje heilt saman for folk flest, seier Klock.

Her på Sjøholt er det planar om eit nytt datasenter. Like ved ligg ein trafostasjon som er kopla på det nasjonale straumnettet.

Øyvind Sandnes / Multikonsult

Unge på Sjøholt svarer at dei ikkje veit så mykje om senteret som kan kome:

  • – Eg veit ikkje så mykje om det. Eg har berre sett litt på nettet, seier Silje Korsnes Bøe.

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • – Eg har ikkje sett meg så frykteleg inn i saka, men eg veit om mange kjentfolk som ikkje er så fan, seier Henrik Sjøholt

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • – Eg er usikker. Det spørst om vi får nok informasjon, seier Elias Myklebust Mathisen (til høgre).

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Pensjonistane har derimot ganske klare meiningar:

  • – Vi må vere glad folk vil etablere seg her, for det har stått stille i 20-30 år. Når nokon rekk opp handa, må vi sjå på kva som er mogleg, seier Arvid Furseth.

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • – Vi har ingen stad vi kan bruke overskotsenergien. Det er å fyre for kråkene. Og så bruker dei vanvittig mykje straum, seier Odd Saure.

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • – I utgangspunktet bør vi sjå positivt på det. I løpet av dei 78 åra eg har levd, så har eg sett mange som har fått nei, og så har dei reist herifrå, seier Bjarne Paasche.

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • – Spørsmålet er om det blir eit datasenter her, det er det ingen som veit. Vi sit her og diskuterer noko vi ikkje har noko aning om, seier Oddbjørn Braute.

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi er nøydde til å stoppe opp, ta kontroll og prioritere kor vi treng den krafta. Det er eit stort kraftunderskot i regionen, og då kan vi ikkje legge opp til eit stort sluk, seier KrF-leiar Dag-Inge Ulstein.

KrF vil jobbe for å få eit fleirtal på Stortinget for å stanse nye etableringar av datasenter, fram til strengare regulering er på plass.

Partileiar Dag-Inge Ulstein besøker datasentertomta på Sjøholt, saman med Dorte Klokk Indrebø. Ho er KrF sin andrekandidat til Stortinget.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det foreslo Raudt allereie i starten av fjoråret. Då var KrF imot, men no har dei altså snudd.

Ein fersk rapport frå Teknologirådet viser at 90 prosent av norske datasenter har utanlandske eigarar. Ifølgje rapporten brukar dei store mengder straum, men legg igjen lite verdiar lokalt.

Rolla til Teknologirådet er å gje politikarane råd om ny teknologi. Seinare i haust vil rådet kome med ei tilråding om korleis Noreg skal forhalde seg til denne industrien.

– Kritisk infrastruktur

Frp vil ikkje ha full stans, men meiner ein må få på plass køyrereglar for utbygging av datasenter.

– No er det for mykje tut og køyr. Vi ser at det er prosjekt over heile landet, men ingen overordna styring. Vi er nøydde til å ha klare krav til korleis vi brukar straumen vår framover, seier partileiar Sylvi Listhaug.

Sylvi Listhaug

Partileiar, Frp

Foto: Tommy Iversen / NRK

Ho meiner likevel at datasenter er ein del av kritisk infrastruktur.

– Skal vi vere med på KI-revolusjonen som ligg føre oss, så må vi ha datakraft. Men vi må ha nasjonal kontroll på dette, og ønsker ein modell kor vi avgjer kven vi ønsker å prioritere i straumkøen, seier Listhaug.

Regjeringa jobbar også med å stramme inn reglane for slike senter. Listhaug ventar på at Arbeidarpartiet no kjem med ei sak til Stortinget, så dei får legge rammer for politikken.

Dette er ei anna tomt som er aktuell for eit datasenter på Sjøholt, i industriområdet Haukås. Det er uklart kor stor del av tomta som ligg i området vi ser på bildet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Høgre er utolmodig

Høgre meiner det blir mest symbolsk med ein mellombels stans, men at det hastar å få på plass reguleringar.

– Vi ser at Regjeringa sleper beina etter seg, og ikkje evnar å levere. Der har Høgre eit forslag i Stortinget som skal bidra til å rydde opp og få opp tempoet, seier Aleksander Stokkebø, energi- og miljøpolitisk talsperson i Høgre.

Aleksander Stokkebø

Energipolitisk talsperson, Høgre

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

I vinter foreslo dei å greie ut ei konsesjonsordning for næringa, slik det er for kraftutbyggingar, men forslaget blei røysta ned.

– Vi må gå inn og lande kva som må til. Der har vi peika på å greie ut konsesjonsordning, få ein nasjonal plan for industrien og sørge for at datasentera bidrar til meir bruk av kraft og spillvarme, og ikkje minst solide lokale og nasjonale ringeverknader, seier Stokkebø.

Næringa må førebu seg på strengare krav

Arbeiderpartiet svarar at dei jobbar med ei stortingsmelding som mellom anna handlar om utvikling av datasenter, som skal leggast fram mot slutten av 2027.

Stortingsrepresentant Jon-Ivar Nygård skriv i ein epost til NRK at vi framleis treng datasenter i Noreg, men at Arbeiderpartiet vil vurdere kriterier for å etablere datasenter, bedre kontroll og strengare energikrav, og at meir av verdiskapinga skal kome lokalsamfunna til gode.

Jon-Ivar Nygård

Stortingsrepresentant, Arbeiderpartiet

Foto: William Jobling / NRK

– Vi jobbar no med ny politikk for å få ein kontrollert vekst av datasenternæringa og sørge for at den gir meir samfunnsnytte, både på kort og lang sikt.

Det vil også føre til strengare krav for dei som vil bygge desse datasentra, skriv Nygård.

– Næringa må førebu seg på at forventningane og krava frå samfunnet kjem til å auke.

Publisert 22.10.2026, kl. 12.25

Source: NRK · Marius André Jenssen Stenberg, Trond Vestre, Øyvind Sandnes

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira