Vedkomande skal ha blitt funnen i sjøen i Vestvågøy kommune i Nordland førre veke.

Politiet har fått identifisert personen og kan slå fast at det er ein av dei sakna. Pårørande i Tsjekkia er varsla om funnet, opplyser politiet.

Fire fisketuristar reiste ut frå Averøy 18. september og blei meldt sakna då dei ikkje kom tilbake.

Båten blei seinare funnen i sjøen, saman med ein av dei sakna, som var omkomen.

Publisert 31.10.2026, kl. 09.38

Source: NRK · Silje Steinnes Bjerknes

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira