Islagde vegar og temperaturar som skiftar mellom pluss og minus betyr utfordrande forhold på vegane.
– Vi har allereie ein del utforkøyringar og ein strøbil som har køyrd ut, seier Hans Petter Riddervold Hårsvær, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen midt i Statens vegvesen.
Skiftande vêrforhold gjer det glatt sjølv om vegane vert salta og strødd.
Ifølgje Hårsvær har telefonen på Vegtrafikksentralen ringt nær sagt kontinuerleg i morgontimane, og dei har fått inn «bøttevis» med meldingar om mindre ulukker i Møre og Romsdal og Trøndelag.
– Med mindre det er heilt naudsynt bør ein vurdere om ein i heile teke skal ta køyreturen, seier Hårsvær.
– I dag kan vere ein fin dag å heller spele GTA på, seier trafikkoperatøren.
Trass tilsynelatande svart asfalt kan det vere glatt likevel, ifølgje trafikkoperatør Hans Petter Riddervold Hårsvær.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKFire bilar av vegen same stad
På Frei sør for Kristiansund har heile fire bilar køyrd av vegen same stad, ifølgje Eivind Klokkersund ved politiets operasjonssentral.
Det vart ikkje meldt om personskade på Frei, so naudetatane rykker ikkje til hendinga.
– Vi har fått inn meldingar frå publikum om krevjande køyreforhold fleire stadar i fylket allereie, seier Klokkersrud.
Alvorleg skadd etter ulukke laurdag
I løpet av laurdag morgon og føremiddag var det ei rekke ulukker i Møre og Romsdal grunna det glatte føret.
På Vestnes kom ein bil over i feil køyrefelt, noko som førte til ein alvorleg front mot frontkollisjon.
Ein person vart alvorleg skadd og frakta frå staden med luftambulanse, den andre til sjukehus med ordinær ambulanse og mindre alvorlege skader.
– Vi har ikkje fått noko melding om endring av status i den saka, so den er framleis å rekne som alvorleg, seier Klokkersrud.
Publisert 22.11.2026, kl. 09.01
Source: NRK · Josef Benoni Ness Tveit
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira