Ifølge generalsekretær i Raud Ungdom, Zelda Hasle Borgersrud Øgrim, har sentralstyret i Raudt foreslått å halvere den årlege støtta til ungdomspartiet.

– På landsstyremøtet skal budsjett for 2027 opp, og då har sentralstyret i Raudt vedtatt ei innstilling til landsstyremøtet på at pengestøtta skal kuttest frå to til éin million kroner i 2027, seier ho.

Ho fortel at dette er ein femtedel av det totale budsjettet til RU, og at eit vedtak vil få store konsekvensar.

– Det vil ha mykje å seie for oss, særleg i eit valkampår, seier Øgrim.

Økonomiansvarleg i Raudt, Trine Skaug Martinsen, stadfestar innstillinga.

– Sentralstyret innstilte på at Raud Ungdom i 2027 skal få éin million kronar. Dei har vore vant til å få meir, så vi forstår at det kjem reaksjonar. Samtidig har RU over tid bygd opp ein betydeleg eigenkapital, seier ho.

Ho forklarar vidare at Raudt er i sterk vekst og trenger fleire ressursar i eit år der dei skal stille rekordmange lister og mange nye medlemmar.

– Etter ei heilskapsvurdering meiner vi at midlane blir best brukt slik, avsluttar Martinsen.

Forslaget skal opp på landsstyremøte i byrjinga av november,

Source: NRK

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira