Tru, hopp og kjærleik
Skihoppar Isak Andreas Langmo (22) drøymer om å ta gull. Men då han fortalde bestekompisen om kva han ville utdanne seg til, vart det heilt stille.
– Eg avslutta den diskusjonen litt på kødd eigentleg, fortel 22-åringen og ler.
Det er ein typisk haustdag i Trondheim. Tunge og lysegrå bomullsdottar legg seg ned over tretoppane over Byåsen.
Eit lite steinkast frå det pulserande livet inne på kjøpesenteret Trondheim Torg kviler det ei spesiell ro.
Inn dørene i Prinsens gate 22B er det ei blanding av eldre menn og kvinner som samlar seg for å drikke kaffi, og unge menneske som har valt ei retning i livet gjennom utdanninga si.
Studentane er som alle andre. Men det er enkelte ting som skil seg frå eit vanleg klasserom.
UNDERVISNING: Isak Andreas Langmo og medstudentane i Trondheim diskuterer dagens tekst.
Foto: Frode Søreide / NRKI hjørnet står eit piano.
Kvite lys og vakkert sølvtøy står plassert på eit bord.
Forelesaren er kledd i svart skjorte. Den kvite plaststrimmelen som dekker adamseplet vitnar om at ho ikkje driv undervisning i matematikk.
«La dei små barna kome til meg», lyder det ut over rommet
«Kva skal barnet heite», spør Isak Andreas og ser på medstudentane som har tatt plass ved sidan av han.
I handa held dei ei lita dukke.
Ho skal få namnet Henriette.
Det er teori i praksis denne dagen for studentane.
DÅPSTRENING: Studentane øver seg på dåpsritualet.
Foto: Frode Søreide / NRKSamtalen med bestekompisen
Det er gått nokre år sidan samtalen han hadde med sin nære kompis og treningspartnar.
Isak Andreas var som ungdommar flest, ekstremt usikker på kva han skulle bli.
– Det er ei ganske artig forteljing faktisk, startar han med å seie.
Kompisen og Isak Andreas hadde ofte livlege diskusjonar.
– Han kan eg snakke med om alt og ingenting.
Denne dagen handla det om kva som er verdiskapande arbeid. Kompisen som er gardsgut, og Isak Andreas var ikkje nødvendigvis einige i alt.
Det var stor takhøgd i samtalane og dei likte å gå litt i «tottane» på kvarandre.
Denne dagen var ein slik.
– Ja, men viss det er slik det skal vere, då skal eg bli prest, avslutta Isak Andreas diskusjonen med.
Då vart det stille i rommet.
KOLSTAD KYRKJE: Isak Andreas Langmo er i dag tilknytt Kolstad kyrkje i Trondheim.
Foto: Frode Søreide / NRKDei to kompisane lét det søkke inn.
– Men kvifor ikkje det? Så det var eigentleg der det starta.
Isak Andreas er ein av mellom 70 og 100 i dette landet som har valt presteutdanning.
Hoppa på ski sidan han kunne gå
Medan presteyrket er noko han tvilte seg fram til, så har det aldri vore nokon tvil om kva han eigentleg skulle drive med.
Han er faktisk ein nordmann som er fødd med ski på beina. Han har hoppa på ski, og drive med både langrenn, kombinert og handball frå han kunne gå.
Pappaen, som han skildrar som ekstremt skigal, tok gutungen svært tidleg med seg opp på fjellet, bygde hoppbakkar og sende den vesle pjokken utfor.
– Sidan den gong har det jo berre gått ein veg. Eg har sett videoar, der eg var eitt eller to år, der far min kasta meg opp i sofaen medan det var hopprenn på TV. Det har nok alltid lege i korta.
PREST: Ingunn Aarseth Høivik har følgt Isak Andreas frå han var ung.
Foto: Frode Søreide / NRKFor forelesaren på NLA Høgskulen i Trøndelag, Ingunn Aarseth Høivik, er ikkje Isak Andreas berre ein vanleg prestestudent.
Ho er sokneprest i Rissa, meinigheita som Isak Andreas vaks opp i. Det var også ho som la handa på hovudet til 15-åringen og bekrefta dåpen hans.
Soknepresten, som også er ein familievenn, la tidleg merke til den unge guten.
Men ikkje fordi ho såg for seg at han skulle bli prest.
KONFIRMASJON: Isak Andreas Langmo på konfirmasjonsdagen. Den gongen var ikkje tanken om å sjølv bli prest sådd.
Grafikk: Privat– Det var jo fordi eg skjønte at han kom til å bli god i hopp. Så eg har sagt det til nokon. Isak Andreas Langmo, merk dykk namnet. Han kjem på TV, fortel ho og ler høgt.
Tru, hopp og kjærleik
Men debuten i verdscupen i 2025 vart ikkje noko å rope hurra for.
I finske Lahti enda det med ein 46.-plass. I historiske Planica vart han diska alt i kvalifiseringa.
Forventningane var dermed ikkje så store, då han året etter skulle få prøve seg i skiflyging i den mektige bakken i Vikersund saman med verdas beste hopparar.
SER LYSET: Isak Andreas Langmo hoppar gjennom flaumlyset i Vikersund.
Foto: Matthias Schrader / AP,NTBEin bakke han har sett hopprenn frå sidan han var liten gutunge.
– Så då eg endeleg fekk prøve meg sjølv i bakken der, det var heilt uverkeleg. Det var som å vere i ein draum.
Og den unge trønderen overraska i treningsomgangen. Han sette ny personleg rekord med først eit hopp på 226,5 meter, før han la på til 233 meter.
Men før kvalifiseringa forverra forholda seg i bakken.
– Forholda vart berre dårlegare og dårlegare. Meir og meir bakvind og dei gjekk meir og meir opp på farta. Så eg tenkte litt sånn; «Shit!»
På tribunen sat pappa saman med andre i den eksklusive og litt spesielle klubben:
«Tru, hopp og kjærleik – men størst av alt er Vikersund»
FANKLUBB: Vikersund har alltid stått sterkt i familien Langmo. Her med pappa Narve Jostein (til venstre).
Foto: PrivatMed resten av verdseliten som publikum landa han på 239 meter – klart lengst av alle.
– Eg klarar ikkje å beskrive det. Det er den vektlausheita og «feelingen» du har frå kulen og ned. Den går berre på «repeat», seier han.
På sjølve renndagen følgde han opp og tok ein sensasjonell fjerdeplass i konkurransen.
Spådommen frå soknepresten heime i Rissa om at denne guten kom til å bli lagt merke til, hadde slått til.
Same vår fekk han e-posten han hadde drøymt om sidan han lærte å gå. Han var tatt ut på det norske hopplandslaget.
– Det bur ein sju åtte år gamal gut inni her som alltid har fått stjerne i augo når eg ser landslagsgutane. Kvar gong eg tenker at eg er ein del av landslaget, så tenker eg på den vesle gutungen som starta å hoppe på ski og som alltid har drøymt om landslaget, fortel Isak Andreas.
Gruar seg til ein ting med å bli prest
Tilbake i Trondheim.
Isak Andreas har tatt oss med til Kolstad. Dette er blitt hans nye heim både som hoppar og åndeleg.
TRU: 22-åringen har alltid hatt med seg barnetrua.
Foto: Frode Søreide / NRKDet er ei spesiell høgtidleg stemning over det heile i det vi opnar den doble døra og stig inn det store rommet.
På rekke og rad står det raude stolar. Heilt framme ser vi alteret og sidevindauga i kyrkjebygget kastar eit kunstnarisk lys inn over Jesus som heng på krossen.
Han set seg ned ved pianoet, som er plassert ved sidan av preikestolen. Han kjem frå ein musikalsk familie og tonane han tryllar ut av tangentane gir ei indre ro i kroppen.
Men det får den unge guten til å reflektere. Det er noko ved presteyrket som skremmer han.
– Eg har jo høyrt at eg er passe tonedøv, så eg er litt spent på når eg skal synge for heile meinigheita. Den biten der gruar eg meg ekstra til, seier han og smiler.
Stigma i idrettsmiljøet
Isak Andreas har vakse opp med si barnetru, men at han sjølv skulle bli prest hadde ikkje dei rundt han sett føre seg.
– For mange var det litt sånn overraskande. Litt av eit yrkesval, men så får dei grubla litt og tenkt på det. «Ja, så klart skal han bli prest», seier han.
– Var det eit kall?
– Det kallet opplevde eg ikkje som lyn frå klar himmel. Det var meir eit sterkt lys som låg nedgrave under ein steinhaug. For kvar stein du løfta så byrja det å lyse klarare. Det er noko som har bygd seg opp gjennom tid.
SALMESKO: Han har også med seg barnetrua i hoppbakken. På skoa har han skrive inn salme 23: Herren er min hyrde.
Foto: PrivatLitt større var nok reaksjonane i idrettsmiljøet.
– Når først det yrkesvalet dukka opp, la eg veldig merke til det stigmaet som kanskje ligg bak hjå veldig mange i det miljøet. Eg syntest jo det var veldig moro å få korrigere og avkrefte det stigmaet som mange har hatt.
– Mange som har møtt meg og høyrt at eg er truande og vil utdanne meg til prest har hatt ei formeining om at prestar er sånn og sånn og dei dømmer enkelte personar og grupper. Det er mange som trur at eg tenker på ein spesifikk måte som ikkje er sann.
– Utanfor trusmiljøet finst det mange ikkje-truande og agnostikarar. Det er ein naturleg ting som vi forheld oss til.
På hopplandslaget var det mange som vart overraska, då Isak Andreas fortalde om yrkesvalet sitt.
– Eg blei litt overraska. Det er ikkje eit så vanleg yrke i Noreg no lenger. Han er ikkje ein type du ser for deg er prest, seier Marius Lindvik.
OVERRASKA: Marius Lindvik vart overraska over yrkesvalet til landslagskollegaen sin.
Foto: Jorunn Hatling / NRKKristoffer Eriksen Sundal var på fleire reiser med Isak Andreas før han fekk vite at han skulle bli prest.
– Han er ikkje noko annleis enn oss. Frå mitt perspektiv er det ein uvanleg veg å gå i studielivet, men han klarar å kombinere idrett og studie. I tillegg er det ein unik veg å gå. Eg set pris på personar med litt karakter, seier han.
Lindvik kan også fortelje at det har bydd på nokre utfordringar i starten.
– I starten då eg var med han, så tok eg meg i å banne mykje meir. Så tenkte eg, oi, no bannar eg framfor Isak. Så ein blir meir bevisst på det, men no som eg kjenner han betre, så går det greitt.
– Eg har sett han sint også. Men han brukar litt snillare ord enn oss andre.
For den lovande skihopparen stikk yrkesvalet enda djupare.
– Først og fremst er det trua og det ein trur på som appellerer sterkast for min del. Samtidig gjev presteyrket i Noreg deg høve til å møte folk i situasjonar utanom det vanlege. Og eg ser ei mogelegheit til å jobbe med menneske i alle aldrar.
Draumen om VM
Kontrastane kunne eigentleg ikkje vore større. Utanfor kyrkjeveggane finn vi treningsstudio han brukar mest tid i.
Litt lengre oppe i åsen finn vi hoppbakken i Granåsen.
Det er her han og lagkompisane no ligg i hardtrening. Det store målet for vinteren er VM i Falun i februar.
NM: Isak Andreas Langmo vann NM i normalbakken i Midtstubakken i oktober.
Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen / NTB– Det er jo då du kjenner at det verkeleg er noko som står i historiebøkene. Eg synest det er veldig digg å kjenne litt på den prestisjen der. Det blir den kremen på toppen av kaka som gjer at du har enda meir lyst til å jage og jobbe mot det kvar dag.
For det er ikkje tvil om at det er hopp som er viktigast akkurat no. Presteyrket skal han ha til den dagen hoppskia blir lagt på hylla.
– Eg har alltid hatt store draumar og ambisjonar innafor hoppsporten. No som eg er på landslaget så kjenner ein meir på at ein har mogelegheita.
Isak Andreas enda førre helg på tredjeplass på Lillehammer. Det var den første pallplassen til 22-åringen i verdscupen.
PREST: Isak Andreas Langmo bur i dag i Trondheim og satsar på å bli prest etter at hoppkarrieren er over.
Foto: Frode Søreide / NRKPublisert 24.11.2026, kl. 12.18
Source: NRK · Frode Søreide
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira