Russefestar på haust- og vinterstid er populære blant mange ungdommar, og det er ikkje berre 18-åringar som dukkar opp.

No vil politiet på Søre Sunnmøre luke ut 15-, 16- og 17-åringane som blir inviterte.

Nyleg sende dei ut eit skriv der dei krev at russen søkjer om skjenkeløyve – og melder frå inntil fire veker før.

I praksis vil det sette ein stoppar for russefestar med ungdommar under 18 år.

Russen i Volda er skuffa over innstramminga på kort varsel.

– Ja, mange syns det er veldig dumt, seier russepresident Frida Slotterøy Mohajerin.

Mohajerin seier det er tradisjon for å invitere til «sleppfestar» kvar helg frå sommaren til jul.

Privat

Politiet har rykt ut til fleire festar

Berre dei siste vekene har det vore politiutrykningar til «sleppfestar» fleire stader i landet.

Politistasjonssjef Oddbjørn Myklebust seier dei vil ha vekk ungdommar på 15, 16 og 17 år frå russefestane. Han seier det har vist seg å vere vanskeleg for russen å arrangere rusfrie festar, og kontrollere at dei under 18 år ikkje drikk alkohol.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Politistasjonssjef Oddbjørn Myklebust i Volda seier det har blitt stadig større og fleire festar.

– Vi har sett over år at dette er eit konsept som utartar stadig meir og då må vi etter kvart sette tydelegare rammer, seier Myklebust.

Han seier dei er bekymra for mindreårige som ikkje klarer å ta vare på seg sjølv, og som opplever fyll, vald og seksuelle overgrep.

Politiet seier det ofte samlar seg fulle mindreårige i sentrum av Volda når det er russefestar i området.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Skjønar at politiet har stramma inn

Russen på Sunnmøre er ikkje unik.

Over heile landet har russ i årevis arrangert festar for yngre ungdommar, for å tene pengar til si eiga russefeiring.

Dette har gjerne skjedd i meir og mindre kontrollerte former.

Russetida er viktig for mange ungdommar.

Frederik Ringnes / NRK

Russepresident Frida Slotterøy Mohajerin (18) stadfestar at det har vore mykje fyll blant mindreårige.

– Det har jo gått litt over styr, og det er difor vi skjønar at politiet strammar inn, men vi tenkjer at det kunne vore gjort på ein litt annan måte, seier ho.

Russepresidenten seier dei taper billettinntekter, men at det er verre at yngre ungdommar ikkje kan vere med på fest. Ho meiner dei har få fritidstilbod.

Er det rett av politiet å stramme inn overfor russen?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Mindre støy og uro

I Farsund på Sørlandet blei russefestar med mindreårige eit så stort problem at saka hamna på bordet til politikarane.

I fjor vedtok kommunestyret 18-årsgrense på alle russefestar der det blei søkt om skjenkeløyve.

Her i sørlandsbyen Farsund har politikarane innført 18-årsgrense på russefestar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Ordførar Ingrid Merethe Williamsen (Frp) seier det har vore ein suksess.

– Det er mindre støy og uro blant foreldre til mindreårige, og det er rolegare. Ungdommen skal få ha det gøy, men som ansvarlege politikarar kan vi ikkje vere med på at det blir skjenka til mindreårige, seier ho.

Ordførar Ingrid Merethe Williamsen (Frp) i Farsund meiner det er ei plikt å gripe inn mot russefestar der yngre ungdommar deltek.

Foto: Farsund kommune

Meiner dei misser viktig møteplass

Russepresidenten i Volda seier russefestane har ein viktig sosial funksjon på bygdene, og der det kan vere inntil tre festar kvar helg.

Invitasjonen har gjerne gått til 10.-klassingar på ungdomsskulen, og 1. og 2. klasse på vidaregåande frå store deler av Sunnmøre.

No blir det stillare.

– Vi har sett på dette som ein sjanse til å møte nye folk og få nye venner, spesielt når vi er nye på vidaregåande, så er det ein bra plass å sosiale seg. Det blir veldig dumt når vi misser det, seier Frida Slotterøy Mohajerin.

Avgangselevane i Volda er i full gang med russefeiring. Den starta allereie ved skulestart.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 19.11.2026, kl. 15.28

Source: NRK · Synnøve Hole, Frederik Winness Ringnes

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira