– Vi kjem til å forsvare oss formidabelt om nokon skulle vere så dumme at dei går til angrep på oss. Vi vil forsvare kvar kvadratmeter av territoriet vårt.

Det seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) til NRK.

Fredag var forsvarsministeren på Høybuktmoen i Sør-Varanger, finnmarkskommunen på grensa til Russland. Her utplasserer nå Noreg nye sensorar for å kunne oppdage og verne seg betre mot farlege dronar på avvegar.

Sensorane er del av Nasams, eit avansert norsk luftvernsystem som kan skyte ned truslar i lufta.

– Vi viser nå at vi på kort sikt og veldig kort tid kan sette opp dette systemet, seier Sandvik.

Sensorane skal auke Noregs evne til å verne seg mot dronar og truslar frå lufta.

Foto: Hilde Olaussen / NRK

Droneangrep nær grensa

Forsvarsministeren understrekar imidlertid at det ikkje skjer som følge av nye konkrete truslar eller utviklingar.

– I andre land i Europa har vi sett at dronar kjem på avvegar. Det tar Noreg på alvor. Og vi skal vere førebudde, sa forsvarsministeren til pressa.

Og spenningane aukar. Den siste veka har Noreg og europeiske land blitt utsett for ei rekke dataangrep og sabotasjeaksjonar.

Russlands storkrig mot Ukraina har ramma mål utanfor grensene mellom landa. I Svartehavet har sjøfolk mista livet etter droneangrep mot skip. Dronar har også ramma mål i Finland, dei baltiske statane og Romania.

Enkelte av desse er dronar som er mistenkte å ha komme på avvegar, mellom anna som følge av forstyrringar i styringssystema.

Gjennom krigen har Ukraina også sendt dronar mot flybasen Olenja på Kolahalvøya, rundt 100 kilometer frå grensa til Noreg.

Aukar samarbeidet med politiet

– Det som desse systema er gode på, og som har fungert veldig godt i Ukraina, er å finne dronar og fly som flyg i låg høgde, seier fungerande sjef for luftvernbataljonen Kenneth Øyen til NRK.

Noreg ser blant anna på erfaringar frå Ukraina der Nasams-system blir brukte for å oppdage lågtflygande dronar og fly, fortel fungerande sjef for luftvernbataljonen Kenneth Øyen.

Foto: Hilde Olaussen / NRK

Framover skal også Forsvaret og politiet øve på informasjonsutveksling og samarbeid for å handtere og vurdere dronetrusselen mot Noreg.

– Droneutfordringa generelt har jo treft heile Noreg. Den har treft flyplassar og restriksjonsområde, seier konstituert politimeister i Finnmark Trond Eirik Nilsen til NRK.

Dronar er ei utfordring for heile landet, ifølge Trond Eirik Nilsen, konstituert politimeister i Finnmark.

Foto: Hilde Olaussen / NRK

Dersom farlege dronar skulle komme inn over norsk territorium, vil folk i ramma område få eit nødvarsel i form av ei melding på telefonen.

Nødvarselet blir sendt ut til alle som er i eit definert område, så lenge telefonen er på, oppdatert og kopla til mobilnettet.

– Det å få varsel frå Forsvaret om den typen truslar, som og er ein trussel mot lufttrafikken, er viktig for oss, seier Nilsen.

Publisert 06.11.2026, kl. 11.56 Oppdatert 06.11.2026, kl. 22.10

Source: NRK · Gunnar Sætra, Vilde Skorpen Wikan

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira