Klokka 03.10 natt til laurdag fekk politiet melding frå ei privat adresse i Kvam i Vestland at to maskerte personar hadde tatt seg inn på adressa.
– Det har vore to maskerte og væpna menn på ei privat adresse, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal.
Dei forsøkte å truge til seg verdiar ved bruk av skytevåpen, melder politiet.
Ein familie på fire var på adressa. Det var dei to vaksne på adressa som kom i kontakt med gjerningspersonane.
– Dei to vaksne vart utsett for ulik grad av vald, seier Opdal.
Mannen på adressa har måtte få behandling av helsevesenet. Dei to maskerte mennene fekk truleg ikkje med seg nokon verdigjenstandar.
– Dei to mindreårige barna fekk ikkje med seg hendinga, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal.
Etterforskinga går for fullt
Kriminalteknikarar har vore på staden i ettermiddag, og politiet jobbar vidare med ulike hypotesar,
No ynskjer politiet tips i saka.
– At folk i området kring Øystese sjekkar det dei har av kameraovervaking, det vere seg kamera på bil, kamera på dørklokker og liknande, og om dei ser noko mistenkeleg i tidsrommet 02:00 til 04.00 om å kontakte politiet, seier Opdal.
– VI har ingen opplysningar per no at nokon andre i bygda skal vere i fare.
Publisert 31.10.2026, kl. 20.49 Oppdatert 31.10.2026, kl. 20.57
Source: NRK · Asgeir Heimdal Reksnes
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira