Det viser ein rapport frå Kystfiskarlaget – som representerer dei små fiskefartøya.
– Det er langt verre enn eg frykta da eg bad om at vi skulle starte dette arbeidet, seier Tom-Vegar Kiil, som leier Kystfiskarlaget.
Tom Vegar Kiil leier Kystfiskarlaget. Han er også medlem i SV.
Foto: Inghild EriksenI 2020 bestemte Stortinget at fiskeflåta skulle betale full CO₂-avgift. Målet var å kutte klimagassutsleppa frå drivstoffbruken.
Sidan det ikkje var gode alternativ til diesel, bestemte politikarane at fiskarane skulle kompenserast for kostnadsauken.
Ordninga dempa ikkje berre avgiftssjokket. For dei store, havgåande fartøya blei ordninga ei rein overskotsforretning.
I 2025 betalte havfiskarane til saman rundt 200 millionar kroner i CO₂-avgift. Samstundes fekk dei over 400 millionar kroner tilbake frå staten.
Desse pengane gjekk til reiarar i ei allereie lukrativ næring.
Dei største fiskefartøya tente godt på CO₂-kompensasjon.
Foto: Bjørn E. Halvorsen– Vore klar over
For kystfiskeflåten, som i all hovudsak består av sjarkar, er det annleis.
Denne delen av fiskeflåten gjekk i minus, viser Kystfiskarlagets rapport. Dei betalte 33 millionar kroner meir i CO₂-avgift enn dei fekk kompensert.
– Utgangspunktet var at flåtegruppene skulle kompenserast for den CO₂-avgifta ein faktisk betaler, seier Kiil.
Kystfiskarane har komme langt dårlegare ut enn dei store fiskefartøya på havet.
Foto: Erlend Hykkerud / NRKKompensasjonsordninga blei utforma utan utgreiing i 2020. Millionutbetalingane vart baserte på eit notat styresmaktene laga i 2019.
– Vi såg problemet allereie da CO₂-kompensasjonsordninga blei innført. Myndigheitene mista oversikta over kor mykje drivstoff dei ulike flåtegruppene faktisk bruker, seier Kiil.
Tala i Kystfiskarlagets rapport kjem frå Garantikassa for fiskarar.
Kor mykje fiskarane har betalt i CO₂-avgift, er basert på det dei sjølve har rapportert. Det er derfor knytt noko uvisse til tala for innbetalt avgift, seier Rachel Haugness, leiar i Garantikassen.
– Vi antar at fiskarane stort sett har rapportert riktig.
Harryhandlar drivstoff
Korleis kom dei største fiskebåtane så godt ut?
Kor mykje fiskereiarane får kompensert, er ikkje berekna ut frå kor mykje dei har betalt i avgift til Noreg.
Kompensasjonen blir fordelt etter omsetninga til fartøya.
Samstundes kjøper dei store båtane mykje av dieselen avgiftsfritt.
NRK har blant anna skrive om norske fiskefartøy som dreg heilt til Shetland for å fylle tankane med avgiftsfri diesel.
Slik fekk ei rekke fiskereiarar meir i kompensasjon enn dei faktisk hadde betalt i CO₂-avgift.
Shetland ligg mellom Noreg og Færøyane.
Gnir dei store fartøya seg i henda? Nei, ifølgje interesseorganisasjonen Fiskebåt, som representerer dei største fartøya.
– Ei ordning som gir eit så skeivt resultat som i dag vil raskt miste legitimiteten sin, seier fagdirektør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt.
Fiskebåt seier at fordelinga mellom store og små fiskefartøy må stå i forhold til betalt avgift.
Jan Ivar Maråk er fagdirektør i interesseorganisasjonen Fiskebåt.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKVarsla departementet
NRK har tidlegare intervjua Bård Erik Nyvoll, skipper på fiskebåten «K Nyvoll».
– Det er tungt å måtte betale denne avgifta. Vi må konkurrere mot utanlandske fartøy som fiskar i same område som oss, men som slepp avgifta, har Nyvoll tidlegare uttalt til NRK.
Fiskebåt har sett på dei same tala som Kystfiskarlaget. Dei har kome fram til same konklusjonar.
– Vi meiner at ordninga ikkje fungerer etter hensikta. I første rekke kjem det av at løyvinga til ordninga skjer i ettertid, slik at utøvarane ikkje veit kva dei skal forhalde seg til kvart enkelt år.
Fiskebåt fortel at klimaavgifta verkar mot hensikta. Utsleppa aukar når båtar tek omvegar for å tanke. Dessutan har ikkje andre land same krav til innblanding av biodrivstoff.
Fiskebåt sende brev om saka til Nærings- og fiskeridepartementet både våren 2025 og våren 2026.
– Dette er funn som vi lenge har vore klare over, og som vi ved gjentatte høve har gjort både Nærings- og fiskeridepartementet og Finansdepartementet merksam på, seier Maråk.
Nærings- og fiskeridepartementet har ikkje svart på NRKs spørsmål i saka.
Bård Erik Nyvoll er skipper på fiskebåten «K Nyvoll.».
Foto: Øyvind Sandnes / NRKKosta 190 millionar
Regjeringa har foreslått å kutte kompensasjonsordninga med 165 millionar kroner i neste års statsbudsjett. Ordninga blei også sendt ut på høyring i haust.
CO₂-avgifta er allereie tema i budsjettforhandlingane på Stortinget. Sp har gått saman med høgresida og fått fleirtal for å fjerne CO₂-avgifta for fiskeflåten.
Det var fiskekakefest på Stortinget etter at det blei semje om å fjerne CO₂-avgifta for fiskeflåten.
Foto: HøyreFor heile fiskeflåten kosta kompensasjonsordninga staten 190 millionar kroner meir enn staten fekk inn i CO₂-avgift, viser tala frå Kystfiskarlaget.
Fiskebåt meiner CO₂-avgifta bør avviklast inntil vidare.
– Da vil vi heller ikkje lenger ha behov for ei kompensasjonsordning, seier Maråk.
Kiil i Kystfiskarlaget foreslår ei meir rettferdig fordeling av kompensasjonspengane, der kystflåten får meir.
– Skal vi redusere forbruket, trur eg ikkje at det å ta bort CO₂-avgifta er det rette tiltaket. Da får ein ei løysing der det er fritt fram, seier Kiil.
Publisert 16.11.2026, kl. 06.33
Source: NRK · Fredrik Kampevoll
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira