Spania kan stå framfor eit regjeringsskifte etter åtte år med sosialdemokratisk styre.
Det konservative Folkepartiet (PP) ligg an til å bli størst med mellom 129 og 134 sete, ifølgje ei måling frå den spanske allmennkringkastaren RTVE.
Men det er partiet på ytre høgre, Vox, som gjer den store framgangen.
Partiet får ei oppslutning på 16,2 prosent, mot 12,4 prosent ved førre val.
Dermed kan eit parti på ytre høgre få plass i den spanske regjeringa for første gong sidan Franco-diktaturet fall.
Saman med regionalpartiet UPN ligg PP og Vox an til å få mellom 175 og 184 sete. Dei treng 176 for å få absolutt fleirtal.
Det sosialdemokratiske regjeringspartiet PSOE går tilbake med rundt tre prosentpoeng til 28,8 prosent. Statsminister Pedro Sánchez risikerer dermed å miste makta.
Tala er førebels baserte på ei måling, og det er framleis uvisse om kven som får fleirtal i nasjonalforsamlinga.
Frode Fjerdingstad / NRK
Minianalyse av Europakorrespondent Anders Børringbo
Spania ved historisk veiskille - Valget kan for første gang siden diktaturet under Franco gi et parti fra ytre høyre plass i en nasjonal regjering.Åtte år med Pedro Sanchez fra sosialistpartiet kan være over.
Det kan bli ny politikk i landet, både når det gjelder innvandring, bolig og verdispørsmål. Også utenrikspolitikken kan bli endret.Derfor kan Sanchez tape.
Statsminister Pedro Sanchez har blitt kritisert for dårlig styring i flere nasjonale kriser, blant annet togulykken for en måned siden. Innvandring, blant annet migrantkrisen i Ceuta, er en sak høyresiden trolig tjener på.
Boligkrisen - en direkte årsak til at nyvalget kom tidlig.
Nå er det usikkert om denne saken alene kan redde Sanchez.
Han er populær i store kretser, men en korrupsjonssak der hans egen kone er tiltalt, kan ha kostet ham mye.Hva kan ytre høyre-partiet Vox få til?
Partiet profilerer seg på familien, tradisjoner og tilhørighet.
De har slagord om «nasjonal prioritet for spanjoler» og «gjenerobring av det opprinnelige Spania». Gjennomslag vil være avhengig av hva samarbeidspartiet PP godtar.Hva skjer i Europa?
Sanchez har framstått som lederen for sosialdemokratiet i Europa på toppmøtene i EU. Høyresiden varsler en annen politikk både mot Nato, USA og Israel.
Bustader, innvandring og korrupsjon
Eit regjeringsskifte i Spania kan skrive seg inn i historiebøkene.
Ingen parti på ytre høgre har sete i den nasjonale regjeringa sidan landet blei eit demokrati etter Francisco Francos død i 1975.
Leiaren av ytre høgre-partiet Vox Santiago Abascal er den som kan smile breiast søndag kveld. Partiet hans kan sjå ut til å få regjeringsmakt for første gong.
Foto: Manu Fernandez / AP,NTBMen dei siste åra har det innvandringskritiske partiet Vox vakse fram som ei betydeleg kraft i spansk politikk.
Partiet, leia av Santiago Abascal, vil stramme kraftig inn på innvandringa og prioritere spanjolar ved tildeling av offentlege bustader.
Det konservative Folkepartiet (PP), leia av Alberto Núñez Feijóo, har allereie erfaring med å samarbeide med Vox på regionalt nivå.
Leiaren av det konservative Folkepartiet (PP), Alberto Núñez Feijóo, kan bli den neste statsministeren i Spania.
Foto: AFPMigrasjonskrisa i den spanske eksklaven Ceuta i Nord-Afrika i sommar sette statsminister Pedro Sánchez, leiaren for det sosialdemokratiske partiet PSOE, under press.
– Vi må ha ei endring
Innvandring er langt frå det einaste spanske veljarar har vore opptekne av i valkampen. Både bustadkrisa og korrupsjonssaker knytte til regjeringspartiet har prega valet.
NRK møtte veljarar ved eit vallokale i Spania søndag kveld.
Galisiske Eva Láuzara González seier ho vil ha ei endring og ein ny statsminister. Difor stemte ho på det konservative partiet PP:
– I Spania har vi no ein veldig vanskeleg situasjon. Vi må ha ei endring, meiner eg, seier ho og legg til at skatt og innvandring er det viktigaste for ho.
Galisiske Eva Láuzara González stemte for ei endring. Ho vil ha at leiaren av det tradisjonelle høgrepartiet PP skal bli statsminister.
Foto: Sidsel Avlund / NRK– Vi har òg hatt ein vanskeleg situasjon med Marokko. Også velferdstenestene og togulykkene har vore viktige for meg.
Oppslutninga kring valet har òg vore spesielt synleg, fortel ho. Allereie tidleg på morgonen var det køar ved vallokala.
Kjempar om makta
Det er ikkje nødvendigvis slik at det er det største partiet som får statsministeren i Spania.
For å sikre seg eit absolutt fleirtal i nasjonalforsamlinga trengst 176 av dei 350 seta.
Ved valet i 2023 blei Folkepartiet (PP) størst, men saman med Vox mangla partiet seks sete for å få fleirtal.
Sánchez sikra seg støtte frå fleire mindre parti, mellom anna katalanske og baskiske nasjonalistparti, og kunne difor halde fram som statsminister.
Sosialdemokratiske Pedro Sánchez risikerer å miste regjeringsmakta etter åtte år som statsminister.
Foto: Sidsel Avlund / NRKFordi han er avhengig av mange parti, har det vore vanskeleg for statsministeren å få gjennomslag for politikken sin den siste perioden.
Då nasjonalforsamlinga i oktober stemte ned fleire tiltak mot den omfattande bustadkrisa i landet, skreiv Sánchez ut nyval.
Rekordstor valdeltaking
Bustadkrisa, innvandring og korrupsjonssaker knytte til regjeringspartiet har prega den spanske valkampen.
Det trass i at Spania dei siste åra har hatt ein økonomisk vekst som fleire andre europeiske land berre kan misunne dei.
Sánchez har òg gjort valet til eit spørsmål om kva retning Spania skal ta i ei tid der parti på ytre høgre har fått større innverknad i fleire europeiske land.
Over 38 millionar spanjolar har hatt høve til å røyste søndag.
Klokka 18 hadde 68,1 prosent røysta. Det er rundt 15 prosentpoeng fleire enn på same tidspunkt ved førre val. Aldri før har så mange røysta innan klokka 18 ved eit spansk parlamentsval.
Like før klokka 21.30, er veldeltakelsen kome opp i 78,6 prosent.
Vallokala på Kanariøyane stengde klokka 21 norsk tid. Oppteljinga av røystene er no i gang.
Publisert 29.11.2026, kl. 20.14 Oppdatert 29.11.2026, kl. 22.04
Source: NRK · Tord Magnus Håland Dyrkorn, Anders Børringbo
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira