– Førre veke sa ein kunde til meg: Eg har eitt spørsmål før eg sett meg ned i stolen din. Sel de KI-briller?

– Då sa eg nei, og at det er eit bevisst val. Då var svaret: Okay, då kan eg vere kunde her.

Optikar Thor Magne Seland tok tidleg eit val. I butikken sin i Sandnes skulle han ikkje ta inn KI-briller.

Fordi han driv si eiga bedrift, har han anledning til å velje sjølv kva han vil ta inn i butikken.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

– Eg har hatt den diskusjonen med mange kollegaer rundt omkring. Nokon er veldig tydelege på at vi synest dette er på grensa med tanke ansvaret vårt ut frå vår yrkesstatus.

– Vi er jo offentleg godkjent helsepersonell, og leverer eit medisinsk utstyr, held han fram.

Optikaren presiser at det finst legitime bruksområde for KI-brillene, til dømes for blinde og svaksynte.

– Utfordringa i dag er at dei fleste som har kjøpt dette, ikkje har den typen bruk som hovudfunksjon, seier han.

I oktober bad Forbrukarrådet optikarkjedene om å stanse salet av KI-briller. KI-briller legg opp til et overvakingssamfunn, var blant grunngjevingane.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Regjeringa vil innføre eit forbod mot dei omstridde brillene og anna kroppsnær teknologi med opptaksfunksjon.

– I tillegg skal vi sette ned ei ekspertgruppe som skal gi råd om korleis vi best kan ha ei varig regulering av KI-briller og liknande teknologi, seier statssekretær Ola Helmich Borchgrevink Pedersen i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

– Dette er komplisert arbeid, som mellom anna også må vurderast opp mot regelverket i EØS-avtalen. Derfor tar det også noko tid, held han fram.

I påvente av eit nasjonalt regelverk, har kommunar og verksemder sett det nødvendig å innføre eigne restriksjonar.

Spørsmål og svar om Meta-briller

  • Kven er kritikarane?

    Forbrukarrådet og Datatilsynet er blant fleire som har vore kritiske til smartbrillene.

    Dei er spesielt kritiske til at ansiktsgjenkjenning kan verta ein funksjon i brillene.

  • Kvifor er dei så skeptiske til ansiktsgjenkjenning?

    Meta understrekar at ansiktsgjenkjenning ikkje er ein funksjon i brillene no.

    Men amerikanske medium avslørte tidlegare i år at Meta har jobba med ein slik funksjon.

    Eit av alternativa dei skal ha vurdert, er å kjenna igjen ansikt ved å henta bilete frå alle som har offentleg profil på ein Meta-plattform (som Facebook eller Instagram).

    Viss dei gjer det, vil ansiktsgjenkjenninga til Meta vera svært kraftig – truleg kraftigare enn andre løysingar som finst i dag.

  • Kva med dei andre funksjonane?

    Smartbrillene til Meta kan òg både filma og ta bilete, mellom anna.

    Eit ljos på brillene skal visa viss ein filmar, men fleire er bekymra for auka snikfilming i det offentlege rom.

    Kritikarar peikar òg på at det ikkje er vanskeleg å slå av ljoset som viser at brillene filmar.

  • Kan brillene brukast til noko bra?

    Ja. Blindeforbundet, til dømes, meiner at smartbriller kan vera svært nyttige for blinde og svaksynte.

– Føler det er ei klar oppmoding

DNB og Hafslund er blant verksemdene som har varsla eigne restriksjonar i påvente av arbeidet til regjeringa.

Det har også ei rekke norske kommunar.

– Vi føler det er ei klar oppmoding om å sette restriksjonar, seier kommunedirektøren i Bjerkreim i Rogaland, Ørjan Daltveit.

Ørjan Daltveit

Kommunedirektør i Bjerkreim

Og kommunen er ikkje aleine.

Oslo, Bergen, Trondheim, Bærum, Fredrikstad, Sandnes, Tvedestrand, Øygarden, Sola, Halden, Øystre Slidre, Moss, Drammen, Indre Østfold, Nordre Follo, Bodø og Øksnes er blant kommunane som har innført eller varsla eigne reglar for bruk av KI-briller og anna kroppsnær teknologi med opptaksfunksjon.

– Kroppsnær teknologi som KI-briller kan gjere lyd-, bilde- og videoopptak på ein måte som ikkje nødvendigvis er tydeleg for menneska rundt.

Det seier Robin S. Lillejord, som er leder for fellestenester i nordlandskommunen Øksnes i Vesterålen.

– Derfor har vi valt ein føre-var-tilnærming i kommunens lokale og tenester, seier han vidare.

Datatilsynet bad om å stoppe salet

Sidan dei kom på marknaden har KI-brillene vekka reaksjonar.

Allereie i sommar bad Datatilsynet Stortinget om å vurdere ein stans.

– Hovudproblemet er at teknologien kan normalisere ei form for skjult overvaking, seier direktør i datatilsynet, Line Coll.

– Særleg KI-briller legg til rette for ei omfattande og nærmast usynleg datainnsamling, held ho fram.

Line Coll

direktør, Datatilsynet

– Har kommunane lov til å nekte privatpersonar å bere slike briller i offentlege kommunale rom?

– Eigedomsretten vil til dømes gi eit visst handlingsrom for denne typen lokale reguleringar, også for besøkande og tenestebrukarar, seier Coll i Datatilsynet.

– Eit tydeleg nasjonalt regelverk vil også gjere både rammene for regulering og handhevinga klarere og enklare, framfor at kvar enkelt kommune eller for den saks skuld verksemd må handtere dette sjølv, held ho fram.

Ventar på eit nasjonalt lovverk

Datatilsynet har forståing for at arbeidet til regjeringa tar tid, og er positive til at dei har tatt tak i problemstillinga.

– Samtidig er det viktig å reagere medan vi framleis har moglegheit til å vere i forkant, før teknologien blir så utbreidd at det blir vanskelegare å gripe inn, seier ho vidare.

Mark Zuckerberg i Meta presenterer den nye serien med smarte briller under arrangementet i California i september i fjor.

Foto: Reuters

I Sandnes ventar optikaren også på eit nasjonalt lovverk.

– Eg er opptatt av at vi må lage eit systemregelverk, der må ein prøve å tenke litt fram i tid. Nå ligg ein jo bakpå, og då skjønner eg at kommunar har blitt utolmodige, seier Seland.

– Enn så lenge, når ein ikkje har eit felles nasjonalt regelverk, så er det den einaste vegen å gå, held han fram.

Publisert 06.11.2026, kl. 05.14

Source: NRK · Berit Helle Jonsbråten, Einar Espeland

At a glance

Topic
World
Country
🇳🇴 NO
Publisher language
NO
Added to Allnira