– Eg gleder meg til kvar søndag, for då sit eg berre der og trippar og ventar: «Har Sindre lagt inn kva eg skal trene neste veke?»
Therese Johaug er entusiastisk når ho fortel NRK om den nye treningskvardagen sin. Kvar søndag sender trenar Sindre Buraas ut planen for den kommande veka.
Noko av det Johaug set mest pris på, er effektiviteten og variasjonen i øktene.
– Det er ein heilt annan måte å trene på enn langrenn. Det er nye økter og nye oppsett på intervall. Eg kjenner på ekte treningsglede igjen, og det synest eg er skikkeleg gøy, seier Johaug.
Sidan april har ho for alvor satsa på løping. Etter København halvmaraton i september har ho retta blikket direkte mot Valencia maraton 6. desember.
Ingenting er tilfeldig i oppsettet rundt Johaug. NRK har fått tilgang til vekeplanane som skal bane veg for Johaugs mål om å ta OL-kravet.
– Eg har jo hatt ein veldig stor framgang frå eg starta med løpinga i april til no. Eg trenar på ein heilt annan måte no, som gjer at eg har meir overskot. Og eg trivst kanskje meir med det eg gjer, då.
GLEDE: Therese Johaug trivst godt med løping. Eit snøfall i Oslo gjorde at ho måtte trene inne på Bislett denne novemberdagen.
Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRKDette er programmet
Johaug understrekar at framgangen i stor grad kjem av trenar Sindre Buraas sin kompetanse.
Buraas har drive med langdistanseløp i fleire år. Han sprang Valencia maraton på 2.18.40 i fjor, og er tidlegare VM-utøvar på 5000 meter.
– Måten han jobbar på, har fått opp løpegleda i meg. Det er skikkeleg morosamt. Fordi det er så stor variasjon i økter og på treningar og ein annan måte å tenke på, seier Johaug og fortset:
– Det gir meg mykje energi, og det er kanskje derfor eg er sånn på hogget som eg er òg. Fordi ein trivst med det inst inne i hjartet.
NRK deler her to treningsveker frå oppkøyringa mot Valencia for å vise nøyaktig kva Johaug gjer.
– Ein må justere etter kroppen, men stort sett set eg opp spesifikke vekentlege program som liknar på dette. Stort sett to økter om dagen og eit ganske hardt køyr, seier Buraas.
– Har ikkje peiling
Trenar Buraas forklarer at treningsprogramma blir skrivne med blyant, og ikkje med penn. Det er heile tida moglegheiter for justering.
– Eg trur det psykiske der heng litt saman med det fysiske. At kroppen heile tida får nye impulsar, seier Buraas og fortset:
– Eg er overtydd om at ein må ha eit komplett treningsprogram, og ikkje berre låse seg til dei øktene ein teoretisk tenker er dei aller viktigaste.
Johaug lyttar til sin eigen kropp, og seier frå dersom ho har nokre innspel, men innrømmer at «ho ikkje har peiling på løping».
– Hadde eg ikkje hatt han til å rettleie meg rett, så hadde eg ikkje hatt sjanse, faktisk. Då hadde eg gått på så mange smellar og feil. For då hadde eg brukt langrennstreninga mi, seier Johaug.
MED PÅ ØKT: NRK var til stades på Therese Johaugs auka torsdag 12. november som bestod av fleire 3000-, 2000-, og 1000-metrar.
Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRKTo viktige punkt
Buraas forklarer at det sjølvsagt må ligge ein høg terskelfart og O2-opptak i botn dersom du skal få effekt av opplegget til Johaug.
Med Johaug, som har ein enorm kapasitet i botn, så har dei retta fokus mot to spesifikke arbeidskrav:
- Den muskulære herdinga – altså kva fysisk belastning kroppen din toler muskulært.
- Energiomsetning – å auke energiomsetninga på feittforbrenning saman med karbohydrat.
– For maraton, så er det dei spesifikke tinga. Om ikkje er du sjanselaus. Du kan ha god kapasitet i botn og fokusere på det. Men med berre kapasitet, så vil det seie bom stopp etter 30 kilometer. Du må trene på det spesifikke om du vil komme deg i mål, forklarer Buraas.
MÅLRETTA: Sindre Buraas har lang løpserfaring, og er mektig imponert over Therese Johaug.
Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRKBuraas spår at Johaug med utgangspunktet sitt kan klare å springe Valencia maraton på ein stad mellom 2.21 og 2.25.
Ingrid Kristiansens noregsrekord er på 2.21.05, og OL-kravet for Los Angeles 2028 er på 2.22.20.
– Ho er veldig ivrig og absorberer treninga ganske lett. Det er eit privilegium å jobbe med nokon som har ein så stor kapasitet i utgangspunktet. I tillegg så har ho ein treningsinnsats og ein treningsintelligens som er veldig høg, seier han.
Ikkje for alle
Programmet til Johaug er skreddarsydd basert på terskelkapasiteten og utgangspunktet hennar. Ho spring rundt 180 kilometer i veka.
Han anbefaler derfor ikkje alle å bruke planen som utgangspunkt.
– Om eg skulle ha skissert noko for ein løpar utan same kapasitet, så ville eg nok gjort ei selektering. Det er lettare å trene utøvarar som trenar 14 gonger i veka enn 7. For det er veldig mange ting du kan legge inn.
Og om du sjølv kjenner det er nok med tre økter i veka, så er det også greitt, ifølge Buraas.
– Men då må du gjere ein del utval og kompromissar. Då bør du gå for lengre, rolege økter, slik at kroppen din er klar for distansen, seier han og viser til «dei to arbeidskrava» som er nemnd over.
UNIK: Sindre Buraas seier det er ein fryd å trene Therese Johaug på grunn av kapasiteten ho har i botn.
Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRKHan påpeikar at det er kapasitet som tar lengst tid å bygge opp. Dersom han er i botn, så kan du klare å takle overgangen til maraton.
Han viser til svenske Andreas Almgren, som til vanleg spring baneløp på 10.000 meter, men likevel klarte å vinne New York Marathon med tida 2.06.01 i november.
– Det er mange som berre trenar for å trene. Men ein må vite kva som faktisk skjer når ein trenar på dei ulike måtane. Det er litt som å ta ei kokebok: Du følger oppskrifta, men du veit ikkje nødvendigvis kvifor sitronen skal inn i det heile tatt, og på kva tidspunkt.
GULL: I august tok Andreas Almgren EM-gull på 10.000 meter, og i november vann han New York Marathon i sin offisielle debut på distansen.
Foto: Thomas Salus / Imagn Images,NTBLogistikk
For Johaug fungerer det å få desse planane kvar veke, sjølv om ho har andre prosjekt, er mor til Nils (på snart eitt år) og Kristin (3,5 år), og har ein mann som jobbar turnus som lege.
Det fungerer i alle fall nesten alltid.
– I går reiste svigermor til Bergen. Ho stiller alltid opp døgnet rundt. Så då var det broderen som måtte steppe opp og køyre Kristin til barnehage og ta vare på Nils, for Nils Jakob skulle på nattevakt. Så han må sove, ikkje sant. Så det er litt logistikk.
STILLER OPP: Nils Jakob Hoff og dottera Kristin er ofte med. Her frå Trondheim-VM i 2025.
Foto: Lise Åserud / NTBDet er derfor heilt ideelt for Johaug at øktene som regel ikkje tar meir enn éin time.
– Ein klarer å få lagt inn økter på morgonen og før ein hentar i barnehagen stort sett. Så eg kjenner at det fungerer i kvardagen min, då.
Familien backar henne fullt ut i jakta på nye draumar. Det første målet er sett: Å ta OL-kravet på 2.22.20 i Valencia søndag 6. desember.
– Eg liker jo å vere litt offensiv, og om eg feilar, så feilar eg. Men det hadde vore gøy å gå for det.
Publisert 27.11.2026, kl. 09.25
Source: NRK · Brede Bleiklie Thomassen
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira