– Det er ingen studiar i dag som er gode eller som faktisk underbygger at desse plagene kan bli varige.
Det seier professor i immunologi, Gunnveig Grødeland i si forklaring i Frostating lagmannsrett.
Ho er kalla inn som sakkunnig vitne i saka der Marianne Torp Foss har saksøkt staten. Foss meiner ho fekk ME som følge av koronavaksinen ho tok i 2021.
– Eg lever jo ikkje det livet eg gjorde før, og som eg ønsker å leve. Det er eit liv før og etter vaksinen, seier Foss.
Måndag til onsdag går søksmålet for retten i Frostating lagmannsrett.
– Tendens til å tilskrive alt som skjer etterpå til vaksinen
I løpet av saka i retten skal ei rekke medisinske sakkunnige forklare seg i retten.
Dei er ueinige om det er mogeleg at koronavaksinen kan gje biverknader som ME.
Omtrent 14 millionar dosar med koronavaksine har blitt sett i Noreg.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK– Når nesten alle blir vaksinert samtidig er det å forvente at nokon, heilt uavhengig av vaksinen, vil få ulike tilstandar.
Det seier lege og epidemiolog, Lill-Iren Schou Trogstad i Folkehelseinstituttet.
Omtrent 14 millionar dosar med koronavaksinar har blitt sett i Noreg. I forbindelse med det har det blitt rapportert fleire biverknader etter vaksinasjonen.
– Vi har ein tendens til å tilskrive alt som skjer etterpå til vaksinen. Derfor må du ikkje sjå deg blind på meldte biverknader, seier Grødeland.
Gunnveig Grødeland meiner det ikkje er årsakssamanheng mellom vaksinasjonen mot covid-19 og Kronisk utmattingssyndrom.
Foto: Adrian Heggem Misfjord / NRKI saka er det lagt fram fleire forskingsartiklar og studiar som er gjort på samanhengen mellom vaksinasjon og utmatting.
Men både Trogstad og Grødeland meiner desse studiane ikkje viser at det er ein årsakssamanheng mellom koronavaksinen og ME.
– Det kan støtte ei hypotese om at enkelte personar rapporterer noko, men dei dokumenterer ikkje dette som eit eige syndrom, seier Trogstad.
For at Marianne Torp Foss skal ha krav på erstatning er det ikkje nødvendig å bevise at det med sikkerheit er vaksinen som har ført til ME.
Det er tilstrekkeleg å sannsynleggjere at det er mogeleg at det er ein samanheng mellom vaksinasjonen og sjukdommen.
Dersom lagmannsretten konkluderer med at det kan vere ein slik samanheng er det opp til staten å bevise at ein annan årsak er meir sannsynleg.
Marianne Torp Foss i Frostating lagmannsrett.
Foto: Morten Andersen / NRKMeiner vaksinen kan føre til ME
I tillegg til Foss si sak, har to andre saker med helsepersonell som meiner dei har fått biverknadar av koronavaksine blitt behandla i lagmannsretten.
I sjukepleiaren «Jon» si sak konkluderte Frostating lagmannsrett med at vaksinen kan føre til ME, men at det ikkje var ein årsakssamanheng for akkurat han:
Fleire av dei same sakkunnige er kalla inn som vitne i både Jon og Foss si sak.
Ein av dei, i tillegg til Grødeland og Trogstad, er Elling Ulvestad. Han er avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling på Haukeland sjukehus og professor ved Universitetet i Bergen.
– Etter mi oppfatning er det overvegande sannsynleg at vaksinen i sjeldne tilfelle kan gje eit postvaksinasjons-syndrom, sa han i Jon si sak i lagmannsretten:
Han skal vitne i Foss si sak onsdag.
I Jon si sak forklarte Ulvestad at det etter koronavaksinasjon har blitt rapportert 67 tilfelle knytt til langvarig utmatting til biverknadsregisteret.
Fleire av dei same sakkunnige vitne i begge sakene om pasientskadeerstatning som har blitt behandla i Frostating lagmannsrett.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKHan viste i retten til fleire studiar som er gjort på samanhengen mellom vaksinasjon og utmatting.
– Desse studiane sannsynleggjer at det er ein årsak-verknad-samanheng.
Men dette er Trogstad og Grødeland ueinige i.
– Det er ikkje så frykteleg overbevisande, seier Grødeland om fleire av forskingsartiklane om helseplager etter koronavaksinasjon.
– Det består i all hovudsak av kasusrapportar, altså enkeltpasient-beskrivingar. Det kan ikkje seie noko om årsakssamanheng, forklarar Trogstad.
Vann saka i tingretten
5. mars 2021, fekk Torp Foss andre dose av Pfizer-vaksinen mot covid-19. Då var ho i full jobb som aktivitør på ein sjukeheim i Trondheim.
Kort tid etter dette blei ho sjuk og fekk sjukdommen ME, og saksøkte staten ved Pasientskadenemnda for dette.
Marianne Torp Foss og advokaten hennar, Hasse Benberg.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRKAv sakene som no blir behandla i lagmannsretten er Foss den einaste som vann fram.
Tingretten konkluderte med at staten er erstatningsansvarleg for at Foss fekk kronisk utmattingssyndrom.
Men staten ved Pasientskadenemnda er ueinige og anka dommen. Difor blir saka no behandla i lagmannsretten.
Publisert 24.11.2026, kl. 14.33 Oppdatert 24.11.2026, kl. 15.09
Source: NRK · Sunniva Skurtveit
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira