– No kjenner eg at det er meir eit tidsspørsmål om når og ikkje om eg blir god.

Sjølvtilliten til Einar Hedegart er tilbake når dei norske skiskyttarane er på plass på Geilo for sesongopninga kommande helg.

Eit halvt år etter at han bestemte seg for å børste støvet av geværet og satse på skiskyting igjen, står han framfor sin første verkelege elddåp.

Utfallet på standplass i helga kan avgjere kva idrett han kan ende opp med å konkurrere i den kommande vinteren.

– Så lenge eg får gå mange skiskyttarløp, så synest eg denne sesongen har vore vellykka.

NØKKELEN: Einar Hedegart brukt dei siste månadene på å knekke koden på standplass før vintersesongen er i gang.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Men kor mange renn han kjem til å gå med våpen på ryggen, er framleis uklart.

Hedegart har uansett førebudd seg på dei moglege utfalla.

Plan A, B og C

Som langrennsløpar vann Hedegart den prestisjetunge femmila i Holmenkollen i mars, men 25-åringen er klar på at skiskyting er hovudprioriteten:

Plan A og draumescenarioet er å kvalifisere til IBU-cup før han får gå verdscup seinare i sesongen.

SKJEBNEHELG: Seks månader etter at Einar Hedegart (til venstre) bestemte seg for å ta opp att skiskyttarsatsinga, skal han tukte seg mot Noregs fremste skiskyttar på snø.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Plan B er å gå IBU-cup heile sesongen, mens alternativ C er å gå sesongopninga til langrennssirkuset på Beitostølen neste helg.

– Scenario C er at eg ikkje kvalifiserer. Då trur eg at eg bookar ein Airbnb på Beitostølen så snakkast vi der neste helg.

– Kva slags plan er ski-VM i Falun her? Kva bokstav er vi på då?

– Det er C. Vi treng ikkje å gå lenger ned på alfabetet enn det.

  • Sesongopninga for skiskyttarane på Geilo kan du sjå på NRK i helga. Med sendestart laurdag klokka 11:15.

Hvem er i form knappe to uker før verdenscupåpningen i Finland?

– Heiar veldig på Einar

For å unngå å måtte ha eit opphald på Beitostølen saman med langrennsløparane, må Hedegart levere varene i helga.

Han kan uansett ikkje gå rett til verdscup på grunn av manglande kvalifiseringspoeng. Dermed må han uansett via nivået under for å gå i den gjævaste turneringa.

Plassane til IBU-cup blir fordelte basert på prestasjonane i sesongopninga, men to av dei seks plassane er allereie delt ut til to løparar som presterte i fjor.

Tidlegare skiskyttar og noverande NRK-ekspert, Alexander Os, presiserer at det er trongt om plassane.

HAR TRUA: NRK-ekspert Alexander Os trur Hedegart knekker koden til slutt, og håpar å sjå han i verdscupen allereie i løpet av sesongen.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

– Han bør vere blant dei beste som ikkje er eliteløparar.

Og eliteløparane følger spent med på kva Hedegart kan få til i Geilo:

– No har han blitt heilhjarta skiskyttar, så eg håpar for hans del at han får det til. Vi ønsker jo at ein sånn fyr blir med vidare, for han er morosam å ha med, seier Sturla Holm Lægreid.

– Eg heiar veldig på Einar. Eg håpar først og fremst han finn roa på skytebanen. Eg aner ikkje om han har trena nok eller stått nok i stilling i år, men eg håpar han kjem til å bli ei skiskyttarstjerne, er dommen frå Vetle Sjåstad Christiansen.

FØLGER SPENTE MED: Vetle Sjåstad Christiansen heiar på ei god helg for Einar Hedegart.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Trongt nålauge

– Er han på pallen, er sjansen sjølvsagd veldig stor for at han er med på IBU-cup, men det betyr ikkje at han ikkje er med om han ikkje er heilt der oppe, vurderer Os.

Oppskrifta for å klare det er i teorien enkel.

– Det handlar om å gå det løpet eg ønsker i løypa, som eg veit eg kan. Så handlar det om å halde roa på standplass, seier Hedegart.

I praksis er det likevel litt vanskelegare.

Vil ikkje bli eit «eittløpsfantom»

Det er nettopp opphaldet på standplass som har skapt mest hovudbry for 25-åringen.

Der andre tel sauer på sengekanten for å få sove, bruker Hedegart tida før han sovnar på å gå gjennom skyteseriar i hovudet.

Tidlegare konkurransar i sommar og haust har nemleg avslørt ein tydeleg forskjell på kva han får til på trening, og kva han presterer med startnummer på brystet. Fleire gonger har han slakta eigen prestasjon rett i etterkant.

– Det har gått betre enn det ser ut som i media, men at det er kjedeleg å ikkje få ut litt av det du har trena på, det er openbert. Det gjer jo at eg er litt ekstra nervøs inn mot denne konkurransen.

Dei siste månadene har Hedegart brukt på å bli ein meir stabil skyttar, og han meiner sjølv at han har lykkast med å heve botnnivået.

– Det er eigentleg det som er veldig viktig for min del, å levere gode skiskyttarløp fleire enn berre éin gong. Ikkje bli eit «eittløpsfantom».

MENTAL JOBB: Hedegart fortel at han ser for seg skytinga før han sovnar om kvelden, men innrømmer at det er umogleg å attskape konkurransenervane på trening.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Samtidig kjenner han på ein stadig aukande tryggleik.

– Det er ei ganske god kjensle, så får vi sjå når det skjer, men eg er ganske overtydd om at det kjem til å bli veldig bra ein eller annan gong innan ikkje altfor lang tid.

Der får han støtte frå ekspert Os.

– Han får det til, til slutt, det er eg heilt sikker på. Det er berre snakk om kor lang tid han må bruke på det.

– Eg håpar jo at vi ser Einar i verdscupen i løpet av sesongen. Kanskje på slutten av sesongen, avsluttar Os.

Publisert 14.11.2026, kl. 10.02

Source: NRK · Ingvild Marie Svardal, Hanne Skjellum, Anders Boine Verstad

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira