– Hadde nokon presentert det regimet her då eg spelte, trur eg det hadde blitt ledd av, fortel trenar Roy Johansen ikledd eit handkle rundt livet.
For kvardagen ser heilt annleis ut for gutane han er sjef over.
17 år utan kongepokal har fått klubben til å innsjå at endringar må til, ikkje berre på taktikktavla, men også utanfor isen.
– Eg trur det er eit skritt i riktig retning det vi gjer no, fortset han, og tek ein slurk frå den varme tekoppen.
SJEF: Roy Johansen blir med gutane på sauna og bading i den fire grader kalde fjorden.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK66-åringen har sjølv 10 kongepokalar under beltet, både som trenar og spelar i Vålerenga Ishockey.
I fjor tok han på ny over laget, og styrar ein gutegjeng som har vunne 11 av 13 kampar denne sesongen.
På med speedo
– Her sit vi og løyser verdsproblem og drikk te. Eg veit ikkje kva dei andre laga i ligaen drikk på...
...rekk spelar Jørgen Karterud å fortelje, før alle rundt bålet knekk saman i latter.
Det er ein frisk novemberdag heilt inst i Oslofjorden. Betre utsikt til operaen og Munch-museet er nesten ikkje mogleg å finne.
Først inn i den gloheite dampen, før fire gradar ventar i vatnet. Ein runddans som varer ein times tid.
Dei gjer ikkje dette til faste tider, men når treningane og kampane tillèt eit avbrot.
– Vi har fokus på helse og rehabilitering, og det å vere sosial i andre settingar enn på isen, fortel trenar Roy Johansen medan han får hete frå det vesle bålet som varmar teen.
Det nye samhaldet på den vesle brygga i Bjørvika er viktig, men ikkje hovudgrunnen til at laget kan sikte mot sølvtøy denne sesongen.
LAG: Samlingane mellom øktene har ført ishockeylaget tettare saman.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKNæring som gir resultat
Vålerenga har i fleire år hamna i skuggen av andre storlag i norsk ishockey.
No har spelarar og klubben tatt grep utanfor bana for å kunne ta steget til toppen igjen.
– Lite ultraprosessert og mest eigenprodusert mat. Vi har fokus på å få rett mat, det trur eg er veldig viktig, seier trenaren.
Den faste kokken «Raggen» lagar skreddarsydde måltid til utøvarane.
– No har vi hatt opplæring av Roy om at ultraprosessert mat er ut. Så då blir det fem–seks egg til frukost og blåbær. Vi kjem til dekka bord på Jordal (Amfi), salatbuffear og alltid to–tre varme måltid, fortel Karterud.
KONKURRANSE: Nokon prøver å halde seg i vatnet i over tre minutt, andre klarar seg med ein kort dukkert før dei returnerer til varmen.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKDet har nemleg ikkje vore så strengt tidlegare.
– Det har vel vore nokre som har tatt med seg pizza og ete det etter trening. Det er vel ikkje så mykje dritmat no som det har vore tidlegare, seier Vålerenga-proffen.
Noko trenar Johansen er heilt einig i. Likevel er det ikkje samanliknbart med når trenaren sjølv var aktiv.
– Då var det diskusjon mellom gutane om kva sigarettmerke som vart røykt, og nokon røykte kanskje i pausen, seier trenaren og får latter frå gruppa.
SPEEDO: Jørgen Karterud kan ta turen ned hit 4–5 gongar i veka, og er ikkje framand for å dra fram speedoen.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKTettare saman
To månadar inn i sesongen ligg laget aleine på toppen av Elitehockeyligaen, med fleire poeng ned til Frisk Asker.
– Vi har ikkje vunne på veldig mange år. Så det gjer noko med klubben og spelargruppa, seier Karterud, og legg til:
– Vi skal prøve å stå igjen med kongepokal til slutt. Det er ein lang veg dit, men sjølvsagt er jo det eit stort mål.
SAMLING: Teen står klar når spelarane og Roy tek seg til rette på kaia.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKI 2009 tok laget sin 26. og førebels siste kongepokal. Trenar Johansen trur at summen av fleire grep har ført dei inn i dagens posisjon.
– Eg trur det kan bli viktigare og viktigare å halde seg frisk og pigg og få det samhaldet som vi får her nede.
Sveitten renn, badstuetimen er over og det er ikkje meir te igjen.
Publisert 13.11.2026, kl. 21.11
Source: NRK · Fredrik Kårstad Lilleaasen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira