Brenna Lovera opna målfesten med to scoringar, før Josefine Birkelund og resten av Brann-laget fullførte jobben.
Neste helg ventar gullfeiring på Brann Stadion.
Brann tok ei kontrollert siger mot Lillestrøm, og vart med det seriemeistrar i Toppserien.
Foto: Annika Byrde / NTBKunne avgjere sjølv
Det var store forventningar til Brann før bortemøtet med Lillestrøm.
Seriegullet låg innanfor rekkevidde, etter at Ålesund gjekk på tap mot Stæbæk laurdag.
Bergensarane visste at tre poeng ville vere nok til å avgjere gullkampen.
Svaret kom umiddelbart
Etter berre fire minutt sende Brenna Lovera gjestene i føringa.
Josefine Birkelund kom seg fri på høgresida og slo inn i feltet. Karoline Haugland fekk ein touch på ballen, før den amerikanske spissen var på plass og sette inn 1–0 frå kort hald.
Branns Mia Authen og tomålsscorar Brenna Lovera kunne feire storsigeren mot Lillestrøm.
Foto: Annika Byrde / NTBLovera med kunstscoring
Bergensarane tok fullstendig kontroll over oppgjeret og pressa LSK Kvinner stadig lengre tilbake på bana.
Etter 23 minutt var Lovera framme igjen. Nea Lehtola løfta ballen inn i feltet, men spissen vart pressa ut mot dødlinja. Frå ein nærast umogleg vinkel banka ho ballen opp i det næraste krysset.
Etter pause heldt dominansen fram. Brann hadde god kontroll defensivt og skapte stadig nye moglegheiter.
Etter 55 minutt kom den tredje scoringa. Lauren Davidson slo eit presist innlegg langs bakken, og på bakre stolpe kom Birkelund stormande. Backen hadde ingen problem med å setje ballen i det opne målet.
Med 3–0 var det meste avgjort.
Brann heldt fram med å kontrollere kampen og kunne til slutt juble for ein 4–1-siger.
Dermed var seriegullet sikra med éin serierunde att.
Branntrenar Laura Kaminski kunne sjå laget bli seriemeister for tredje gong etter kampen mot Lillestrøm.
Foto: Annika Byrde / NTBNo ventar gullfest i Bergen
Etter ein sterk sesong kan Brann-spelarane no kalle seg seriemeistrar for tredje gong.
Neste helg kjem Molde til Bergen i sesongens siste seriekamp. Då skal Brann ta imot seriepokalen framfor eigne supportarar på Brann Stadion.
Gullhattene kom på etter kampslutt.
Foto: Annika Byrde / NTBPublisert 01.11.2026, kl. 13.49 Oppdatert 01.11.2026, kl. 13.59
Source: NRK · Henning Myntevik
At a glance
- Topic
- Sports
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira