Fire minutt før stengetid skulle Kim Adrian Rasmussen (41) berre ein snartur innom den lokale Coop Extra-butikken i Melbu i Vesterålen.
På handlelista stod det nokre småting.
– Eg var innom butikken fire minutt før stengetid for å hente meg ein kaviartube og ein pakke røyk. Då eg kom til kassa var det ingen der.
Alle dei tilsette hadde tatt helg.
Kim-Adrian Rasmussen blei stengt inne i matbutikken.
Faksimile: Kim-Adrian Rasmussen / Kim-Adrian RasmussenHan prøvde å rope om hjelp og ringde på ringeklokka ved kassa utan hell.
– Plutseleg slo lyset seg av, så eg prøvde berre å få tak i folk, fortel han.
Utanfor butikkdøra såg han ingen.
– Så eg stod ved kassa og venta på svar.
Det var Vesterålen Online (Vol.no) som først omtalte hendinga.
Brukte Facebook for å kome seg ut
Då han skjønte at han var forlaten i butikken, prøvde han først å ringje dei tilsette. Men ingen svara på telefonen.
Han vurderte også å ringje politiet for å kome seg ut, men Rasmussen enda til slutt med å leggje ut eit innlegg i den lokale Facebook-gruppa.
– Eg tok ein selfie og la ut eit innlegg i den lokale Facebook-gruppa «Vi i Melbu».
Med håp om at nokon i Melbu og nokre av dei tilsette skulle sjå innlegget.
Fleire tusen har etter kvart sett innlegget.
– «Kom til kassa to minutt før Extra skulle stenge, skulle betale for to ting, ingen her, ringare på klokka, ropte høgt «hallo». Så plutseleg slo lyset seg av, har ringt tre forskjellige tilsette og er innesperra på Extra her på Melbu. Kan nokon av de andre tilsette kome, ta betalt og låse meg ut?»
Over 4000 personar har likt innlegget på Facebook.
Faksimile: Kim-Adrian Rasmussen / Kim-Adrian RasmussenFekk betale til slutt
Etter ein halv time innelåst kom endeleg redninga. Ein av dei tilsette hadde sett innlegget på Facebook.
Då dei møttest, fekk dei seg ein god latter.
– Me byrja berre å flire, eg og han, seier Rasmussen.
Den tilsette forklarte at han hadde snakka med den førre kunden, som trudde han var sistemann i butikken.
– Dei hadde spurt han om det var fleire kundar i lokalet, og fått nei. Eg var nok lenger nede i butikken, slik at dei ikkje såg meg. Sjefen ringde og beklaga, men eg sa at det gjekk heilt fint.
Matbutikken i Melbu. Bilete er tatt i ein anna samanheng.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRKI kassa fekk han betalt, og kunne endeleg ete kveldsmaten han hadde venta på.
Butikksjef Glenn Eirik Hansen-Joakimsen beklagar hendinga til VG.
– Heldigvis tok kunden det med eit stort smil og godt humør, sjølv om han nok sette pris på å kome seg heim etter kvart. Me beklagar sjølvsagt det som skjedde, og er glade for at situasjonen fekk ei rask og udramatisk løysing. Samstundes må vi få rose kunden for måten han handterte situasjonen på, seier Hansen-Joakimsen til VG.
Etter ei lita stund fekk han kveldsmaten på bordet. Det tok berre litt lengre tid ein forventa.
Foto: Kim-Adrian Rasmussen / PrivatHar gått viralt på sosiale medium
Sidan publisering har innlegget fått over 4000 likarklikk og hundrevis av kommentarar.
Både lokalaviser og nasjonale medium har teke kontakt.
– At det skulle eksplodere slik på nettet, hadde eg aldri trudd. Eg har over 4000 reaksjonar, og dette er ikkje det første intervjuet mitt i dag.
Neste gong kjem han til å leggje handleturen til litt tidlegare på dagen.
– Eg prøver å unngå å handle i siste liten, og eg trur dei tilsette kjem til å ta ein ekstra runde i butikken før dei låser, seier han lattermild.
Publisert 25.10.2026, kl. 20.47 Oppdatert 25.10.2026, kl. 21.05
Source: NRK · Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira