Ein mann i 50-åra som er busett i Rogaland er tiltalt for å ha motteke, gitt vekk, selt eller annonsert fugleegg frå viltartar. Til saman kjøpte og/eller mottok mannen minst 1461 freda fugleegg frå ville artar.

Blant fugleegga var det 151 ulike artar.

Politiet fann fleire tusen egg hos mannen.

Foto: Politiet

Mannen er også tiltalt for å ha oppbevart 339 kull med egg frå 98 ulike freda fugleartar, utan løyve.

– For politiet er dette ei alvorleg sak når det gjeld miljøvern. Heldigvis er det ikkje vanleg at vi har slike saker til behandling, seier politiadvokat Øyvind Bore ved Sør-Vest politidistrikt.

Del av fleire saker

Sjølv om tilfellet er spesielt og politiet ikkje ofte har slike saker, ser politiet ei samanheng mellom denne saka, og tidlegare tilfelle.

– Dette er ei av fleire saker som vart avdekka rundt årsskiftet 2023–2024. I Trøndelag vart det avdekka ei stor samling, og så fekk vi informasjon om at det var grunn til mistanke i vårt distrikt, seier Bore

Eggstremt stort beslag

Ut frå mistanken bestemte politiet seg for å gjere ransaking. Då fann dei ei samling på nesten 7400 fugleegg.

Foreløpig er det tatt ut tiltale for rundt 1500 av egga.

– Vi gjorde ransaking og tok eit stort beslag. Det er jo nokon som er interesserte og tok godt vare på samlinga, som vart oppbevart på ein trygg måte og no handterer politiet dei forsiktig vidare.

– Vårt inntrykk er at det er interessentar for fuglar som vil bygge opp ei samling og synest det er interessant, forklarar Bore.

Øyvind Bore

Politiadvokat, Sør-Vest politidistrikt

Foto: Politiet

Forsvarer Espen Egil Breivik ønska ikkje å kommentere saka då NRK ringde.

– Dette er ein såpass omfattande sak, så eg må snakka med klienten min først, seier han.

Birdlife Noreg: – Gjer noko anna med tida

Generalsekretær Kjetil Aadne Solbakken i Birdlife Noreg er ikkje ukjend med tematikken.

– Det har vore nokre større saker dei siste åra som har hatt avleggarar til heile landet. Ulovleg eggsal har vore og er sikkert framleis eit stort problem, seier han.

Kjetil Aadne Solbakken

Generalsekretær, Birdlife Norge

Foto: Werner Winlund / NRK

Solbakken har lite til overs for dei som samlar på egg:

– Eg håpar alle som driv med dette avsluttar med ein gong og gjer noko anna med tida si. Det skadar naturen, og eit fugleegg er eit fugleliv som ikkje får klekke.

Han håpar hobbyen avviklast totalt, og minner om at det er ulovleg.

– No er det nesten heilt ulovleg å samla fugleegg. Så nesten kva som helst egg du plukkar vil vere freda.

Publisert 09.11.2026, kl. 13.25

Source: NRK · Fride Audunsdotter Westvik, Simon Elias Vik Bogen

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira