Seint på kvelden for snart to veker sidan skal to personar ha tatt seg inn i eit hus i Fana i Bergen.
Der skal dei ha slått og tatt kvelartak på eit ektepar i 50- og 60-åra.
Gjerningspersonane skal ha hatt på bøff og caps, og lenge gjekk dei fri.
Men onsdag denne veka pågreip politiet tre personar.
Dei er no sikta for medverknad til grov kroppskade, fortel politiadvokat Anna Sygnabere til NRK.
Vil ikkje kommentere
Sygnabere vil ikkje kommentere på ekteparet sin helsetilstand, men seier at dei blei sett til av helsepersonell då politiet kom til huset.
Politiet jobbar no med å etterforske saka vidare, og vil derfor ikkje fortelje meir om kva som eventuelt kan ha skjedd.
Sygnabere vil ikkje kommentere på:
- om det var ein relasjon mellom dei sikta og dei fornærma
- om det er funne noko våpen eller liknande på staden
- om dei sikta var kjent for politiet frå før
- korleis det går med dei fornærma
– Er det fleire involverte i hendinga enn dei som no er sikta?
– Det er noko av det me undersøker no, seier Sygnabere.
To maskerte menn
Naboar til ekteparet sa til NRK like etter hendinga at dei hadde fått forklart at to maskerte menn tok seg inn via ei kjellardør og banka på inn til huset.
Ein annan nabo fortel at han vart merksam på at noko hadde skjedd då han rundt midnatt høyrde ei drone.
– Då vi gjekk ut, såg vi ein ambulanse og tre politibilar parkert utanfor, og fleire sivile bilar, og høyrde at det vart leita i terrenget.
Ein av tre sett fri
Dei sikta er to kvinner i 30- og 40-åra og ein mann i 30-åra.
Ein av dei tre sikta blei sett fri etter avhøyr torsdag. To av dei sit i arresten i påvente av ei eventuell varetektsfengsling.
– Vi vurderer nå om det er grunnlag for å framstille dei for varetekstfengsling eller ikkje, seier Sygnabere.
Det var Bergens Tidende som først melde om siktinga.
Publisert 22.10.2026, kl. 13.16 Oppdatert 22.10.2026, kl. 13.37
Source: NRK · Synne Sørenes
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira