– Det er tyngre no enn då han var mindre. Det er det, seier Henrik Kristoffersen (32) til NRK.
Etter at han blei tobarnsfar, var han til saman fem veker på samling i Sør-Amerika.
Treningsopphalda kom i dei første månadane etter at han og kona Tonje blei tobarnsforeldre. Lille Linnea kom til verda i sommar.
Emil, Henrik og Tonje Kristoffersen – med Linnea inne i magen.
Foto: PrivatFor alpinistane er lange treningsopphald ein del av jobben, men heime har tre år gamle Emil begynt å forstå meir av at pappa er borte – og vil helst ha han heime.
– Det gjekk veldig greitt dei fire dagane mellom Chile og Argentina, men etter Argentina syntest han pappa burde vere heime litt lenger, fortel 32-åringen.
– Kva er det du seier når du reiser?
– Eg seier at «pappa må reise bort», og det har vi snakka om, så seier eg at «pappa kjem alltid heim igjen».
Henrik Kristoffersen med sonen Emil i skibakken.
Foto: Privat– Kjem fleire moglegheiter
Familien har base i Salzburg i Austerrike, nokre timars køyring frå Sölden.
Der innleier Kristoffersen og resten av verdseliten verdscupsesongen med storslalåm søndag.
Kristoffersen blei nummer tre i Sölden i 2022, nummer to i 2024 og nummer sju i fjor. I 2024 sørgde Alexander Steen Olsen, Kristoffersen og Atle Lie McGrath for ein heilnorsk pall.
Starten på livet som fire blei krevjande for familien. Etter fødselen fekk Tonje ein blodpropp og måtte ha fleire dagar på sjukehus.
Denne gongen blir det utan Tonje og barna på tribunen.
– Linnea (barn) er ikkje vand til å vere på den høgda. Det kjem fleire moglegheiter i løpet av vinteren, seier Kristoffersen.
Emil har allereie fått vere med på ein av pappas store dagar i bakken. Då Kristoffersen tok OL-bronse i slalåm i Bormio i februar, var sonen på plass. Det var Kristoffersens tredje OL-medalje.
Henrik og Emil Kristoffersen helsar på kronprins Haakon i Italia.
Foto: Cornelius Poppe / NTB– Vand til å ikkje sjå familien
Kristoffersen var 17 år då han debuterte i verdscupen i mars 2012. Sidan har det blitt 34 sigrar og 102 pallplassar.
Berre Aksel Lund Svindal har vunne fleire verdscuprenn av norske alpinistar. Han stoppa på 36 sigrar.
Gjennom åra har Kristoffersen blitt godt vand til lange periodar på reisefot, også som familiefar.
– Eg er jo vand til å ikkje sjå familien min. Eg er vand til å vere borte frå kona og ein son i lange tider.
– Det er litt tyngre med Emil som begynner å skjønne meir. At pappa er borte og han vil eigentleg at pappa skal vere heime.
Han understrekar at reisinga er noko familien har vore førebudd på.
– Det er noko vi visste lenge før vi fekk barn. Det er noko vi prøver å lære han opp til. Så er det mange som har det mykje verre enn vi har det, så eg trur det går greitt.
Henrik Kristoffersen og resten av teknikklaget møtte pressa i Sölden torsdag.
Foto: Sindre Espe / NRKTidlegare i oktober fortalde Kristoffersen at han på grunn av treningsturane knapt hadde fått vore saman med dottera. Eit par dagar seinare hadde familien barnedåp.
– Det gjekk veldig fint! Det var ein fin dag med mykje familie og venner. Ho gret ikkje altfor mykje i kyrkja, så det gjekk også veldig fint. Det var koseleg.
- Rennet blir sendt på TV3/Viaplay. 1. omgang startar kl. 10, 2. omgang kl. 13.
Publisert 25.10.2026, kl. 07.48 Oppdatert 25.10.2026, kl. 08.25
Source: NRK · Sindre Espe, Martine Sørhus, Ingvild Marie Svardal
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira