Den tidlegare landslagstrenaren i langrenn har hive seg på debatten om det «splitta kvinnelandslaget» i den nyaste episoden av Viaplay Vinter Pod.
Førre veke fortalde nemleg Milla Grosberghaugen Andreassen til NRK om problem i det norske landslaget. Ho trekte fram at ho enda opp aleine på ei samling, fordi fleire av dei andre utøvarane heller ville trene med sine private lag.
Det reagerer den tidlegare landslagstrenaren på.
– Det må jo vere sånn at når du då kjem på landslag så skal du vere med på landslagssamling, seier Monsen til NRK.
Han held fram:
– At landslaget samlast på ein samling er heile eventyret med eit landslag. Å byggje prestasjonskultur, det sosiale og alt. Det skal jo vere det gjævaste å ha det norske flagget på brystet, og det skal kome gjennom å tilhøyre eit landslag.
MERITTERT TRENAR: Arild Monsen har vore trenar på det norske herrelandslaget i mange år. I år er han ekspert for Viaplay.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKFleire av dei norske kvinnene er nemleg knytt til privatlag med eigne trenarar. Monsen legg ikkje skjul på at privatlaga har mange dyktige trenarar som gjer ein god jobb med å få utøvarane opp på landslagsnivå.
– Det er ingen problem med ein løpar som gjennom private lag gjer så gode resultat at han eller ho er klar for landslaget. Det kuttar ikkje navlestrengen til ein privat trenar av den grunn.
Likevel meiner han at utøvarane etter kvart bør gi litt meir slepp på trenarane sine.
– Det byrjar jo etter kvart å bli vaksne folk, så ein greier vel å trene nokre dagar utan at det er ein som ligg hakk i hæl, seier Monsen, som i vinter er ekspert for Viaplay.
SIGER: Karoline Grøtting vann den norske sesongopninga førre helg. Ho er open om kor viktig hennar private trenar er for ho.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Det er veldig viktig for meg
Ei av dei som tilhøyrer landslaget, men som også er knytt til eit privatlag er Karoline Grøtting.
I vår fekk ho, Karoline Simpson-Larsen og Astrid Øyre Slind avslag på sine søknader om å få droppe å vere på landslag. Grøtting fekk lov å halde fram med sin private trenar, noko ho meinte var viktig.
– Eg har vore klar på kva eg skal, og har fått lov til det før eg sa ja til landslaget. Så eg føler eg har det på det reine iallfall.
Grøtting, som vann 15 kilometer fristil under den nasjonale langrennsopninga på Beitostølen søndag, meiner tett oppfølging har vore avgjerande for hennar satsing.
– Det betyr jo alt, og det er derfor det har blitt som det har blitt i år. Fordi eg må ha ein trenar som ser meg på kvar intervall og kvar treningsøkt. Då må eg ha ein som bu på Lillehammer, same stad som meg. Det er veldig viktig for meg, seier Grøtting, som valde høgdesamling med sitt private lag framfor landslaget.
Ho trur ikkje alle skjønar kor positivt det er å ha ein trenar, som følgjer ein så tett gjennom kvardagen.
– Eg trur kanskje at viss ein ikkje har hatt det før, så skjønar ein ikkje kor viktig det er. Men eg som er vant til det, eg har hatt det slik i fem år, så trur eg det betyr meir for meg enn dei som ikkje har hatt det slik før.
Ho forstår likevel Milla Grosberghaugen Andreassen.
– Eg skjønar at ho synest det er kjedeleg at det blir sånn. Ein må på ein måte finne ei løysing etter kvart på det.
NY: Milla Grosberghaugen Andreassen er ny på landslaget.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Skal være mogleg å kombinere
Noverande landslagstrenar for kvinnene Sjur Ole Svarstad, meiner det skal vere mogleg å kombinere det å ha ein eigen trenar og vere på landslag.
LANDSLAGSTRENAR: Sjur Ole Svarstad.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Målet er jo å ha eit såpass godt samlingsopplegg at me får følgt godt opp. Og så kan utøvarane reise heim og få nokre dagar utan trenar, eller at du kan trene med kven du vil heime, seier Svarstad.
– Eg meiner jo det skal vere mogleg å kombinere begge delar. Møte opp på samling og også ha stor fridom i kvardagen på heimebane.
– Me må finne ut av det her
Andreassen har fått mange tilbakemeldingar etter at ho fortalde korleis ho opplevde sitt første år på landslaget. Ho fortel mellom anna at lagvenninne Kristin Austgulen Fosnæs tok kontakt.
– Eg snakka litt med Fosnæs om det, og det har vore positivt. Eg har jo berre vore ærleg og det er ikkje noko dårleg stemning i gruppa, fortel ho.
Fosnæs var ikkje til stades under samlinga i svenske Idre Fjäll. I staden var ho med forbundet på høgdesamling i Font-Romeu.
Ho fortel at ein kunne velje mellom å trene i høgda eller ikkje. Ho synest likevel det er trist at Andreassen har kjend på splitting i sitt første år på laget.
– Det er kjempedumt og trist at det blei slik. Milla er ny på laget, ho er ung og det at ho er aleine, det er berre ikkje slik det skal vere. Så me må finne ut at det her og gjere det betre neste år, seier Fosnæs.
Meiner ein kan kombinere det
Arild Monsen peikar på at noko av problemet er at landslagstrenarane ikkje kan vere overalt på éin gong.
– Eit år kan det vere mange løparar som bur i Trondheim, og så er det Lillehammer, Tromsø og Oslo. Du kan ikkje flytte trenarane, så den dag-til-dag-oppfølginga er ikkje noko du kan greie å leve inn under i landslagsmodellen, seier han.
Han fortel at Andreassen si oppleving vil vere ein del av evalueringa og planlegginga inn mot ein ny sesong.
Publisert 27.11.2026, kl. 05.08
Source: NRK · Åsne Margrete Kleiv, Henrik Myhr Nielsen, Edvin Strømme, Magnus Hopland Ødegård
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira