Det internasjonale vektløftarforbundet (IWF) vedtok nyleg å tildele VM i vektløfting i 2030 til Moskva i Russland.
Dermed er IWF det første olympiske særforbundet som vel å gi ein offisiell verdsmeisterskap til Russland etter at landet gjekk til invasjon av Ukraina i februar 2022.
– Eg er veldig sjokkert over det. Eg kan ikkje forstå at det er mogleg av det internasjonale vektløftarforbundet å ha gjort ei sånn tildeling.
Stian Grimseth, president i Noregs Vektløfterforbund, er alt anna enn fornøgd med at Russland har fått vektløftar-VM 2030.
– For min del som president, om eg framleis er president då, så kjem eg til å vere krystallklar på at vi ikkje sender utøvarar til ein meisterskap i Russland, slår han fast og fortset:
– Der kjem eg til å vere krystallklar, og det trur eg styret kjem til å støtte meg på òg. For å seie det sånn: Om dei ikkje støttar meg i det, kan det hende at eg går av. For det er så prinsipielt mot alt eg står for.
SJOKK: President i Norsk Vektløfterforbund Stian Grimseth blei sjokkert over VM tildelinga til Russland.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRK– Ikkje til å tru
Grimseth meiner det ikkje er akseptabelt at Russland arrangerer meisterskapen.
– Eg meiner at eit land som står i ein invasjonskrig ikkje på nokon måte kan vere vertskap for ein meisterskap.
Han understrekar at han er klar over at det har vore oppmjuking rundt russisk og belarusisk deltakingar, og at det skjer i tråd med den internasjonale olympiske komiteen (IOC) sine retningslinjer.
– Då har eg jo hatt ei viss forståing for at utøvarane skal skånast mest mogleg og kunne få drive idrett og ikkje politikk. Men derifrå til at det internasjonale vektløftarforbundet tildeler ein verdsmeisterskap til Russland, det er ikkje til å tru rett og slett.
Grimseth seier han har utøvarane og støtteapparatet si sikkerheit i tankane når han meiner ein meisterskap i Russland ikkje kan finne stad.
FØRDE: I fjor blei VM i vektløfting halde i Førde i Noreg. Ragnar Holme var ein av deltakarane.
Foto: NRK / NRK– Altfor tynt
Grimseth sit også som visepresident i det europeiske forbundet. Han fortel at han har vore svært undrande til kva som har blitt tenkt av medlemmene som har vore med å stemme dette gjennom.
Årets VM i vektløfting starta denne veka i Ningbo i Kina. Natt til måndag norsk tid heldt IWF ein kongress der Noreg var til stades for å setja spørsmålsteikn ved VM-tildelinga til Russland.
– Noreg, med Hilde Næss som representanten vår der, tok opp konkret kva som låg bak avgjerda om å tildele ein verdsmeisterskap til Russland, og bad om svar på det.
Svaret frå styret skal ha komme frå visepresident i IWF Ursula Papandrea.
– Men det var ikkje eit veldig godt svar, så vi kjem til å følge opp det.
– Kva svar var det dei gav?
– Det mest konkrete var at det var éin søkar, og at dei ikkje hadde fleire land å velje i. Det er jo altfor tynt, sjølvsagt.
NRK har kontakta Det internasjonale vektløftarforbundet (IWF) for eit tilsvar på kritikken, men forbundet har i skrivande stund ikkje svart på våre spørsmål.
KINA: Denne veka startar årets VM i vektløfting i Kina i Ningbo.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKIOC sine retningslinjer
Formelt har IWF ikkje brote nokon gjeldande retningslinjer.
Berre dagar etter Russland invaderte Ukraina i 2022 rådde IOC alle særforbund frå å leggje meisterskap til Russland. Noregs representant i IOC, Kristin Kloster, opplyser at denne tilrådinga ikkje lenger gjeld.
Kristin Kloster har sete som medlem i IOC sidan 2017. Ho skal sitja som IOC-medlem ut 2031.
Foto: Play the Game– Internasjonale særforbund er sjølvstendige og avgjer sjølve tildeling av dei internasjonale arrangementa sine sjølv. Deriblant bruk av flagg, symbol og nasjonalsong på arrangementa. Frå 7. juli var dei tidlegare tilrådingane frå IOC ikkje lenger gjeldande, skriv Kloster i ei melding til NRK.
Ho peikar på at IOC no berre regulerer sine eigne arrangement.
– I samsvar med vedtaket frå IOC frå 7. juli blir vedtaket frå IOC frå februar 2022 oppretthalde, om at IOC ikkje vil leggje eigne arrangement til Russland eller invitere russiske styresmakter eller offisielle myndigheitspersonar til arrangementa sine, forklarer Kloster.
Dermed står IWF fritt til å tildele VM til Moskva utan at det får konsekvensar frå olympisk hald.
VALT i 2023: Zaineb Al-Samarai har vore idrettspresident sidan 2023.
Foto: Andreas Lekang / NRKStøtte frå idrettspresidenten
Noregs idrettspresident Zaineb Al-Samarai er tydeleg på at Noregs idrettsforbund (NIF) er imot at meisterskapet blir tildelt Russland.
– Norsk idrett har hatt same standpunkt rundt russisk og belarusisk deltaking sidan 2022. Og vi har sjølvsagt det same standpunktet når det gjeld at Russland skal få lov til å arrangere meisterskap. Vi er negative til det, seier Al-Samarai.
Ho bekreftar at det ikkje finst noko formelt vedtak som forbyr deltaking, men særforbunda må vurdere råda frå myndigheitene når det gjeld reise til Russland.
Det norske Utanriksdepartementet (UD) fråradar alle reiser til Russland.
– I utgangspunktet er det jo lenge til 2030, men det vi ser er at myndigheitene våre ikkje anbefaler at ein reiser til Russland. Og det er noko særforbunda våre også må vurdere når dei skal bestemme seg for deltaking eller ikkje.
Publisert 28.10.2026, kl. 20.57
Source: NRK · Emma Fagerheim-Olsen, Oscar Strøm Korsnes
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira