Det er stengd for togtrafikk mellom Nationaltheatret og Oslo S, melder VY i ei trafikkmelding.

Dette er på grunn av ein signalfeil, og skapar forseinkingar og innstillingar på alle linjer som går gjennom Oslo.

I tillegg køyrer toga med redusert fart mellom Skøyen og Lysaker, også grunna signalfeil.

– Vi gjer det vi kan for at togtrafikken trygt skal komme i gang igjen, men kan foreløpig ikkje seie kor lang tid arbeidet vil ta. Dette inneber at dei fleste tog nå snur på Skøyen og Oslo S, seier kommunikasjonsrådgivar i Bane Nor, Anna Langhammer.

Romeriksporten har også vore stengd fredag kveld. Tunnelen har opna igjen, men det kan ta tid før toga er i rute.

Source: NRK

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira