– Det er på tide at vi tar folkefesten tilbake.

Det seier Terje Lund, arrangementssjef i Skiforbundet.

– Målet er å få publikum tilbake. Vi har hatt ein nedgåande trend ein del år, og er nøydde til å ta grep, seier han.

Det som ein gong var ein folkefest har utvikla seg til å bli ein fyllefest utan sidestykke.

– Det er VM i ungdomsfylla, sa Expressen-kommentator Tomas Petterson til NRK i 2024.

  • LIV: Tusenvis av publikummere på plass under femmila i Holmenkollen 2024.

    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • POLITI: Politiet og vektere grep inn i flere slåsskamper under femmila.

    Foto: Ukjent
  • MANNSTERKE: Politiet måtte bortvise 50 personer fra arrangementet i 2024.

    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • KAOS: I 2018 ble det ordentlig bråk da publikum skulle ta seg ned fra Holmenkollen.

    Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Svenske Aftonbladet rapporterte om kokainbruk 15 meter frå skisporet i 2024.

Den gongen blei 50 personar bortviste frå arrangementet, over 100 ungdommar trong hjelp frå Røde Kors. Dei fleste var i alderen 16–20 år.

Det har blitt kvardagskost kvar gong det er langrenn i Holmenkollen, ei utvikling skiforbundet liker dårleg.

– Vi har hatt noko utfordringar i marka, og dei tar vi teke tak i nå. Vi ønsker ein fest i marka, men vi ønsker eit meir vakse publikum, seier Lund til NRK.

Tomme tribunar

I tillegg har arrangementet vore gjennom ein kraftig publikumsnedgang. Særleg hoppbakken har tidvis vore eit trist syn.

TOMT: Hoppbakken har dei siste åra vore ein sørgeleg skode.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Dessverre har vi hatt ein nedgåande trend. Folk er kanskje vande til å sitte i sofaen. Vi ønsker å lage ei oppleving for dei som er der som gjer det betre enn å berre sjå på TV, seier Lund.

Frir til studentar

Nå håpar skiforbundet å kopiere VM-formelen frå Trondheim i 2025.

Nøkkelen er å få fatt i studentane, meiner Terje Lund.

FOLKEFEST: Under VM i Trondheim var det 100.000 som såg femmila i skogen.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

– Vi vender oss til studentar og studentmiljøa i Oslo. Under VM i Trondheim hadde vi 100.000 i marka, og likevel var det nesten ingen hendingar. Det er ikkje fordi folka er annleis, men det var eit litt meir vakse publikum, seier Terje Lund og understrekar:

– Vi ønsker fest i marka, men eit meir vakse publikum som tar ansvar for seg sjølve om omgivnadene.

Lund seier at, fordi arrangementet skjer ute i friluft, så kan dei ikkje regulere det med billettar eller inngangssjekk.

– Vi håpar og trur at med dei formaningane politiet og vi kjem med, gjer at foreldre tar grep og sørgar for at dei som ikkje har noko der å gjere, dei som ikkje kjem til å lage ein hyggeleg folkefest, ikkje kjem, seier Lund.

Holmenkollen-helga er 12.–14. mars 2027.

Det er første helga etter VM på ski, og utøvarane kjem direkte til Oslo frå VM i Falun.

Nødetatane kom ikkje fram

Første året med komplett kaos i Holmenkollen var 2018. Nødetatane kom ikkje fram, og T-banen måtte stengast av sikkerheitsgrunnar. Skadde menneske måtte flygast ned frå Holmenkollen i helikopter.

KAOS: I 2018 blei det bråstopp på mange frontar.

Foto: Philip Hofgaard,NRK

Innsatsleiar Tore Barstad kom da med knallhard kritikk:

– Det er eit himla kaos. Folk har vore utruleg ufine og utruleg vanskelege å leie. Dei har gitt blaffen i tilvisingane frå politiet og går ned i T-banespor, sa han.

Det førte til fleire tiltak i 2019.

  • Fleire frå politiet og fleire vektarar på jobb
  • Tidlegare rennstart
  • Fleire frivillige vaktar i marka

Skiforbundet samarbeider med politiet om sikkerheita, men dei seinaste åra har det vore mange fulle ungdommar som har skapt problem.

– Politiet var tydeleg i fjor på at dei kjem til å slå hardt ned dersom det er unge folk som rusar seg i Holmenkollen, og det støttar vi hundre prosent. Dei som er ute etter å lage bråk og fyll, dei ønsker vi ikkje i Holmenkollen, seier Lund.

PÅ PLASS: Politiet stilte mannsterke sist det var folke- og fyllefest i Holmenkollen – i 2024.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Publisert 09.11.2026, kl. 16.57

Source: NRK · Jørund Wessel Carlsen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira