Ei eldre befolkning og færre personar i yrkesaktiv alder gjer at sjukehusa må utnytte ressursane betre. Norge kan komme til å mangle 42.000 årsverk i helsesektoren fram til 2040.
Torsdag la Riksrevisjonen fram rapporten om kor god økonomistyring og effektivitet helseføretaka har.
Der vurderer dei styringa og oppfølginga som ikkje tilfredsstillande, som er den lågaste form for kritikk.
Effektiviten ved sjukehusa har falle og økonomien er pressa. Dei har stor auke i lønskostnader, auke i årsverk og overtid.
I tillegg aukar kapitalkostnadane, fordi det er gjort store investeringar i sjukehusbygg dei siste åra.
– Når lønnskostnadene utgjer ein stadig større del av dei samla kostnadene, så tyder det etter Riksrevisjonen si vurdering, på at investeringane i avgrensa grad har klart å redusere behovet for nye årsverk i tenestene.
Det seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen meiner helseføretaka har eit forbetringspotensial på effektivisering.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBStore forskjellar
Riksrevisjonen ser at det er store forskjellar på kor effektivt helseføretaka driv.
Det er Helse Sør-Øst som har oppnådd dei best økonomiske resultat og skil seg ut med langt tettare oppfølging.
Helseføretaka i Helse Nord og deretter Helse Midt-Norge har lågast kostnadseffektivitet og arbeidseffektivitet.
– Våre analysar tyder på at det er reelt forbetringspotensial på korleis føretaka driv tenestene, seier Schjøtt-Pedersen.
I Helse Midt-Noreg har journalsystemet Helseplattforma mykje av skulda for dei auka kostnadene, medan det i Helse Nord er samansette grunnar.
Ifylgje rapporten har Helse Nord og Helse Midt-Norge nesten i heile perioden 2015–2025 hatt lite realistiske økonomiske langtidsplanar.
Samla sett har sjukehusa gått med overskot i perioden dei har undersøkt, men resultata sprikar.
Rapporten peikar på at den samla gjelda i i føretaka har auka med 151 prosent frå 2017 til 2025.
Har fått meir pengar
Helseføretaka har fått meir pengar frå staten, men samstundes aukar også kostnadene. Blant anna renter på lån.
– Samla sett er den økonomiske bærekrafta i spesialisthelsetenesta under press, seier Schjøtt-Pedersen.
Ifylgje rapporten budsjetterer mange helseforetak med innsparinger uten konkrete nok tiltak for å oppnå dei.
Rikrevisjonen meiner departementet samla sett ikkje har gjort nok for å sikre god økonomistyring.
Innfører «forbetringsråd»
Helseminister Jan Christian Vestre seier at han tar Riksrevisjonen sin rapport på alvor, og er samd i at det må være ei prioritert oppgave å få opp att produktiviteten i sjukehusa.
– Vi fylgjer også utviklinga veldig tett i det enkelte helseføretaket, for å sjå at dei får opp igjen ressursbruken på et godt nivå. Det handler om skattebetalarane sine penger, og at vi må få mest mogleg helse ut av kvar moleg krone, seier Vestre.
Det er sett i gang ei rekke tiltak. Blant anna kjem det eit «forbetringsråd» på alle sjukehus.
Helseminister Jan Christian Vestre seier at dei fylgjer alle helseføretak tett.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBPublisert 26.11.2026, kl. 11.05
Source: NRK · Malin Kjellstadli Korsnes, Annabelle Kårvåg Sørensen, Tord Magnus Håland Dyrkorn, Tore Ellingseter
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira