Det var kollegaer som fatta mistanke og slo alarm om at det hadde utvikla seg varme kjensler mellom ei av dei tilsette og ein pasient.

Kvinna var tilsett på den psykiatriske avdelinga der drapsdømde mannen får behandling og medisinar.

Det kjem fram av varselet til Statens helsetilsyn.

Nyleg miste ho retten til å praktisere i yrket sitt for å ha blitt kjærast med ein pasient.

Politiet har også starta etterforsking av henne.

– Ho blei meldt for å ha hatt eit intimt forhold med ein pasient, seier politijurist Anders Skorpen-Trøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Det var Helsetilsynet som melde henne til politiet, for brot på helsepersonellova §4.

Politijurist Anders Skorpen-Trøen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dømd for drap på 16 år gamal jente

Hundrevis av frivillige leita i vekevis etter 16 år gamle Sigrid Giskegjerde Schjetne i Oslo, før ho blei funnen drepen hausten 2012.

Ein sunnmørsmann blei seinare dømd til psykisk helsevern, og har dei siste åra vore i behandling ved ei av avdelingane i Helse Møre og Romsdal.

Det var han den tilsette kvinna innleia eit forhold til.

Vil flytte saman med kjærasten

Kjæresteforholdet var tema i Sunnmøre tingrett tidlegare denne veka, då drapsmannen for første gang bad om å bli sett fri.

No vil han flytte for seg sjølv, og forklarte i retten at han såg for seg ei framtid med den tidlegare tilsette.

I retten fekk han spørsmål om han ønskte å bu åleine.

– Ja, men med tid og stunder håpar eg å flytte saman med kjærasten min.

Drapsmannen vil ikkje lenger vere innlagt i helsevesenet og ber om å bli sleppt fri. Denne veka blei spørsmålet behandla i retten.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

I retten kom det fram at dei andre behandlarane var urolege for korleis forholdet til ein tilsett på den psykiatriske avdelinga kunne påverke den drapsdømde mannen.

Det blei også stilt spørsmål ved om ikkje om helseføretaket burde vore meir opptatt av dette.

NRK har spurt leiinga i Helse Møre og Romsdal om dette, men det vil dei ikkje svare på.

  • Kva er forvaring?

    Forvaring er ein særskilt straffereaksjon i Noreg som blir brukt når ein lovbrytar vert vurdert som så farleg at vanleg fengselsstraff ikkje er tilstrekkeleg.

    Forvaring har eit hovudfokus på å beskytte samfunnet mot personar som har stor fare for å gjenta alvorlege lovbrot.

    I motsetnad til ordinær fengselsstraff, som har ei fastsett lengd, kan forvaring vare på ubestemt tid.

  • Når kan ein forvaringsdømd sleppe ut?

    Forvaring er det einaste middelet i det norske rettssystemet som kan føre til ei reell livstidsdom, sidan det ikkje finst ei øvre tidsgrense.

    Det blir fastsett ei tidsramme og ofte ei minstetid, og forvaringsdømde kan ikkje sleppast fri før minstetida er utløpt.

  • På kva grunnlag vurderer domstolen lauslating?

    • Risikovurderingar: Psykologar vurderer om den dømde framleis er farleg for samfunnet.
    • Fengselsobservasjonar: Rapportar om åtferd og deltaking i rehabilitering.
    • Dokumentasjon: Rapportar frå terapi og rehabiliteringsprogram viser om personen har vist positiv utvikling.
    • Tidlegare åtferd: Retten vurderer risikoen for tilbakefall.

Miste arbeidet etter kort tid

Det gjekk berre ti dagar frå kollegaene varsla om at ein av dei tilsette hadde eit forhold til ein pasient, til ho måtte gå frå jobben.

Leiinga i Helse Møre og Romsdal vil ikkje stille til intervju og vil heller ikkje svare skriftleg på kva for rutinar dei har sett inn for å unngå at slikt skjer på nytt.

– Helsepersonellova stiller krav om at helsepersonell opptrer fagleg forsvarleg og ivaretar ein profesjonell relasjon til pasientane. På generelt grunnlag kan eg seie at eit romantisk forhold mellom tilsett og pasient ikkje er i samsvar med dette, skriv HR-direktør Kjetil Lundberg i ein e-post.

HR-direktør Kjetil Lundberg i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Beklagar i brev til Helsetilsynet

I mars i år miste kvinna autorisasjonen, og kan dermed ikkje praktisere yrket sitt lenger.

Kvinna ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.

I eit brev til Helsetilsynet går det fram at ho beklagar det som har skjedd, men etterlyser betre oppfølging frå Helse Møre og Romsdal, der ho arbeidde.

Helseføretaket vil ikkje kommentere dette og viser til teieplikta.

Den tilsette kvinna og den drapsdømde pasienten møttest på ei av dei psykiatriske avdelingane i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Svært alvorleg

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen vil ikkje kommentere den konkrete saka, men uttaler seg på generelt grunnlag.

– Generelt ser vi svært alvorleg på forholda du beskriv. Slike situasjonar blir følgt opp gjennom individuelle tilsynssaker mot aktuelt helsepersonell.

Statens helsetilsyn vil ikkje kommentere saka, men stadfestar at saka blei meld til politiet i april 2026.

I 2025 var det 19 tilsette som mista autorisasjonen for å ha privatisert relasjonen med pasient/brukar, eller på grunn av seksuell relasjon med/seksuelle overgrep av pasient/brukar.

Det viser tal frå Statens helsetilsyn.

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier at dei ser alvorleg på forhold mellom tilsette i helsevesenet og pasientar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Møtte fram i retten

Kjæresten til den drapsdømde mannen følgde saka frå tilhøyrarbenken då Sunnmøre tingrett behandla saka hans tidlegare denne veka.

Frå vitneboksen forklarte han at dei to framleis er eit par.

Han er ikkje glad for at ho måtte gå frå jobben i psykiatrien i Helse Møre og Romsdal.

– Ho mista jobben. Dessverre, sa han.

Publisert 29.10.2026, kl. 11.00

Source: NRK · Synnøve Hole, Fride Kvamsøe Rekdal, Kaspar Fredrik Selvik

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira