Dette er på grunn av ein signalfeil, og skapar forseinkingar og innstillingar på alle linjer som går gjennom Oslo.

Feilen oppsto fredag ettermiddag, og våre fagfolk er i gang med undersøkingar og feilretting, seier kommunikasjonsrådgivar i Bane Nor, Anna Langhammer.

Det har vore mykje signalfeil på Austlandet i haust - her frå august.

Foto: Øystein Sanne / NRK

I tillegg køyrer toga med redusert fart mellom Skøyen og Lysaker, også grunna signalfeil.

– Vi gjer det vi kan for at togtrafikken trygt skal komme i gang igjen, men kan foreløpig ikkje seie kor lang tid arbeidet vil ta. Dette inneber at dei fleste tog nå snur på Skøyen og Oslo S, fortel Langhammer.

Slik såg det ut når det var store togproblem i Oslo i august.

Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Romeriksporten har også vore stengd fredag kveld.

– Det stemmer at det var ein signalfeil i Romeriksporten tidligare i ettermiddag, men han er rettet.

Tunnelen har altså opna igjen, men det kan ta tid før toga er i rute.

Publisert 23.10.2026, kl. 19.34

Source: NRK · Siri Storheim

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira