– Folk får veldig alvorlege diagnosar slungne rett i fjeset over telefon. Det er hjarterått, og det er ei uverdig behandling av folk, seier Mona Larsen.
Ho er leiar for brukarutvalet ved Sjukehuset Østfold og har fått fleire varsel om slike episodar.
Leiar av brukarutvalet ved Sjukehuset Østfold, Mona Larsen
Foto: Birger Kjølberg / NRKLarsen fortel mellom anna om ein pasient som fekk beskjed om ein dødeleg sjukdom på telefon, heilt utan oppfølging. Saka er meld inn i sjukehuset sitt eige klagesystem.
– Det bør ligge i ryggmergen til helsepersonell at alvorlege diagnosar seier ein når pasienten er til stades. Du risikerer jo at folk går heilt i kjellaren. Det har ein ikkje kontroll på når ein berre tar ein telefon, seier ho.
Fryktar tidspress har skulda
Larsen understrekar at det finst gode rutinar på fleire område, som ved mange kreftdiagnosar, der pasienten blir kalla inn når prøvesvara er klare.
Men fordi det har gloppe fleire gonger, meiner ho dette handlar om meir enn enkelthendingar.
Brukarutvalet meiner det er ein systemfeil ved Sjukehuset Østfold, men dette avviser leiinga.
Foto: Bjørn Ruud– Vi ser at det er ein systemfeil. Folk er folk, men eg synest det er utilgiveleg, seier ho.
Brukarutvalet fryktar at presset i helsevesenet har skulda.
– Det vi er redd for, er at dette handlar om innstrammingar. At folk spring fortare og tar det når dei har ein liten pause, seier Larsen.
Sjukehuset beklagar
– Dette er berre å beklage. Dette er jo informasjon vi skal gi ansikt til ansikt til ein pasient og pårørande.
Det seier fagdirektør og kreftlege ved Sjukehuset Østfold, Andreas Stensvold.
Fagdirektør Andreas Stensvold er glad for at temaet blir løfta.
Foto: Even Bjøringsøy JohnsenHan har stor forståing for at pasientar reagerer negativt på å få slike beskjedar over telefon.
Både rutinane og yrkesetikken tilseier at beskjedar om alvorleg og potensielt dødeleg sjukdom skal givast ansikt til ansikt, fortel han.
Som kreftlege har Stensvold sjølv hatt mange tunge samtalar.
Han meiner legane har tid nok til å møte pasientane i eit fysisk møte. Samtidig innrømmer han at ein travel kvardag kan gjere det vanskeleg.
Korridorpasientar og fulle sjukehus gir nok ikkje mindre stress ...
Foto: Eli Halvorsen / NRKMen at det botnar i ein systemfeil, er han ikkje einig i.
– Av og til gjer ein vurderingar som i etterkant ikkje var like heldige. Men vi klarer ikkje å sjå at det er ein systemfeil hos oss, seier Stensvold.
Han fortel at sjukehuset bruker mykje energi på intern opplæring og rollespel for å trene tilsette i «den vanskelege samtalen».
– Rullegardina går ned
Hanne Cathrine Lie er professor ved Avdeling for åtferdsmedisin ved Universitetet i Oslo.
Ho forskar på kommunikasjon mellom helsepersonell og pasientar, og er ikkje overraska over varsla frå Østfold.
Hanne Cathrine Lie, professor ved Avdeling for åtferdsmedisin ved Universitetet i Oslo
Foto: Hilde Liudalen, Universitetet i Oslo / Universitetet i Oslo– Det er absolutt ikkje sånn det skal vere, og det høyrer ikkje heime i noko helsevesen. Men dette er ikkje første gong eg høyrer om det, seier Lie.
Ho forklarer at pasientar som får ein alvorleg diagnose, blir kasta rett inn i ei krise.
– Dei fleste eg pratar med, seier at med ein gong du høyrer ordet kreft, spreiing eller at behandlinga ikkje verkar, så går rullegardina ned. Du får ikkje med deg noko meir av det som blir sagt. Da er det godt å vere i eit rom med andre menneske som kan ta vare på deg og hjelpe deg med ein plan vidare – ikkje få beskjeden kort over telefon, seier ho.
Ifølge professoren kan ei slik oppleving skade tilliten og øydelegge forholdet mellom lege og pasient.
Trur det er store mørketal
Lie trur det er store mørketal rundt kor ofte dette skjer ved norske sjukehus. Mange pasientar orkar rett og slett ikkje å klage når dei står i ein alvorleg sjukdom.
Professoren trur det er store mørketal ved norske sjukehus når det gjeld alvorlege beskjedar gitt over telefon.
Foto: NRK– Det er heller ikkje lett å klage direkte til den som skal behandle deg for ein livstruande sjukdom. Det ligg eit maktforhold der som gjer at mange ikkje tør å seie frå. Derfor gjer brukarutvalet ein kjempeviktig jobb som talerøyr for pasientane, seier ho.
Sjølv om ho meiner praksisen er uakseptabel, vil ho ikkje berre peike på enkeltlegar.
– Eg tenker at dette er eit symptom på at helsepersonell er under ekstremt press.
Ho trur det fort kan gleppe når vaktene er ekstra travle.
– Vi skal ikkje berre legge skulda på legane. Leiinga og systema må legge til rette for at dei har tid og rom til å gi desse beskjedane på ein god måte, seier Lie.
Publisert 24.11.2026, kl. 23.21
Source: NRK · Heidi Gomnæs, Elina Louise Karlsen Storheil
At a glance
- Topic
- World
- Country
- 🇳🇴 NO
- Publisher language
- NO
- Added to Allnira